Skal låne ut telefonar og PC til reiser i risikoland

Publisert:28. august 2018Oppdatert:28. august 2018, 22:32
Eg ser at vi må bli betre, seier IT-direktør ved UiB, Tore Burheim. No kjøper IT-avdelinga inn "tomme" PCar og telefonar som tilsette kan låne til tenestereiser. Foto: Njord V. Svendsen

Tilsette skal få låne «tomme» telefonar og PC. Men IT-direktøren ved UiB ser ikkje behov for å lage retningslinjer for reiser med digitalt utstyr.

Lånetenesta for reisetelefonar og PC skal lanserast under Nasjonal sikkerhetsmåned i oktober, i regi av Norsk senter for informasjonssikring.

Tenesta er ledd i det intensiverte arbeidet for å styrke IKT-tryggleiken ved Universitetet i Bergen (UiB), etter at Politiets sikkerheitsteneste (PST) tidlegare i år peikte ut forsking og utvikling som særskilte mål for fiendtleg etterretning.

Lånetenesta som skal vere i gang frå oktober er del av Sikker-IT@UiB, eit kampanjeprosjekt som fram til jul skal bidra til å styrke IT- og informasjonstryggleiken ved universitetet.

På Høyden omtalte nyleg rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, sine reiser til Kina i vår og i sommar, der han reiste med sine eigen tenestetelefon. Også fleire andre på høgt nivå ved UiB har reist til Kina med eigen PC og telefon utan særskilte forholdsreglar for informasjonssikring. Dette er i strid med råda frå fleire ekspertar På Høyden har snakka med, blant dei Olav Lysne, som har vore rådgivar for regjeringa i spørsmål om digital tryggleik.

UiBs eigen ekspert, direktør i Simula@UiB, Kjell Jørgen Hole, har sagt til På Høyden at det er «naivt» å tru at etterretning ikkje vil vere interessert i det representantar frå universitetet har med seg. 

– Ikkje behov for retningslinjer.

– Rektor har så langt eg kan sjå følgt NSMs råd om å ikkje ha med seg fleire IT-einingar enn han treng, seier IT-direktør ved UiB, Tore Burheim. 

Burheim synest ikkje det er behov for at universitetet etablerer eigne retningslinjer for forskarar og tilsette på reise, trass i at NSM tilrår dette.

– Vi er del av statsforvaltninga, vi held oss til råda frå PST, NSM, UD og departement . Eg ser liten grunn til at vi skal etablere våre eigne ut over dette. Men vi må bli tydelegare i å kommunisere reiseråd frå desse instansane til våre tilsette.

– Ekspertar, blant anna Olav Lysne, seier at «ein bør følgje PSTs råd: skaffe seg ein eigen telefon til reisa» – kva tenker du om det?

– UiB etablerer lånemobil og låne-PC som ei eiga teneste frå 1.oktober.

– Er rutinane til UiB gode nok?

– Eg ser at vi må bli betre, det er også derfor vi etablerer låneordninga . Vi må også kommunisere dei nasjonale retningslinjene tydelegare til våre tilsette, seier Burheim

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed