Psykologane vil velja eigne leiarar

Publisert:29. juni 2018Oppdatert:29. juni 2018, 06:00
"Fakultetet mener at det fortsatt skal gis adgang til å ha valgte instituttledere dersom enheten ønsker dette", skriv Det psykologiske fakultetet i sitt høyringssvar. Endringane i valreglementet var drøfta i fakultetsstyret.

Psykologi-dekan Bente Wold gjekk til val på at ein skal ha valt leiing på alle nivå. Det ønskjer fakultetsstyret òg.

«Vi går inn for valgt ledelse på alle nivå i organisasjonen vår, fra instituttledelse til dekanat, og representativ deltakelse i alle sentrale organer».

Dette skreiv Bente Wold då ho stilte som dekan-kandidat ved Det psykologiske fakultetet i fjor. Wold vart valt som dekan. Og framleis meiner ho at dei tilsette ved fakultetet skal velja sine eigne leiarar.

Som På Høyden skreiv meiner fleire fagmiljø ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet at UiB framleis bør opna for at ein kan ha valte instituttleiarar. I forslaget til nytt valreglement, som no er ute på høyring, er denne moglegheita fjerna.

Demokratisk

– Då saka var oppe i fakultetsstyret hos oss var det eit klart fleital for å kunne velja instituttleiarar, seier Wold.

– Eg meiner at ein styrkjer universitetsdemokratiet ved å ha val på alle nivå. Det er rart å kunne velja rektor og dekan, men ikkje instituttleiar, som vil vera den næraste leiaren.

Fleire fakultet har i dag valt dekan, og Det samfunnsvitskapelege fakultetet har valte instituttleiarar. Men det er sjeldan stor kamp om desse verva.

– Når det gjeld instituttleiarar er dette ein type verv som går på omgang blant seniorane ved eit institutt. Sjølv om ikkje fleire stiller til val samlar ein seg likevel om ein kandidat, seier Wold.

Valt utan kamp

Ved Det humanistiske fakultetet er det i dag tilsette instituttleiarar. Både dekan Jørgen Sejersted og fakultetsstyret er samde om at det er ei god ordning, sjølv om mange ved HF meiner det reint prinsipielt bør vera mogleg å ha valte styrarar. Dei er òg samde om at dei framleis vil ha valt dekan.

– Personleg skulle eg gjerne sett at det var normalordninga, seier Sejersted.

– Men du hadde ingen motkandidatar då du vart valt i fjor?

– Ofte er det berre eit dekanat som stiller til val. Men det betyr ikkje at det ikkje kan ha vore ein prosess på førehand, før ein gjer kandidaturet kjent. Når ein stiller til val må ein dessutan offentleggjera ei plattform og ein må ha eit valmøte. Det gjer at det vert ein meir open prosess enn dersom dekanen vert tilsett, seier Sejersted.

Han er oppteken av at tilsett og valt dekan har så lik styringsrett som mogleg. I dag er tilsett dekan òg øvste leiar for den administrative staben. Endringsforslaget kan tolkast som ei sementering av skilnaden mellom valt og tilsett dekan.

Skal alle fagmiljø få?

Ei anna endring som er føreslegen er at eit fakultet ikkje skal ha fleire valkrinsar for kvar gruppe. I dag har både Det humanstiske fakultetet og Fakultet for kunst, musikk og design kvart institutt som valkrins for gruppe A, altså vitskapeleg tilsette i fast stilling. Det betyr at alle institutta har gruppe A-representantar i styret.

– Dette er forslaget som får størst konsekvensar for oss på kort sikt, og det forslaget som vart oppfatta som mest kontroversielt på institutta og i fakultetsstyret, seier Sejersted.

Han har òg diskutert denne endringa med instituttleiarane. Tilbakemeldinga er mellom anna at instituttleiarane synest det er viktig at dei einskilde institutta er representert i fakultetstyret for å sikra informasjonsflyten attende til fagmiljøa. Eit anna viktig moment for nokre institutt er å halda på fagvis representasjon i instituttråda. Fleire av HF-institutta er sett saman av mange ulike fag.

Men det er òg ei anna side ved saka: Fakultetsstyrerepresentantane er valt frå fellesskapet. Dersom ein vert valt frå enkeltmiljø, kor er då lojaliteten?

– Ser ein i nokre saker at enkeltrepresentantane røystar til beste for sine eigne?

– I mange saker står det ikkje særinteresser på spel. Men ein kjem fort i eit dilemma. Ein kjenner på eit særskilt ansvar overfor den gruppa og fagmiljøet ein er valt frå, samstundes skal ein gjera det beste for heile fakultetet. I nokre saker slår nok mekanismen der ein tenkjer på eigen fagkrins inn – og det er ikkje så underleg, seier Sejersted.

I hovudsak positive

Både Sejersted og Wold understrekar at både dei og fakultetsstyra dei leier i hovudsak er positive til at valreglementet vert føreslege endra.

– Det er fornuftig å reinska opp og gjera nokre ting tydelegare, seier Wold.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed