Sydde gonade, milt, tarm og testikkel til Arendalsuka

Publisert:14. august 2018Oppdatert:14. august 2018, 06:00
Torsken er kjøpt, men innvollane heimesydde. Frå ventre gonade og testikkel, magesekk med tarm, galleblære og hjarte. Lever er den store bak til høgre. - Storleiken på innvollane er ganske rette, men hjarta er større enn det skal vera. Viss ikkje hadde me ikkje fått til å få ein kvit tupp, seier vit.ass Sofie Söderström.

Ein stipendiat og ein vit.ass brukte ein heil arbeidsdag på å sy torskeinnvollar. Under Arendalsuka skal dei visa korleis fisken vert påverka av miljøgifter.

Siri Øfsthus Goksøyr syr borrelås fast i torsken. Professorfar og prosjektleiar Anders Goksøyr hadde ideen om torsken. Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg har symaskin. Men eg plar ikkje bruka henne!

Sofie Söderstrøm ler. Ho er vitskapeleg assistent knytt til prosjektet dCod ved Institutt for biovitskap, og saman med stipendiat Siri Øfsthus Goksøyr har ho rett og slett sydd torskeinnvollar.

På arbeidspulten ligg lever, galleblære, magesekk og tarm, milt og ein gonade og testikkel. Alt er sydd etter teikning, og Söderstrøm og Goksøyr meiner storleiken er ganske rett – og fargane òg.

Eit heilt dagsverk gjekk med, både til maskinsaum og handsaum. No skal både Söderström, Goksøyr og torsken reisa til Arendalsuka.

Korleis påverkar miljøgiftene?

Det handlar sjølvsagt om noko meir alvorleg: Livet i havet og korleis det vert påverka av miljøgifter. Prosjektet dCod er stort, og handlar i korte trekk om å forstå korleis torsken responderer på miljøgifter og vert påverka av dei.

– Anders hadde sett ein slik fisk på eit museum, og meinte det var ein god idé at me hadde det med til standen i Arendal. Han kjøpte torsken, og så har me spretta opp og laga innvollane, seier Goksøyr.

Anders er Anders Goksøyr – biologiprofessor, prosjektleiar  - og far til Siri.

– Det er urovekkande korleis torsken forsvinn frå havet. Me vil finna ut om ureining kan vera grunnen til det og sjå mellom anna på påverknaden det kan ha på gener involvert i reproduksjon, sa han førre veke til UiBAktuelt.

Kan torsken forsvinna?

Ein torskelever er feit, og fungerer som ein magnet for miljøgifter, forklarar Söderström.

– Gift vert lagra i feitt. Me forskar på korleis miljøgiftene mellom anna kan føra til endring i gener.

– Me lurer òg på om kjønnsorgana fungerer dårlegare dersom fisken vert utsett for mykje miljøgifter. Med mindre reproduksjon kan torsken rett og slett forsvinna, seier Goksøyr.

Dei to kvinnene skal stå på stand i Arendal torsdag. Målet er at publikum då skal få sjå ekte torsk i tillegg, og at denne skal sløyast.

– Kan ein sjå på leveren at den er full av gift?

– Det er nok mogleg, i alle fall for eit trent auge. Ein frisk lever er rosableik på farge. Ein lever som ikkje er frisk vil kunne ha både svulstar og vera med raud og irritert, seier Goksøyr.

Stor fisk et naturleg nok mindre fisk. Til slutt vert dei store fiskane etne av menneske. Miljøgiftene følgjer med på lasset. Kosthaldsråd til mellom andre gravide har vorte diskutert dei siste par åra, fordi miljøgiftene er lagra nettopp i fiskefeittet.

– Torsken har magert kjøt, ein ser at det er heilt annleis enn til dømes laksen sitt. Men torskeleveren er svært feit, så den ville eg nok ikkje ha ete, seier Söderström.

100 arrangement

Arendalsuka starta måndag. Khrono skriv at akademia skal ha totalt hundre arrangement. UiO åleine har over tretti. UiB står for ni av arrangementa, og skal i tillegg ha ein eigen stand der ein kan treffa ulike forskarar heile veka.

På Høyden har tidlegare skrive at UiB reknar med å senda om lag 25 personar til Arendal i ein eller fleire dagar. Prislapp: Om lag ein halv million kroner.

– Det er viktig å kopla forskinga ved universitetet med samfunnet der ute, sa underdirektør Rune Indrøy, som har ansvar for kontakt med styresmaktene, i mai.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed