Nesten ingen vil verta ingeniør i Haugesund

Publisert:30. august 2018Oppdatert:30. august 2018, 10:03
Omlag 75 prosent av ingeniørplassane i Haugesund var ledige ved studiestart. HVL-leiinga er uroa. Foto: Jan Kåre Ness

Medan nokre av HVL sine linjer er fulle og vel så det, er berre om lag 25 prosent av ingeniør-plassane i Haugesund tekne i bruk.

25,23 og 24. Det er tala som seier kor mange studentar som møtte i forhold til kor mange plassar det er på dei ulike ingeniørfaga ved Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Haugesund.

Høgskulestyret har møte torsdag, og skal mellom anna handsama ei sak om studentopptaket.

To i Førde

Tala viser at det er svært stor variasjon i kor mange studentar som møtte til studiestart. Der studiet i økonomi og administrasjon hadde eit oppmøtetal på 178 prosent i forhold til talet på planlagde studieplassar, var det berre to studentar som møtte til ingeniørsturdiet i energi, elkraft og miljø i Førde. Men det andre ingeniørstudiet i sunnfjordsbyen opplevde betre oppmøtetal, 44 prosent av plassane på bygg- og anlegglinja var tekne ved studiestart.

– Me er uroa, seier Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning ved HVL, om dei låge oppmøtetala for ingeniørstudia.

Men ho understrekar at det er fleire vegar inn til ingeniørstudia, både via fagskule og via eit sommarsemester for dei som manglar realfagskrava.

– Talmaterialet som ligg ved saka er tal frå Samordna opptak, så situasjonen er noko betre, seier Selvik.

Ingen eksakt vitskap

Generelt har studietilboda i Bergen best oppmøte. Men helsefaga er populære på alle fem studiestadane, og barnehagelærarutdanningane har over hundre prosent frammøtte både i Bergen og Sogndal. Når det gjeld lærarutdanninga hadde grunnskulelærar for 1.-7. trinn låge søkjartal over heile landet. Dette ser ein òg ved HVL. I Bergen er talet på møtte studentar ganske gode, men i Sogndal var berre 61 prosent av plassane tekne ved studiestart og på Stord berre 37.

– All røynsle fortel at me må rekna med noko fråfall, og me overbookar difor. Men det er ingen eksakt vitskap, sjølv om me brukar røynsle frå tidlegare år, seier Selvik.

Studia der det har møtt fleire enn det eigentleg er studieplass til, har gjerne eit oppmøte på mellom 100 og 130 prosent. Økonomi og administrasjon har flest studentar i forhold til talet på plassar.

– Men der veit me at i me i løpet av studiet vil sjå ein lekkasje til NHH når det gjeld Bergen. Me ønskjer ikkje å verta kvitt studentar, ingen skal føla seg til overs, understrekar Selvik.

Prorektoren seier at sjølv om ho gjerne skulle hatt betre oppmøtetal for grunnskulelærar 1.-7., så er tala for Sogndal betre enn i fjor.

– Kva gjer de for å få betre tal på Stord?

– Me har prøvd å synleggjera alle campus i marknadsføringa vår. Så må me sjå på om det trengs nokre tiltak for å lukkast betre med det, eller om me bør gjera noko annleis med sjølve utdanninga.

I sakspapira står det at HVL sin totale studieportefølje skal gåast gjennom, og studietilbod med få studentar vil då verta vurdert. Men, vert det peika på, høgskulen skal ha fem levande campus. Selvik undertrekar at dårlege søkjartal eitt år ikkje gjer at utdanningar er spesielt utsette for å verta lagt ned.

– Me må sjå på eit større bilete. Når me ser på søkjartal handlar noko om konjunkturar. Det er òg slik at nye studieprogram tek tid å bygga opp. Når me skal sjå på studieporteføljen skal me først sjå på kva rammer me skal vurdera studietilbodet vårt innanfor, seier Selvik.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed