Hjelper det om ein musikkterapeut kjem heim?

Publisert:3. juli 2018Oppdatert:3. juli 2018, 06:00
Forskingsprosjektet er finansiert av Extra-stiftelsen gjennom Rådet for psykisk helse. Hans Petter Solli er musikkterapeut og postdoktor og leiar prosjektet som ser på musikkterapeutar i oppsøkjande verksemd.

Eit nytt forskingsprosjekt skal svara på om musikkterapi kan hjelpa heimebuande med rusproblem og psykiske lidingar.

Det første musikkterapeut Hans Petter Solli gjer når han kjem heim til ein ny person, er å kartlegga den musikalske cv-en. Kva musikk likar denne personen? Kan han eller ho spela noko instrument? Og er det eit ønskje om å spela eit instrument?

Dei Solli no reiser heim til, er menneske som har rusproblem eller ei psykisk liding – eller begge deler. Solli er postdoktor ved Norges Musikkhøgskole i Oslo og arbeider samstundes som musikkterapeut ved Lovisenberg diakonale sykehus. Doktorgrada tok han ved UiB og Griegakademiet.

Inngangsport

Prosjektet heiter «MusTCare, Implementering av musikkterapi i oppsøkende psykisk helse-team». Har musikkterapi nokon effekt for dei brukarane som bur heime, men som slit med til dels store psykiske problem, gjerne kombinert med eit rusproblem?

Fleire kommunar og distriktpsykiatriske senter (DPS) har i dag fact-team. Dette er tverrfaglege team som oppsøkjer menneske der dei er. I dag er det gjerne legar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar og erfaringskonsulentar med i slike team. Men bør det vera musikkterapeutar med òg?

Solli har no ti pasientar han treffer gjennom eit fact-team. Fire av desse treffer han heime, seks får behandling i eit musikkterapirom på Lovisenberg.

– Eg byrjar med å få tak i musikkinteressa deira. Nokre pasientar syng eg saman med, andre skriv låtar, og nokre gongar  lyttar eg til musikk saman med pasientar. Musikk er ein utruleg flott inngangsport for å verta kjent med seg sjølv og eigne kjensler, og ei form for ekspressiv og narrativ terapi, seier Solli.

I Helsedirektoratet sine nasjonale retningslinjer vert musikkterapi tilrådd ved behandling og oppfølgjing av både psykose og for dei som er rusavhengige. Implementeringa av musikkterapi i Noreg er framleis avgrensa, men dei siste to åra har det kome stadig fleire stillingar.

Helse Bergen interessert

Eit fact-team er ei vidareutvikling av ein act-team. Eit slikt team gir oppsøkjande helsetenester til ei gruppe som elles kan vera vanskeleg å nå. Mange av brukarane ville tidlegare budd på ein psykiatrisk institusjon. Slike institusjonar er det færre av, så no bur fleire anten heime eller i ein bustad der dei har noko tilsyn. Nokre er i jobb, andre ikkje, men felles er at dei har psykiske problem. Mange rusar seg i tillegg.

Ifølgje helsedirektoratet finn ein at dei som mottek helsetenester på denne måten har færre tvangsinnleggingar, færre liggedøgn på psykiatriske sjukehus og problematisk rusbruk går ned.

Geir Lien er spesialrådgivar i psykiatrisk divisjon i Helse Bergen. I juni var han med på eit seminar i regi av Polyfon, kunnskapsklynga om musikkterapi, om musikkterapi og fact-team, der Solli presenterte sitt prosjekt.

– Me har fact-team på alle våre DPS-ar, og me har òg musikkterapeutar. Slik eg vurderer det er det naturleg å inkludera musikkterapeutar i fact-team, anten som faste medlemmer eller ved at teamet kan få tilgang til ein musikkterapeut, skriv Lien i ein epost til På Høyden.

Kom seg ut

Solli sitt prosjekt går over fire år, først to års praksis. Framleis er det tidleg, men Solli synest allereie no han ser at nokre av pasientane har særleg god nytte av musikkterapi.

– Eg får tilbakemelding om at nokre av dei pasientane som elles er vaskeleg å nå, både når det gjeld aktivitet, trening eller jobb, responderer godt når dei får musikkterapi, seier han.

Nokre av pasientane er rusa når fact-teamet kjem. Dette kan vera problematisk, seier Solli, men ikkje alltid.

– Ein pasient fortalte meg at han trappa ned rusbruken fordi han syntest det var så kjekt at musikkterapeuten kom. Andre vil gjerne til musikkterapirommet. Både fordi det er godt utstyrt, men òg fordi dei då har ein avtale som gjer at dei kjem seg opp og morgonen og tek seg ein dusj.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed