No er nikab forbode

Publisert:6. juni 2018Oppdatert:6. juni 2018, 11:07
Ved Oslomet var det ein vernepleiestudent som ville kle seg i nikab. Ho fekk nei, og slutta ved studiet. Dette skjedde før forbodet mot plagg som dekkar andletet vart forbode, og UiB-rektor Dag Rune Olsen meiner lova er unødvendig. Foto: flickr.com/thehomeoffixers

Sektoren sa nei, men Stortinget sa ja: I alle undervisningssituasjonar vert det no forbode med plagg som dekkar andletet.

– Dette er eit lovverk me ikkje har behov for, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

Tysdag vedtok Stortinget at ansiktdekkande plagg vert forbode i alle undervisningssituasjonar, heilt frå barnehagar til universitet. Forbodet skal òg gjelda introduksjonsprogram og opplæring for innvandrarar.

– Plagg som dekkar andletet er til hinder for god kommunikasjon og samhandling, og eit forbod med plagg som dekkar andletet er avgjerande for eit godt læringsutbytte.

Det sa Åshild Bruun-Gundersen (Frp) i debatten i Stortinget. Det var Frp som føreslo endringane i Opplæringslova, og Bruun-Gundersen sa at partiet eigentleg ville gått lenger: Dei ønskjer eit totalforbod mot burka og nikab i det offentlege rom.

Ville handtera lokalt

Frp fekk med seg dei andre regjeringspartia og i tillegg KrF og Arbeiderpartiet. SV, Rødt og MDG røysta mot.

– Skulane og undervisningsinstitusjonane kan handtera dette lokalt der det er eit problem, og bruka dialog som verktøy i staden for lovforbod, sa Mona Fagerås frå SV.

Det er Dag Rune Olsen heilt samd i. Då lovforslaget var ute på høyring var det berre UH-sektoren som var negativ.

– Det kan vera situasjonar, som munnleg eksamen eller møte med pasientar, der plagg som dekkar andletet er uønska eller problematisk. Men dette ville me kunne handtera heilt greitt sjølv, seier Olsen.

– Slik sett lever me godt med lova, ho får ingen konsekvensar for oss.

– Har det vore situasjonar ved UiB der nokon har nytta plagg som dekkar andletet?

– Det har nok vore nokre få saker. Men der har me snakka med personen det gjeld, og det har løyst seg, seier Olsen.

Kvinneundertrykking

I proposisjon 51L vert det vist til Universitets- og høgskulelova. Der heiter det at mellom anna at «styret kan delegere til avdeling eller grunnenhet å gi utfyllende regler om forhold som er særegne for den enkelte eksamen». I proposisjonen heiter det vidare at «departementet har lagt til grunn at dersom institusjonane meiner det er nødvendig av faglege omsyn, kan dei fastsetje eit forbod mot at studentane i undervisnings- eller eksamenssituasjonar bruker plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet deira. Eit slikt forbod må vere nøytralt og ikkjediskriminerande».

Håkon Randgaard Mikalsen er UiB-student, leiar Studentparlamentet og skal frå hausten leia Norsk Studentorganisasjon (NSO). Han er som UiB-rektor Olsen kritisk til Stortinget sitt vedtak.

Til Bergens Tidende seier Mikalsen at forbodet i praksis kan sperra eit fåtal kvinner ute frå høgare utdanning.

– Om ikkje det er kvinneundertrykking så veit ikkje eg, seier han.

Mikalsen seier som Olsen: Det finst situasjonar der plagg som dekkar andletet kan vera ei utfordring.

– Med dagens lovverk hadde kvart enkelt universitet eller høgskule moglegheit til å regulera sjølv. Det fungerte heilt fint.

For ordens skuld: Finlandshette vil òg vera omfatta av forbodet. Lue og hijab vil ikkje.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed