Vraka juristen Pål (56) til fordel for Manpower-vikar (25)

Publisert:18. juni 2018Oppdatert:18. juni 2018, 06:00
Pål Farsund har to utdanningar, 30 års yrkeserfaring, og jobbar med helsejuss. Likevel kom han ikkje eingong til andregongsintervju då Rek Vest utlyste ei stilling innanfor eit felt han kjenner. Foto: Dag Hellesund

Då den regionale komiteen for medisinsk etikk skulle tilsetje ein ny medarbeidar, droppa dei fleire velkvalifiserte søkarar, og ga jobben til ein 25 år gammal Manpower-vikar.

No har UiB fått refs av Sivilombodsmannen for tilsettinga.

Hausten 2017 tilsette Regional komite for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk Vest-Noreg (Rek Vest) ein rådgjevar. 19 personar søkte stillinga, og ti av dei blei innkalla til førstegangsintervju.

– Interessant fagfelt

Pål Farsund var blant desse. 56-åringen tok mastergrad i rettsvitskap i vaksen alder, og har frå tidlegare cand. mag.-grad med faga historie, sosiologi og sosialøkonomi. Farsund har 30 års yrkeserfaring, og har ei stilling i Helse Bergen der han jobbar med lover og forskrifter innan helserett, og særleg med revisjonar der det blir undersøkt om helseføretaket opererer lovleg.

– Dette er eit samansett og interessant juridisk fagfelt. Sakshandsaminga i Rek Vest går ut på at dei får søknader basert på forskingsprotokollar, og så tar stilling til om desse er i tråd med helseforskningsloven. Det å kunne jobbe juridisk på en slik måte tiltaler meg, seier Farsund om stillinga i Rek Vest.

Men han blei noko overraska då han ikkje blei innkalla til andre gongs intervju, og seinare fekk vite at ein kandidat som han sjølv ikkje hadde sett på som sin argaste konkurrent, hadde fått jobben. Personen som fekk stillinga hadde mastergrad i historie og eit årsstudium i filosofi, spansk og latinamerikastudiar. Under studia hadde personen jobba noko i studentutval og liknande, men var elles utan større arbeidserfaring.

Inga vurdering

Då innstillinga blei skriven hadde 25-åringen gjennom Manpower vore tilsett som vikar i stillinga i to veker. I innstillinga stod det ikkje anna enn at 25-åringen blei innstilt på førsteplass, «etter en samlet vurdering av stillingens innhold, søkernes kvalifikasjoner, opplysninger fra referanser og intervju». Det er ikkje vist til argument som gjer at den eine kandidaten er betre enn den andre, berre ei kort oppsummering av CV-en til dei kandidatane som var innkalla på intervju.

På spørsmål fekk Farsund høyre at han ikkje hadde framstått som motivert nok på førstegangsintervjuet, noko han stiller seg undrande til.

Utilstrekkelig saksutredning

Han klaga på avgjerda, då han meinte at både han sjølv og fleire andre søkarar kunne vere meir kvalifiserte enn personen som fekk jobben.

Og Farsund får fullt medhald av Sivilombodsmannen, som mellom anna skriv at «å konkludere med at klager ikke passet for stillingen, kun på bakgrunn av et speedintervju, fremstår som utilstrekkelig saksutredning.»

Ombodsmannen skriv at eit slikt inntrykk i så fall skulle vore underbygd med eit ytterlegare intervju samt referanseintervju, og at det må førast referat frå desse intervjua. Tilsettinga fylte ikkje krava til skriftleg dokumentasjon, og å vise til at søkarar ikkje innehar dei rette, personlege eigenskapane er for generelt, og ikkje godt nok.

«I denne saken fremstår klager klart bedre kvalifisert enn vedkommende som ble ansatt» skriver Sivilombodsmannen, og stiller spørsmål ved ei rekke av vurderingane Rek Vest har gjort. Tilsettinga er ikkje utgreidd godt nok, konkluder ombodsmannen.

Rek Vest tilfredsstiller heller ikkje krava til skriftleg sakshandsaming, slik at ho kan etterprøvast. Det blei ikkje skrive referat frå intervjua, verken med Farsund eller dei andre kandidatane, og skriftlege kommentarar var korte og generelle.

Får ikkje konsekvensar

Kandidatane blei heller ikkje handsama likt: Farsund fekk utelatt ein cand. mag.-grad og 26 års yrkeserfaring. Men for kandidaten som fekk jobben blei mellom anna arbeid gjort for studentutval lagt vekt på.

På trass av at Sivilombodsmannen har konkludert med at UiB har brote med plikta til å utgreie ei sak tilstrekkeleg, og krava til skriftleg og lik handsaming ikkje er oppfylt, får ikkje saka konsekvensar, verken for Rek Vest, 25-åringen eller Farsund.

For Farsund var uansett det viktige at offentlege organ lærer av saka, slik at dei ikkje gjer liknande kritikkverdige tilsettingar ved seinare høve. Dette er òg ordren frå Sivilombodsmannen: «Universitetet i Bergen bes om å merke seg ombudsmannens synspunkter, og ta disse med i senere ansettelsesprosesser».

Braut teieplikt ved å sende kopi av klage

Men Farsund var likevel overraska over det som skjedde då han klaga på tilsettinga:

Han sendte klagen til Rek Vest den 27. desember 2017, og berre to-tre timar seinare hadde leiar Anna Stephansen i Rek Vest sendt heile klagen vidare til hans sjef i Helse Bergen «til orientering».

– Eg fekk ei tekstmelding frå min sjef om klagen, og då blei eg litt mållaus. Eg oppfattar det som fortruleg når ein søkjer jobb.

Farsund klaga på brotet på teieplikta, noko UiB ga han rett i, og beklaga.

– Samanliknar ikkje kandidatar

Kontorsjef Anna Stephansen i Rek Vest sat i tilsettingskomiteen for stillinga.

– For min del er ikkje den saka problematisk i det heile tatt, seier Stephansen til På Høyden.

– Men i innstillinga har de ikkje gitt argument som samanliknar kandidatane, og den kan difor ikkje forklare valet de gjorde?

– Vi samanliknar ikkje kandidatar. Vi bruker ein standardmal som UiB bruker, der ein vurderer kvar einskild kandidat separat.

Nektar for teiepliktsbrot

Stephansen seier òg at det ikkje berre er juristar som passar inn hos dei.

– Det å vere jurist tyder overhovudet ikkje at du er midt i blinken for oss. Det er ikkje slik at ein som har juridisk utdanning kan klare denne jobben mykje betre enn andre.

– Var det nokon i Rek Vest som frå før kjente kandidaten som fekk jobben?

– Personen var vikar hos oss, men ikkje kjend for nokon frå før.

Ho nektar for at ho sende klagen til Farsund vidare til leiaren hans, og viser elles til HR-avdelinga til UiB.

– Vi tek lærdom av det

Der har Jan Frode Knarvik tatt hand om klagesaka.

– Det er ein god gjennomgang av Sivilombodsmannen. Den skal vi ta lærdom av, òg ute i organisasjonen, seier Knarvik.

Han peiker særleg på den manglande dokumentasjonen:

– Når det gjelder dokumentasjon vil det bli sett i gang eit arbeid mot alle ut frå dei krava Sivilombodsmannen viser til i denne prosessen. Poenget er at når eit tilsettingsråd vurderer sakshandsaminga må dei kunne vere sikre på at den best kvalifiserte får jobben, seier Knarvik.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed