Dag Rune skal vera faddervakt. Skal du?

Publisert:9. august 2018Oppdatert:9. august 2018, 09:26
Rektor Dag Rune OIsen tek ei faddervakt kvart år, og synest det er både hyggeleg og viktig. Biletet er frå 2014.

Rektor Dag Rune Olsen er blant dei som allereie har meldt seg som faddervakt. Men faddervaktansvarleg Mia Milde ønskjer seg fleire.

Mia Milde er prosjektleiar for faddervaktene 2018. Sjølv skal ho på vakt kvar kveld neste veke. Foto: Hilde Kristin Strand

Den neste veka kjem Mia Milde til å ha litt overlevingsutstyr i veska. Plaster, vatn, namnelister – det ein kan trenga når ein skal vera faddervakt i gatene i Bergen.

Måndag startar fadderveka ved dei ulike studiestadane. Og som dei siste åra er det faddervakter frå alle institusjonane ute i byen nattestid for å gjera fadderveka trygg for dei ferske studentane.

– Me skal syta føre at det er trygt, sikkert og godt å vera i sentrum, seier Milde, som er prosjektleiar for Faddervaktene 2018.

Base ved den blå steinen

300 faddervakter – og gjerne meir. Det er det Milde ønskjer seg. Med base ved Den blå steinen skal vaktene sjå til at alt går greitt for seg.

– Det er mange heilt nye studentar i Bergen, og mange treng rett og slett hjelp til å finna fram. Andre tek kontakt med oss fordi dei har mista resten av faddergruppa si. I tillegg deler me ut vatn og litt mat til dei som ønskjer det.

Leiarar frå alle utdanningsinstitusjonane som har fadderarrangement i sentrum har allereie meldt seg til innsats. Ein av dei er UiB—rektor Dag Rune OIsen. Han plar ha ei vakt kvart år.

– Eg synest rett og slett at det er hyggeleg å snakka med studentane på byen, ein får kontakt på ein annan måte. Eg har òg opplevd at dei eg snakkar med synest det er litt gjevt at rektor er til stades. Ein sender eit signal om at ein bryr seg, seier Olsen.

Representantar frå studentsamskipnaden Sammen har allereie òg meldt seg til innsats.

Sammen organiserer

Faddervaktordninga vart starta av studentar etter uheldige episodar knytt til fadderveka. Først var berre UiB med, men no gjeld ordninga mange utdanningsinstitusjonar og det er Sammen, gjennom å ha ei stilling som prosjektansvarleg, som organiserer. Milde understrekar at faddervaktene ikkje skal ta over verken politiet eller utelivsvakter sine oppgåver, men at samarbeidet mellom aktørane er god.

– I fjor var eg faddervakt, og då opplevde eg ein litt ubehageleg situasjon. Då tok eg kontakt med ein politimann. Me som er faddervakter er temmeleg synlege i knallfarga vestar, smiler Milde.

Ho fortel at politiet rapporterer om færre alvorlege episodar knytt til fadderveka dei siste åra.

– Eg skal ikkje seia at det skuldast faddervaktene åleine, men eg trur me er eit viktig førebyggjande tiltak. Både politiet og vaktene på utestadane har mitt telefonnummer, og eg har nummer til alle fadderleiarane, slik at me saman skal klara å ta vare på ferske studentar som treng ekstra hjelp, seier Milde.

Ho meiner det er eit viktig signal at leiarane deltek.

– Og det er ekstra gøy å gå faddervakt saman med rektor, smiler ho.

Olsen sjølv trur det er nyttig med vaksne, edru folk i sentrum desse dagane. I år går fadderveka for alle institusjonane føre seg samstundes, så veka er tettpakka med program – og truleg med folk i sentrum på kvelds- og nattestid.

– Det viktigaste er å vera ein trygg person dei kan prata med. Nokre kjem rett frå toget og treng hjelp til å orientera seg i sentrum. Andre får vatn, og nokre følgjer me heim, seier Olsen.

Faddervaktene byrjar klokka 22 og varer til klokka 3. For å melda deg på kan du finna Faddervaktene i Bergen på Facebook og klikka deg vidare derifrå. Du kan melda deg til ei vakt eller til fleire.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed