Lat oss berre kalle han Malvin. Oddsa var låge for den mjuke ballen.
Framandgjort mellom passerande professorarar, og enno utan flygeeksamen, traska den unge fiskemåsen i alle retningar, tett på dei dødelege dørene inn til Det samfunnsvitskapelege fakultet.
Mellom regndropane kom måsemor i desperate stup mot handlingslamma tilskodarar, men også ho hadde lite å stille opp med mot mørke farar – framfor alt:
Kattekjeftane.
Nesten klemt i hel
Men ikkje alle var handlingslamma tilskodar, det fanst ein deltakar – driftsteknikar Andreas Paepenmöller ved Universitetet i Bergens (UiB) eigedomsavdeling.
– Eg såg at måsungen kom farleg nær dørene, så eg tenkte eg måtte gjere noko, elles ville han blitt klemt i hel, fortel Andreas Paepenmöller.
Det er like før også Paepenmöller skal ut og flyge, så han snakkar på telefon frå Flesland.
Han fekk tak i noko pappemballasje og fekk til måsemors hissige skepsis Malvin oppi. Paepenmöller hadde høyrt at han ikkje skulle ta på fugleungar, for unngå at dei blir avvist av mor etterpå. Deretter klatra han opp på taket der han hadde sett måsemors base.
Ei tid etterpå kunne denne meldinga noterast ved Eigedomsavdelinga, driftsområde 2: «Andreas fant måseungen utenfor SV-bygget. Han reddet den fra å bli klemstret under en dør ved å få den inn i en pappkartong og opp på taket av Herman Foss gt. 6. Sjekket ut at måsemamma kom til unnsetning, alt vel med mor og barn».
– Eg har sett at dei hekker på taket der, så eg satsa på at det var rett. Det såg ut til at alt var i orden då eg sjekka korleis det gjekk, fortel Paepenmöller, men må legge på, for no skal han opp i lufta.
Farvel til holmane
– Det han gjorde var heilt rett, seier ornitolog og overingeniør ved Institutt for biovitskap, Arild Breistøl.
Han fortel at måseungane utforskar alt så snart dei er klekte. Nokon gonger blir dei litt for ivrige, og då er det fort gjort at dei dett ned frå taket.
– Dei er flinke og klarer seg ganske bra, om dei ikkje kjem altfor langt bort frå reiret. Men det er mange kattar i sentrum, og dei tar godt for seg på denne tida, seier ornitologen, og det er ikkje slik at det ikkje skin gjennom kvar sympatien ligg.
Ornitologen fortel at det berre er dei siste åra at måsane har hekka på tak i sentrum. Det er truleg fleire grunnar til at dei har reist frå holmane ved havet og inn til byen, men kaffelatte er det ikkje. Heller ikkje kebabrestar etter eksamensfesten.
– Mattilgang er viktig, og meitemark er den viktigaste føda dei finn i byen, i parkar og på leikeplassar rundt omkring. Vi veit at det før var fiskeetande kval nær holmane der dei hekka som pressa fisk opp og gjorde maten tilgjengeleg for måsane, men slik er det ikkje lenger. Mink kan også ha gjort hekkeplassane utrygge, seier Breistøl.
Søker seg til universitetet
Både fiskemåsar og sildemåsar har søkt seg til universitetet siste åra. På taket av Realfagbygget, der ornitologen jobbar, hekkar for tida 70 par.
Forresten kan Breistøl forsikre om at måsane er intelligente, det er den høge levealderen – for dei som ikkje blir tatt av katten – ein indikator på. Den eldste i bergensregionen er gammal nok til å ta bachelor, den eldste registrerte i Noreg er 33.
Men det var temmeleg sikkert eit tidsspørsmål før døden hadde innhenta Malvin.
Hadde det ikkje vore for driftsteknikar Paepenmöller.
– Vi vender oss til havfilantropen, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne. Kor resten av det marine Bergen skal vende seg, var meir uklart under debatt.
Det norske institutt i Aten bør ikkje leggast ned. Men det skal vidareførast som ein rein infrastruktur knytt til arkeologi. Det har UiB og UiO vorte samde om.
Mangelen på en investeringsplan for nybygg og vedlikehold i høyere utdanning ble et sentralt tema da Stortinget behandlet den reviderte Langtidsplan for høyere utdanning.
Den nye styrelederen i Forskningsrådet forsvarer at styret i organisasjonen som fordeler 10 milliarder skattekroner, nekter å åpne dørene for offentligheten. — Prosessen mot enighet blir enklere med lukkede dører, mener Hilde Tonne.
Professor Peter M. Haugan har gått fra Universitetet i Bergen til Havforskningsinstituttet. Han synes de store universitetene vegrer seg for mye mot å gå inn i de store, kontroversielle spørsmålene.
- Kostnader ved dårligere arbeidsmiljø, nedsatt produktivitet, økt sykefravær og tap av høyt kvalifisert og motivert arbeidskraft kan langt overstige innsparte arealkostnader, konkluderer overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet.
Nesten ingen i kunnskapssektoren ønsker åpne landskap - bortsett fra lederne. Forskningen støtter dem som mener felleskontoret gjør dem syke, slitne og mindre produktive. Arbeidsplassrådgiver Marlene Dahle mener vi må bort fra diskusjonen om cellekontorene, og heller starte med å finne ut hva som gir gode kontorløsninger.
Eks-student Kristian Eik er i tvil om han skal saksøke Universitetet i Bergen. Men målet er klart – å få det «postmoderne propagandafaget» til å legge ned.
Etter å ha ventet langt over lovens tidsfrister, fikk Martin Bardshaug en gave ved inngangen til juleferien, fra Gulating lagmannsrett: Fullt medhold og tilkjenning av saksomkostninger.
Opne landskap er lite gjennomtenkt, og kan i verste fall avskaffe universitetet som ide, meiner tillitsvalde.
Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!
På Høyden
På Høyden er Universitetet i Bergen si uavhengige avis, som sidan januar 2001 blir publisert på internett. På Høyden blir redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver varsamplakaten.