Ukjent kven som skal leia NSD

Publisert:15. juni 2018Oppdatert:15. juni 2018, 14:08
Styreleiar Petter Aasen har ikkje svara på På Høyden sine spørsmål om kven som no skal leia NSD. Heller ikkje dei tilsette har fått informasjon om dette. Foto: USN

Verken tilsette eller utanforståande har fått vite kven som skal leie NSD etter styremøtet onsdag.

Styret i NSD hadde møte på Gardermoen onsdag. På sakslista stod, etter det På Høyden kjenner til, både ei sak om arbeidsmiljøet og ei sak om konstituering av administrerande direktør.

Etter møtet onsdag har redaksjonen freista å komme i kontakt med styreleiar Petter Aasen ei rekkje gongar – utan hell. Redaksjonen har òg vore i kontakt med andre styremedlemmer, men dei viser til Aasen for kommentar.

Vil få informasjon om ei veke

Fredag kom ei melding frå Aasen der han skriv at «jeg er opptatt i møter fra morgen til kveld denne uken og prioriterer å gi informasjon om styrets behandling til berørte og deretter medarbeiderne ved NSD».

Tilsette i NSD skal ha fått beskjed om at dei kjem til å få ein epost om at dei om ei veke vil få ein epost med meir informasjon.

Dette betyr at det så langt er uvisst kven som no leiar NSD, og skal gjere det framover. 

Tilsyn

På Høyden har skrive fleire saker om NSD: Arbeidstilsynet fører tilsyn og har kome med pålegg til verksemda, og tilsette har varsla om eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø. Fleire tilsette er anten sjukmelde eller har slutta.

Det er toppleiinga sin leiarstil som er peika på som problemet. Stillinga som administrerande direktør vart lyst ut i fjor haust, men no er prosessen stoppa. Dette skuldast, ifølgje Aasen, at Kunnskapsdepartementet, som eig NSD, skal ha bede om det fordi eit utval no skal sjå på organiseringa av NSD. Dette er ein prosess som er heilt uavhengig av varslingssaka.

På Høyden bedt Kunnskapsdepartementet om hjelp til å finne ut av kva som blei utfallet av styremøtet i det offentleg eigde selskapet, men departementet klarer ikkje å avklare det før over helga. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed