«Don’t kill my vibe»

Publisert:13. august 2018Oppdatert:13. august 2018, 18:27
Også framtidas studentar var representerte under den offisielle opninga av universitetet måndag. Foto: Tor Farstad

Verdas beste studentby opna showet med solsteik, (data)rock, og ein rektor som siterte den kinesiske filosofen Konfutse.

Ikkje berre var det opplett. Det var varmt, bortimot blå himmel og sommar i lufta då universitetet høgtideleg opna året og haustsemesteret måndag. Berre eit helikopter surrande i lufta, leigd inn av universitetet, klarte å forstyrre idyllen og lyden i å nå fram til alle.

Høgtideleg var det likevel, der ein raud laupar var lagt frå Museplass 1 og opp til scenen, lasta med lokale og nasjonale prominensar med utsikt til dei ferske studentane.

Sist ut på scenen var Datarock, som ønskte velkommen til «verdas beste by», det verka overflødig å seie det.

Siterte Konfutse og Malcom X

Først ut var rektor ved UiB, Dag Rune Olsen. Han let ikkje sommarens strid om UiBs samarbeid med Konfutse-instituttet hindra han i å sitere den kinesiske filosofen Konfutse, eller Konfucius, som han også blir kalla.

– Konfucius var allereie for 2500 år sidan av den klare oppfatning at utdanning foredlar mennesket og bidrar til eit harmonisk samfunn, sa Olsen.

Han la vekt på verdien av utdanning og understreka at avkastninga alltid er større enn investeringa. Rektor siterte Nelson Mandela, som har sagt at det ikkje finst eit mektigare våpen for å endre verda enn utdanning.

Rektor siterte også den militante borgarrettsforkjempar Malcolm X i talen sin:

Tomorrow belongs to those who prepare for it today.

Vidare tok han seg tid til å komme med eit lite spark til forskar og kommentator Asle Toje, som i Morgenbladet hevda at «internasjonaliseringen i akademia» har gått for langt».

– Internasjonal orientering er snarare ein føresetnad enn eit problem for UiB, sa Olsen, medan fotografen i helikopteret over fanga det heile inn frå fugleperspektiv.  

Siterte Curt Rice

Kommunal- og moderniseringsminister, Monica Mæland, siterte ikkje Malcolm X, men derimot ein annan amerikanar, rektor ved OsloMet, Curt Rice. Sjå på studietida som eit medlemsskap, siterte Mæland, om ikkje rotorblada førte til at sitatet no er feilsitert. 

Til liks med Dag Rune Olsen understreka Mæland at utdanning er ei «investering».

– Lærdom  er noko som ikkje kjem gratis, men gevinsten er veldig stor, sa Mæland.

Siterte Sigrid Raabe

Studentane sin eigen leiar i Bergen, Nicolai Klæboe, følgde opp med eit lite spark på leggen til statsråden. Regjeringa satsar ikkje nok, eller godt nok, på studentane, meinte Klæboe. Han viste mellom anna til at studentar er overrepresenterte når det gjeld psykiske utfordringar.

– Kan ikkje du, Mæland, sørge for at alle kommunane tar vare på studentane. Eg er ganske sikker på at det gir god avkastning, sa Klæboe.

Men då hadde studinekoret Sirenene alt summert opp ei strålande, men kanskje litt ordrik universitetsopning, i eit konsist sitat frå popartisten Sigrid Raabe.

Don’t kill my vibe.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed