– Målet mitt er å destruere kjønnsforskinga

Publisert:10. september 2018Oppdatert:10. september 2018, 14:49
- Kjønnsforskarane undersøker ikkje om hypotesane deira faktisk stemmer, seier Kristian Eik. Foto: Njord V. Svendsen

Eks-student Kristian Eik er i tvil om han skal saksøke Universitetet i Bergen. Men målet er klart – å få det «postmoderne propagandafaget» til å legge ned.

– Faget har ikkje gitt meg noko anna enn propanganda, seier tidlegare student ved Universitetet i Bergen (UiB), Kristian Eik, til På Høyden.

I fjor studerte han faget «Kjønn, seksualitet, mangfold» ved Det humanistiske fakultet. I februar i år sende han krav både til UiB og Lånekassen: «Jeg erklærer herved krav om at lån og ikke bestått eksamen ved dette semesteret annuleres». Bakgrunnen for kravet mot UiB er at han meiner kjønnsstudiar ikkje tilfredsstiller grunnleggande vitskapelege krav og dermed ikkje bør vere ein del av akademia.

– Faget bygger på hypotesar som ikkje kan verifiserast, men som blir presentert som absolutte sanningar. Dette kan ikkje kallast for vitskap, og det der jo ikkje slik universitetet skal fungere. NOKUT bør kvalitetssjekke dette faget betre, seier Eik.

UiB har avvist kravet frå Eik.

No melder han universitetet til politiet for brot på universitets- og høyskoleloven.

– Meir støtte på Realfagbygget

– Dei kunne unngått søksmål om dei tok dette litt meir seriøst, seier Eik.

Så langt har han fått inn ca. 20 000 kroner frå 80 givarar gjennom ei privat innsamling, men innser at han vil trenge langt meir. Derfor vurderer han å køyre saka utan advokat.

I første omgang vil han melde universitetet til politiet.

– Målet er å destruere kjønnsforskinga. Dei har ei postmodernistisk tilnærming til vitskap. Det er eit ideologisk, politisk motivert og ikkje vitskapeleg fag.

– Er du også kritisk til andre HF-fag?

– Eg har studert filosofi, eg fekk ikkje noko ut av det heller. Eg har aldri møtt folk som er dårlegare til å diskutere enn eg har gjort på filosofi. Det er eit skarpt skilje på universitetet, og eg får nok langt meir støtte på Realfagbygget enn på HF.

– Høyrer ikkje heime i retten

Dekan ved Det Matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved UiB, Helge K. Dahle, vil ikkje verken stadfeste eller avkrefte denne påstanden.

– Eg synest dette blir tøvete, seier han. Diskusjonen ønsker han likevel velkommen.

– Men den høyrer ikkje heime i ein rettssal. Ein fagleg diskusjon er bra, og at det finst folk på mitt fakultet som meiner postmodernismen ligg fjernt frå realfaga, er ikkje så oppsiktsvekkande. Som dekan har eg ikkje noko meining om dette, seier Dahle.

Leiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Christine M. Jacobsen, ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg ønskjer prinsipielt ikkje å gå inn i ein polemikk med ein tidlegare student, seier Jacobsen, og viser til HF-dekanen. 

Dekan ved HF-fakultetet, Jørgen Sejersted, seier han alltid vil ønskje inititativ til faglege diskusjonar velkommen, enten dei kjem frå studentar eller andre. 

– Problematiseringa av vitskapelege metodar pensar inn mot ein større og interessant vitskapsteoretisk diskusjon som angår heile humaniora. Den har vi hatt i to hundre år, og eg tar gjerne to hundre år til. Men å ta denne i rettssystemet, er ei avsporing, seier Sejersted.

I Khrono får Eik medhald frå biologiprofessor ved Universitetet i Oslo, Jan Lifjell, i at kjønnsforskinga er ideologibasert.

– Dei fleste fag har, om enn i ulik grad, element av ideologi, om ikkje i svara, så i spørsmålsstillingane. Både biologar og kjønnsforskarar bør reflektere over den ideologiske og politiske konteksten dei står i. Det skulle berre mangle at eit fag som kjønnsforsking, som er så tett på aktuelle politiske og ideologiske spørsmål, tar opp og problematiserer dette i forelesingane sine, seier Sejersted.

– Er ikkje høgreradikal

Etter at universitetet la bort saka, har Kristian Eik følgd opp med fleire brev, seinast 27. juni. Der gjentar han krava sine og påstandane om «uakademiske og propaganda-tunge studie-tilbod».

Det var Resett som først omtalte Kristian Eiks krav og påstandar.

– Korfor søkte du deg til kjønnsstudiar?

– Eg vurderte sexologi, då eg oppdaga tilbodet om «Kjønn, seksualitet, mangfold» ved UiB. Det hadde vore interessant å lære litt om korleis seksualitet fungerer. Det gjorde eg ikkje.

– Du seier faget er ideologisk og politisk – er du sjølv politisk aktiv?

– Nei, men eg engasjerer meg i debattar. Eg ønskjer å vere ein aktør. Eg er blitt kalla for høgreradikal av folk på HF. Det er eg ikkje. Men eg kunne aldri stemt SV. Eg stemte FrP ved siste val.

«Kvinnegruppen Fistar»

Eik har tidlegare markert seg som anti-feminist. I januar 2017 figurerte han på studentavisa Studvests førsteside som «pornogründer». Eik har hatt fleire selskap registrert i Brønnøysund, blant anna Kari Erotikk. På nettsidene finst blant anna ein satirisk tekst om «Kari Jokkeson», som er «over igjennomsnittet glad i å gi runkejobber» og samarbeidar med «venninner i Kvinnegruppen Fistar». Nettsida søker også jenter til ulike typar pornojobbar. 

Til På Høyden seier han at dette ikkje kommersielt, men politisk og anti-feministisk motivert verksemd. 

– Er du ikkje redd for at dette svekker truverdet ditt og den vitskapsbaserte argumentasjonen din?

– Nei, på ingen måte. Dersom folk mister tillit til meg på grunn av dette, så får det stå for deira rekning. Denne erotikken er noko Noreg treng. Eg vil at kvinner sjølv skal kunne bestemme over eigen kropp.

Eik seier han no vil gå til politiet og deretter vurdere korleis han skal ta saka og krava mot kjønnsforsking og universitetet vidare. 

– Men eg reknar med det går mot søksmål. Eg har fått høyre at eg ikkje forstår vitskap. Det er ein latterleg påstand, seier han.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed