Nasjonal avis: Bergen kan bli filial etter forhandling

Publisert:10. september 2018Oppdatert:10. september 2018, 10:27
Tore Tungodden, ass. universitetsdirektør ved UiB, skal forhandle med OsloMet om vilkåra for medeigarskap i Khrono. Foto: Njord V. Svendsen

UiB vil ha redaksjonelt tyngdepunkt i Bergen. Men så lenge redaktøren sit i Oslo, blir Bergen underordna.

Det slår presseekspert og generalsekretær i Norsk redaktørforening, Arne Jensen, fast.

– Den ansvarlege redaktøren bestemmer, kort og godt, seier Jensen til På Høyden.

Universitetet i Bergen (UiB) har endeleg sagt ja, takk til tilbodet frå Oslo Metropolitan University (OsloMet) om å bli medeigar i Khrono, dersom ein blir einige. Forhandlingane starar med eit «avklaringsmøte» ved OsloMet måndag. I krava som UiB stiller med som utgangspunkt for forhandlingane med OsloMet heiter det blant anna at medeigarskapet skal sikre eit «redaksjonelt perspektiv utenfor hovedstaden og med et tyngdepunkt i Bergen».

Vidare heiter det at redaktøren enten skal vere tilsett ved osloredaksjonen eller bergensredaksjonen. Og den byen som ikkje skal ha redaktør, må få styreleiar, slik UiB har teikna opp posisjonen sin.

– Redaktør og styreleiar er likestilte omsyn frå vår side, vi vekter ikkje desse, seier assisterande universitetsdirektør ved UiB, Tore Tungodden. Det er han, saman med På Høydens styreleiar, Jan Heiret, som skal delta i forhandlingane frå UiBs side.

I kva grad styreleiar i Bergen sikrar «redaksjonelt tyngdepunkt» er meir uklart. På spørsmål om det er realistisk at ansvarleg redaktør for Khrono hamnar i Bergen, svarar Tungodden dette:

– Over tid er det fullt realistisk.

– Fordeler sentralt

– Det er vanskeleg å sjå for seg to redaksjonar under same fane. Men det er naturlegvis fullt realistisk å opprette lokalredaksjonar, og det kan styret bestemme at det skal vere. Men desse redaksjonane må vere underlagt den ansvarlege redaktøren. Styret og styreleiaren for publikasjonen kan vedta rammeverket. Men utover dette bestemmer ansvarleg redaktør og fordeler oppgåver og ressursar sentralt, forklarer Jensen i Redaktørforeningen.

Per i dag har Khrono berre redaksjon ved OsloMet, der også ansvarleg redaktør sit.

Styreleiaren i Khrono per i dag, Anne Lise Fimreite, er tilsett ved UiB.

Planen er å kople på tre redaksjonelle medarbeidarar på det nasjonale avisprosjektet, betalt av UiB og med base i Bergen. Teoretisk, om ein skal følgje UiBs «arbeidsteikningar», kan redaktøren hamne i Bergen – og styreleiar i Oslo.

Håper på avtale i haust

Tungodden ved UiB seier han ikkje er glad i uttrykket lokalredaksjon.

– Lokalkontor eller filial er lite treffande for den modellen vi ser for oss. Ein kan sjå for seg at ein bergensredaksjon, på same måte som ein osloredaksjon, like godt kan dekke det som skjer i Tromsø eller andre stader, som det som skjer i Bergen. Meininga er å drive nasjonal journalistikk frå Bergen, seier Tungodden.

OsloMets forhandlingsleiar, direktør for organisasjon og virksomhetsstyring, Tore Hansen, seier at møtet måndag skal avklare praktiske spørsmål.

– Eg håper vi kjem eit godt stykke på veg, slik at vi kan få fram ein avtale som dei ulike aktørane kan ta stilling til no i haust, seier Hansen.

På møtet stiller, i tillegg til UiB og OsloMet, representantar frå Universitetet i Tromsø, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskulen på Vestlandet. Alle har tidlegare flagga interesse for å kunne bli med.

UiB har på side ønskt ei «inviterande haldning» med tanke på fleire eigarar til Khrono. Dette kan i så fall også endre på dei planlagde eigarpostane fordelt 50/50 mellom UiB og OsloMet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed