Den gløymde forfattaren som aldri fekk flytta inn på Høyden

Publisert:8. august 2018Oppdatert:8. august 2018, 06:00
Claus Fasting sjølv kalla garden sin for Øvre Møhlenpris. Eigedommen var opphavleg ein del av Vestre Sydnes, som Fasting sin oldefar, Jørgen Thormøhlen, i si tid eigde.

Visste du at Claus Fasting aldri fekk flytta inn i Fastings Minde? Aina Nøding har skrive ein biografi om det ho kallar den gløymde forfattaren.

Det finst ikkje eit einaste bilete av Claus Fasting. Det einaste som kan peika i retning av korleis han såg ut er denne bysta, som truleg er frå 1792, og truleg er forma etter dødsmaska hans. Foto: Frå boka
Claus Fasting skreiv for fleire tidsskrift i København. I Noreg ga han ut sitt eige: Provinzialblade. Foto: Frå boka

Fastings Minde er Universitetet sitt eldste bygg. Den kvite trevillaen like bortanfor HF-bygget er freda.

Her skulle Claus Fasting ha budd i si tid. Så langt kom han aldri. Derimot var det kjøpmann Hans Hansen, som kjøpte eigedommen, som døypte det Fastings Minde. Fasting sjølv døydde nemleg berre månader før huset var ferdig. Difor vart det andre som først budde i huset, og deretter vart det ståande tomt. Fleire gongar var det snakk om at huset skulle rivast, heiter det i forvaltningsplanen for bygget. Men Peter Helland-Hansen og Sverre Lied, som teikna HF-bygget, tok til orde for å flytta nybygget litt mot nord slik at det kunne verta plass til den gamle trevillaen òg. Slik vart det.

Frisk bergenstone

Men kven var denne Fasting, som skulle ha budd i huset?

– Han var mest kjent som Noregs første journalist, seier Aina Nøding.

– Og han var i høgste grad bergensar. Han representerte den friske bergenstonen me austlendingar i våre fordommar trur er typisk bergensk, humrar ho.

Før han hadde gått i gang med eigedomsprosjektet på det som den gong var eit stykke utanfor byen, hadde Fasting gjort som mange samtidige: Vore i København – og kome heim til Bergen

Norske Selskab

Nøding er tilsett som forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. I vår ga ho ut boka «Claus Fasting. Dikter, journalist og opplysningspioner».

Interessa for Fasting kom då ho var postdoktor ved UiO. Ho har òg vore tilsett ein periode ved UiB, som forskar på prosjektet om Ludvig Holberg sine skrifter.

Claus Fasting vart fødd i Bergen i 1746, og døydde same stad i romjula 1791. Kva han døydde av er noko uvisst, men han hadde eit kort sjukeleie og i samtida meinte ein at han mellom anna hadde urinsyregikt.

Fasting var eit produkt av opplysningstida og ei ny offentlegheit. Holberg høyrer til generasjonen før, Johan Nordahl Brun og Johan Herman Wessel var blant dei samtidige. Desse var òg saman i Norske Selskab i København. «Sett i sammenheng med hans strev for å bli en anerkjent forfatter som kunne leve av sin penn, viste Fastings historie hvordan bokmarked, presse og stat var tett sammenvevd i 1700-tallets nye offentlighet», skriv Nøding i forordet til boka.

Skreiv epigram

Claus Fasting debuterte som lyrikar 17 år gamal. Men lyrikken hans er ikkje mykje lesen i dag.

– Han vart fort umoderne, seier Nøding.

– Dikta hans kan plasserast i den kjenslege, idylliserande sjangeren. Etter kvart begynte han å skriva epigram, som er korte, vitseaktige dikt. I den grad lyrikken hans er kanonisert i dag, er det desse dikta som gjeld.

Forfattaren seier at Fasting som lyrikar i stor grad er gløymt i dag. Han passa ikkje inn i den nasjonalromantiske historia ein ville skriva om Noreg, Fasting var meir oppteken av det som skjedde elles i Europa og av europeisk kultur. Han var med på å starta det som i dag er Bergen filharmoniske orkester, og kjente nok alle dei som var verd å kjenna.

I København vart Fasting oppteken av litteraturkritikk. På seint 1700-tal gjekk den føre seg i ulike tidsskrift i større grad enn i avisene. Fasting skreiv først for ulike tidsskrift, men starta etter kvart sitt eige, Provinzialblade.

– I København var det tidsskrift som i hovudsak dreiv med litteraturkritikk. Men då Fasting kom til Bergen og ga ut Provinzialblade, skreiv han òg om andre tema. Han var oppteken av folkeopplysning og ønskja å nå ut til både bønder, ølbryggjarar, poetar og embetsmenn, fortel Nøding.

Fasting skreiv mellom anna om både ulike sjukdommar og om amming. På denne tida var barseldød eit stort problem i Bergen, og fleire fødande kvinner døydde her enn andre stader. Dette var eitt av temaa Fasting tok opp.

Forfattar og kritikar og journalist - samstundes

«I norsk litteraturhistorie har man kalt ham både «Nordens største Epigrammatiker» og «en av vor litteraturs ypperste essayister». Fra dansk hold har han fått skussmål som «en af de mest betydningsfulde kritikere og formidlere af europæisk oplysningskultur» og en fornyer av «den journalistiske sprogbrug». For botanikere er han derimot «en viktig formidler av europeisk hagekunst», mens musikkhistorikere kaller klaverspilleren «tidens mest fremragende representant». At han var en sentral figur i fremveksten av dansknorsk offentlighet og opplysning, kan de likevel enes om», skriv Nøding i boka.

Fasting kom attende til Bergen. Han hadde klart å leva av å skriva i København, og han hadde truleg hatt mykje moro. Vennene frå Norske Selskab støtta kvarandre, og dei kommenterte og kritiserte kvarandre sine tekstar. Ikkje heilt i tråd med norma om journalistikk og objektivitet slik ein kjenner det i dag.

– Det var eit lite miljø. Den eine dagen var ein sjølv litteraturkritikar, den andre dagen forfattar som vart kritisert av sine eigne venner. Ein kan sjå at Fasting var forsiktig med å kritisera dei som var hans næraste venner, seier Nøding.

– Men han skreiv ein flott artikkel om poesien i Norske Selskab, som samstundes delar ut ris og ros, legg ho humrande til.

Bygget skal moderniserast

Fasting hadde ein plan om ein hage i engelsk stil rundt huset han skulle bu i. Slik vart det ikkje. Men han fekk byrja på ein fin gard, med låve og to kyr, og ein gartnar sådde dei første frøa i hagen. Kjøpmann Hansen fekk seinare i stand kjøkenhage og blomar òg. Seinare vart bygget selt. Vegg i vegg, om lag der HF-bygget ligg i dag, var det asyl.

No står huset tomt. I forvaltningplanen heiter det at romløysinga langt på veg er uendra frå påbygginga som skjedde rundt 1830. Alle overflater er fornya, men huset har to originale trapper, mange originale dører og noko originalt listverk i taket.

Etter planen skal bygget no moderniserast, mellom anna skal Holbergprisen flytta inn. Målet er at arbeidet kan starta allereie til hausten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed