Skal konstituera ny leiar

Publisert:13. juni 2018Oppdatert:13. juni 2018, 14:41
NSD-styret skal etter alt å døma konstituera ein ny administrerande direktør onsdag.

NSD lyste ut stilling som administrerande direktør i fjor sommar. Men i styremøtet onsdag vert det berre konstituert ein ny leiar.

Bjørn Henrichsen har leia NSD i meir enn 40 år. No har han passert 70 med god margin, og ønskjer å verta pensjonist. Stillinga som administrerande direktør vart lyst ut i fjor haust. Men det vil ikkje verta tilsett ein ny, fast direktør når styret skal handsama saka onsdag.

– Eigar oppmoda oss til å ikkje tilsetja ny leiar i fast stilling fordi Kunnskapsdepartementet ønskjer å ha ein gjennomgang av NSD i lys av dei endringane som er gjort med ytre etat.

Det seier styreleiar Petter Aasen.

Avbraut tilsetjingsprosessen

Som På Høyden tidlegare har skrive skal Kunnskapsdepartementet, som eig NSD, no ha ein gjennomgang av NSD. Målet er å gjera NSD mest mogleg relevant for brukarane.

Denne gjennomgangen gjer at NSD-styret truleg kjem til å konstituera ein ny administrerande direktør i styremøtet onsdag.

– Me valte å følgja oppmodinga frå eigar og avbraut tilsetjingsprosessen, seier Aasen.

På Høyden har skrive fleire saker om NSD. Dei tilsette har slått alarm om arbeidsmiljøet, og Arbeidstilsynet har no gitt NSD pålegg. Fristen for å fylla dette pålegget er fredag denne veka. Essensen i varsla som er kome frå noverande og tidlegare tilsette er leiarstilen i organisasjonen.

Aasen har sagt til På Høyden at styret har teke tak i arbeidsmiljøet både i forkant og i etterkant av pålegget frå Arbeidstilsynet.

– I etterpåklokskapens lys: Burde Henrichsen gått av tidlegare?

– Noverande direktør ønska å gå av for nokre år sidan, men NSD var involvert i eit prosjekt knytt til europeisk forskingsinfrastruktur, og eigar ba om at han sat som leiar til den saka var landa. Håpet no er å få konstituert ein ny leiar slik at Henrichsen kan gå av, seier Aasen.

– Henrichsen har gjort ein formidabel innsats for å posisjonera Noreg innan europeisk forskingsinfrastruktur. Det nye hovudkvarteret ligg som kjent i Bergen. Elles er det slik at refleksjonar rundt kva eg eller andre burde gjort for fem år sidan er noko eg ikkje er oppteken av. Me ser framover.

Kvalheim ny direktør?

– Har styret gjort jobben med å sikra eit godt psykososialt arbeidsmiljø?

– Ja! seier Aasen.

– Det heng saman med det eg har sagt om at me har tatt tak i saka og jobbar med henne. Både tilsette og samfunnet rundt kan ha tillit til at dette vert gjort.

På Høyden har fått høyra frå fleire kjelder at det truleg er Vigdis Kvalheim som vert konstituert som ny administrerande direktør. Ho er i dag avdelingsdirektør i NSD og stod òg på den offentlege søkjarlista til stillinga.

På Høyden kjenner til at tillitsvalde i NSD har tidlegare vore kritiske til at interne kandidatar skal overta leiinga i organisasjonen. Kvalheim er òg av dei som har vorte kritisert av tidlegare tilsette, det har vorte sagt at Henrichsen sin leiarstil har vore adoptert nedover i organisasjonen.

På Høyden har prøvd å koma i kontakt med både Bjørn Henrichsen og Vigdis Kvalheim via både epost og telefon. Dei har ikkje svara.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed