Lønsoppgjer: Her er vinnarane

Publisert:27. september 2018Oppdatert:27. september 2018, 06:00
Assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden vert løna i kategorien assisterande direktør og tidlegare kommunikasjonsdirektør Ingar Myking vert løna i kategorien avdelingsdirektør. Begge kategoriane har hatt ein lønsauke på omlag tjue prosent dei siste fem åra. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm (i midten) si løn vert bestemt av Kunnskapsdepartementet.

Administrativt tilsette i leiande stillingar har hatt størst vekst dei siste åra. Arbeidslivsforskar seier at for mykje av løna vert fordelt lokalt.

– Dersom eg ønskjer ein lønsauke, må eg fremja eit krav til Oslomet, seier Eivind Falkum.

Han er forskar I ved Arbeidsforskningsinstituttet ved Oslomet. Instituttet vart ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus i 2014, og no arbeider altså Falkum ved eit universitet. Her er det store lønsskilnader.

– Eg oppdaga at det var større skilnader internt på eitt og same institutt enn det var der eg kom frå. Me var eit lite AS med om lag 40 tilsette, seier Falkum.

Han meiner det er måten ein forhandlar løn på i universitets- og høgskulesektoren som gjer at ein får skilnader.

– Ein har tydd til lokale oppgjer, som er ein måte å premiera nokre tilsette på. Dette gjer at det vert ganske store gap, det finst grupper av tilsette som ikkje har fått personleg lønstillegg på årevis.

Meir og meir sentralt

– Ja, det stemmer, seier Jørgen Melve.

Han er hovudtillitsvalt for NTL ved UiB, og på delegasjonssamling for fagforeininga når På Høyden ringjer.

– Ordninga med lokale forhandlingar kom i 1991. Då var det ein liten del av potten som vart fordelt lokalt, og dette vart ei belønning til nokre få. Men dei seinare åra, og særleg sidan 2013, har ein stadig større del av potten vorte delt ut lokalt, seier Melve.

– Når fordelinga framleis har vorte gjort etter ein tanke om belønning, fører dette til problem. Dei siste åra har det ein har fått i sentrale tillegg vore så lite at dersom ein ikkje har fått nokre lønstrinn ut over dette, har ein reelt sett gått ned i løn.

– Arbeidsgivar sitt ansvar aukar når ein større del av potten skal fordelast lokalt, seier Randi Heimvik.

Ho er hovudtillitsvalt for Parat.

– Kanskje må ein endra litt på lønspolitikken, og gå vekk frå tanken om at lokale midlar berre skal vera motivasjon og premiering, seier ho.

Meir til førstekonsulentar

I fjor la UiB ekstra pengar i potten slik at dei som tener dårlegast ved UiB vart kollektivt løfta. Det har ikkje arbeidsgivar gjort i år, men det er bestemt gjennom såkalla 2.5.3-forhandlingar, som ikkje er ein del av dei lokale forhandlingane, at førstekonsulentar og ingeniørar med mastergrad ikkje skal ha lågare startløn enn lønstrinn 51. Dette er ein konsekvens av at det sentrale lønsoppgjeret i år heva begynnarløna for desse gruppene. Førsteamanuensar skal ikkje tilsetjast med lågare løn enn lønstrinn 61.

Den statlege lønstabellen finn du her.

I år ligg det 32 millionar kroner i potten som skal delast mellom medlemmene i LO, YS og Unio, og 13 millionar til Akademikerne. Akademikerne har valt å ha all lønsfordeling gjennom lokale oppgjer.

Auke: 35 prosent

Dersom ein ser attende til 2012, er det slett ikkje alle grupper av UiB-tilsette som har fått like stor lønsauke. Tal På Høyden har fått frå UiB-administrasjonen viser at det er nokre grupper som har fått prosentvis stor vekst: Administrasjonssjef, som gjerne er nettopp ein administrasjonssjef ved eit institutt, har hatt ein auke på 20 prosent. Avdelingsdirektør, som anten er fakultetsdirektør eller avdelingsleiar i sentraladministrasjonen, har hatt ein auke på 26 prosent og sjefsingeniørar, som i hovudsak er ingeniørstillingane der dei tilsette har minst bachelorutdanning, har hatt ein auke på 22 prosent. Underdirektørane, som i stor grad er nestkommanderande ved ei eining, har hatt ein lønsauke frå 2012 på heile 35 prosent.

I den andre enden finn ein mellom anna universitetslektorar med knappe seks prosent auke, seniorkonsulentar med knappe 9, førstekonsulent med 9,47 og to forskingsteknikarkategoriar med 9,69 og 13,69 prosent lønsauke mellom 2012 og 2017. Snittløn for ein forskingsteknikar, om ein tek med begge kategoriane, er knappe 380 000 kroner.

– Folk skal kunne leva eit enkelt og godt liv på UiB-løna si. Det skal ikkje vera naudsynt å vera godt gift for å kunne klara seg, seier Randi Heimvik.

– Kva tenkjer du om at dei som har best løn òg har hatt størst lønsauke?

– Leiarane må visa moderasjon slik at lønsgapet ikkje vert større enn det er i dag. Me i fagforeiningane prøver å løfta dei tilsette oppover, men det er ein kjempejobb, seier Heimvik.

Konkurransedyktige

– Lønsdanning er ein komplisert faktor. Den viktigaste delen av lønsutvikling skjer ved tilsetjing i ny stilling, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Dersom du ser på dei som no er direktørar er det ikkje mange som har vore i dei stillingane særleg lenge. Ved nytilsetjing vert løna sett utifrå ein marknad, seier Bernstrøm, og legg til at sjølv om enkelte stillingskategoriar har opplevd ein stor lønsauke, er det ikkje enkeltpersonar åleine som har fått så mykje høgare løn.

– Kva gjer leiinga for å sikra at alle får ein lønsvekst?

– I fjor ga me eit generelt tillegg til alle med lågast løn. I år vert alle førsteamanuensar løfta, og det same skjer med universitetslektorar. UiB har eit medvite forhold til å sikra alle ei rimeleg lønsvekst, og UiB skal til ei kvar tid vera konkurransedyktige når det gjeld løn, seier Bernstrøm.

Han seier at rammene for lokale lønsforhandlingar er gitt i dei sentrale forhandlingane i Staten.

Melve i NTL er ikkje heilt samd med universitetsdirektøren.

– Ja, det er eit element at nytilsette har med seg ei løn og vert løna utifrå det, men det har òg vore slik at til dømes administrasjonssjefar gjerne har fått eit par ekstra lønstrinn i lokale forhandlingar. Eitt lønstrinn oppe i lønsstigen utgjer mange fleire tusen enn eitt lønstrinn lenger nede.

Dei lokale forhandlingane er i gang. Både fagforeiningane og leiinga har levert lister over dei som dei meiner skal ha lønsauke, og møteverksemda vert ganske hyppig fram til midten av november. Då skal resultatet vera klart.

Melve understrekar at han ikkje berre er kritisk til lønspolitikken.

– Ved UiB er det betre enn ved til dømes UiO, det er fleire her hos oss som får tillegg i dei lokale forhandlingane. Det er heller ikkje slik at det berre er leiarar som står på arbeidsgivar sine lister, seier han.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed