Peter kan vera den siste valte

Publisert:29. august 2018Oppdatert:29. august 2018, 06:00
Peter Andersen stilte til val som instituttleiar ved Institutt for geografi, og vann valet. Men no kan reglane verta endra til at insituttleiarar skal tilsetjast. Foto: Hilde Kristin Strand

Peter Andersen er valt instituttleiar ved Institutt for geografi. Han kan verta den siste som får stillinga på denne måten.

– Eg er ikkje overtydd om at det er ein god idé.

Det seier Peter Andersen om at han kan vera Institutt for geografi sin siste, valte instituttleiar. Som På Høyden har skrive, er det forslag om å endra reglementet for styringsorgana og valreglementet slik at instituttleiarar ved UiB no skal tilsetjast.

Motstanden har kome frå fleire kantar, men når universitetsstyret torsdag skal handsama saka, får dei eit saksframlegg der arbeidsgruppa sine forslag er teke vidare.

Andersen sit på hjørnekontoret i 7. etasje i SV-bygget. I fjor vart han valt som instituttleiar.

– No skal det seiast at eg har ei subjektiv rolle i dette. Men òg i tilbakemeldinga frå instituttrådet, der me peika på fordelar og ulemper, vart legitimitet trekt fram som det viktigaste argumentet for valt leiing. Det er viktig med oppbacking frå fagmiljøet, samstundes som ein har ei forståing for faget, seier Andersen.

Hadde tilsett leiar - i fire år

I dag er det berre Det samfunnsvitskapelege fakultetet som har valte instituttleiarar. Men også Det psykologiske fakultetet vil attende til ordninga. Ved SV hadde ein tilsette instituttleiarar midt på 2000-talet. Det vart med ein periode.

– Argumentasjonen er jo gjerne at ein kan få fleire å velja mellom dersom ein lyser ut stillinga. Men det er ikkje så mange som søkjer ei leiarstilling ved eit lite institutt i Bergen, seier Andersen.

Han fortel at då instituttet hadde tilsett leiar, var det ein einaste søkjar. Vedkomande var intern.

– Problemet med tilsett leiar i ei slik stilling er at ein kan få søkjarar som ikkje kjenner fagtradisjonane og fagmiljøet, seier Andersen.

No er stillinga hans i teorien ei reint administrativ stilling, men han underviser òg. Forskinga vert salderingsposten, seier han med eit skeivt smil.

– Det litt paradoksale er at dersom stillinga hadde vorte lyst ut, kunne eg ikkje søkt. Det var krav om professorkompetanse då ein skulle tilsetja instituttleiarar, seier førsteamanuensen.

Symbolsk høyring

Hanne Kvilhaugsvik er stipendiat i administrasjon og organisasjonsvitskap. Ho var ein av etterkvart mange mellombels tilsette som engasjerte seg i saka då ho var på høyring.

– Dette høyrest ut som det ein kallar ei symbolsk høyring: «Me har teke imot innspela dykkar, men me gjer det me synest er best». Dette kan ein sjølvsagt gjera, men eg synest det er trist at det vert gjort, seier Kvilhaugsvik.

Det var særleg moglegheita til å ha valte instituttleiarar dei mellombels tilsette var opptekne av.

– Dersom ein berre skal ha tilsette leiarar utviklar UiB seg meir som ei kva som helst verksemd. Me veit at Bergen kan ha utfordringar med å rekruttera, så vil denne endringa føra til at det kjem mange nye leiarar? Det tvilar eg på, seier Kvilhaugsvik.

Ho seier at ein i forslaget kan lesa ein kritikk av jobben dei valte leiarane gjer.

– Det synest eg er trist, og eg trur ikkje det er noko dei kjenner seg att i, seier ho.

Kven bestemmer kva som er eit universitet?

Også studentane kom med innspel i høyringsrunden, gjennom Studentparlamentet.

– Eg synest det er merkeleg at ein sender ei sak på brei høyring og deretter gir beskjed om at innspela ikkje skal brukast.

Det seier Nikolai Klæboe, leiar av Studentparlamentet. Studentane var særleg kritiske til at det er føreslege at ein må ha professorkompetanse for å kunne stilla til val som rektorkandidat.

– Ein brukar argument som at ein må forstå kva universitetet er. Men kven er det som skal bestemma det? Ein student og ein emeritus har kvar sine oppfattingar, og begge delar er riktig, seier Klæboe.

Han peikar på at endringa òg vil føra til at mange høgt kvalifiserte tilsette utan professorkompetanse no ikkje kan stilla til val.

Som På Høyden skreiv før helga skal saka opp i universitetsstyret torsdag. Klæboe seier at denne saka er ei av dei han kjem til å legga vekt på når han skal ha møte med dei ferske studentrepresentantane i universitetsstyret, Sausan Hussein og Erlend S. Grønvold.

– Det er ikkje eit formelt samarbeid mellom Studentparlamentet og universitetsstyrerepresentantane, men det er naturleg at me snakkar saman, seier Klæboe.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed