Musikkterapeutane vil gjerne verta skikka-vurdert

Publisert:22. juni 2018Oppdatert:22. juni 2018, 06:00
Musikkterapistudentar må gjennom ein opptaksprøve, der både personlege og musikalske dugleikar vert vurdert. Men fagmiljøet meiner likevel, reint prinsipielt, at musikkterapeutar, som jobbar med sårbare menneske, burde vore skikkavurdert på same måte som til dømes sjukepleiarar og barnevernspedagogar er det. Foto: Hilde Kristin Strand

Musikkterapeutar jobbar med sårbare menneske. Men utdanninga er ikkje omfatta av skikka-vurdering.

«Musikkterapeuter arbeider med barn, unge, voksne og eldre i vanskelige livssituasjoner og en skikketvurdering for dette profesjonsorienterte studiet vil både gi rettsbeskyttelse av studentene og ivareta hensynet til brukerne».

Dette skreiv Universitetet i Bergen då forskrifta om skikkavurdering var ute på høyring i 2015. Forskrifta vart endra frå 2016, og det vart òg sendt ut eit rundskriv, men musikkterapeutar er framleis ikkje omfatta av ordninga.

Jobbar med sårbare menneske

Som På Høyden har skrive er det ei rekkje utdanningar som krev ei skikkavurdering av studentane. Ei slik vurdering skal avdekka om studenten har dei naudsynte faglege og personlege føresetnadane som trengs for å kunne utøva yrket. Typiske fag som er underlagt forskrifta er lærar, sjukepleiar, lege, psykolog, barnevernpedagog – altså yrke der ein har nær kontakt med menneske. Men musikkterapi er altså ikkje omfatta.

– Eg vart overraska over dette, eg synest UiB skreiv ein god høyringsuttale, seier Brynjulf Stige.

Han er professor i musikkterapi og leiar for GAMUT – Griegakademiet sitt forskingssenter for musikkterapi.

– Hovudgrunnen til at fagmiljøet reint prinsipielt meiner at musikkterapeutar burde vore omfatta av skikkavurdering, er at me jobbar med sårbare menneske. Me gir helsehjelp til sårbare grupper, og då vil det alltid vera eit skadepotensiale – på same måte som hos andre yrkesgrupper, seier Stige.

Har rettleia nokon vekk

Griegakademiet har allereie nokre reiskapar for å vurdera om studentar er skikka. Det eine er gjennom opptaksprøven.

– Søkjarane må visa at dei både har solide musikalske dugleikar og samstundes kan spela saman med folk, ikkje berre for folk, altså handlar det om kommunikasjon. I tillegg må ein gjennom eit intervju der det vert lagt vekt på personlege kvalifikasjonar. Om ein er skikka eller ikkje er då noko av det som vert vurdert, seier Stige.

Han understrekar at han ikkje meiner at studiet i dag er fylt av uskikka studentar – tvert om. Men han meiner det prinsipielt er rett at musikkterapi er omfatta av ordninga.

Den andre måten ein kan handtera eventuelt uskikka musikkterapistudentar på, er gjennom rettleiing eller ved at ein ikkje får godkjent praksisperioden sin. Dette er eit verkemiddel som vert brukt av fleire fagmiljø, har institusjonsansvarleg Arne Tjølsen tidlegare sagt til På Høyden.

– Har de rettleia studentar vekk frå studiet, Stige?

– Eg vil ikkje vera veldig konkret, men ja, det har nok skjedd. Studiet er 30 år, og det har vore nokre gonger me har hatt samtale med studentar om dette er det rette valet for dei. Men det er få saker.

Er musikk alltid fint?

Stige synest det er vanskeleg å svara på kva årsakene til at musikkterapi ikkje er omfatta av skikka-ordninga kan vera. I høyringssvaret peikar UiB-leiinga på at faget tidlegare var ei vidareutdanning, og at studentane då hadde vorte skikka-vurdert i samband med den første utdanninga dei tok. I dag er utdanninga ei femårig masterutdanning. Utdanninga er omfatta av ordninga om å måtte levera politiattest.

– Eg vil ikkje spekulera for mykje i kvifor departementet ikkje har inkludert musikkterapi i ordninga. Det ville vera interessant å vita kva KD si vurdering er, seier Stige.

– Musikkterapifaget er framleis lite, men det er i vekst, og musikkterapi er tilrådd i fleire av Helsedirektoratet sine retningslinjer for behandling. Underleg då at ikkje musikkterapiutdanninga er omfatta av forskrifta for skikkavurdering, seier han vidare.

Stige trur ei kulturell oppfatting av at musikk alltid er fint og bra kan spela inn på avgjersla. Han seier at dette veldig ofte er sant – men ikkje alltid.

– Musikk vert òg brukt til tortur. Det viser at det er eit kraftig middel som òg kan brukast negativt, seier Stige.

Dagbladet skriv at mellom anna på fangeleiren Guantanamo og under militære avhør i Irak skal musikk har vorte brukt til tortur: Høg musikk spelt utan stans skal ha vore med på å bryta ned fangane – som ikkje klarte å sova.

Stige seier at dette er så langt unna musikkterapi som ein kan koma, men sidan musikkterapeutar jobbar med sårbare grupper, er det viktig at terapeutane heile tida er sensitive overfor kva pasientane toler. Musikkterapi er mellom anna nytta både for menneske med demens og som ein del av behandlinga av psykosar.

– Når ein arbeider med desse pasientgruppene er det viktig at ein heile tida fokuserer på signala dei gir og veit når ein bør stoppa. Dersom ein ikkje er sensitiv og berre køyrer på, kan det få uønska konsekvensar, seier Stige.

Ville ha med vidareutdanningar

Kari Kildahl er institusjonsansvarleg ved Oslomet, og leiar arbeidsutvalet i Nasjonalt forum for skikkethetsvurdering. Då forskrifta var på høyring kom arbeidsutvalet med fleire forslag til utdanningar dei ville ha omfatta av forskrifta. Utvalet skreiv at bacelorutdanningar der studentane gjennom yrket dei utdannar seg til kan koma i kontakt med barn og unge, bør vera med i ordninga, og peikar på mellom anna bachelorutdanningar i friluftsliv, idrett, drama og musikk. Utvalet tok òg til orde for skikkavurdering for masterutdanningar som byggjer på slike bachelorgrader.

– Når det gjeld dei som tek mastergrad kan det for nokre av dei vera mange år sidan dei tok bachelorgrad. Dei kan ha vore skikka den gongen, men så kan det ha skjedd ting som gjer at dei no er usikka, seier Kildahl til På Høyden.

I forslaget som var på høyring stod det at etter- og vidareutdanningar og masterutdanningar som bygde på utdanningar der det er krav om skikka-vurdering, vil verta omfatta av ordninga. Men dette vart ikkje vedteke.

Oslomet peikar i sin uttale på at det at ein student er skikka til å vera til dømes sjukepleiar, betyr ikkje at vedkommande òg er skikka til å vera spesialsjukepleiar.

– Me har særleg tenkt på vidareutdanningar innan anestesi, kreft og barn, seier Kildahl.

– Korleis passar de på desse studentane når dei ikkje vert skikka-vurdert?

– Det betyr at utdanningane må passa litt ekstra på. Det er mogleg å stryka dei i praksis, og det er òg høve til å visa dei bort etter helsepersonellova, seier Kildahl.

Vil vurdera musikkterapi seinare

Avdelingsdirektør Lars Vassbotten i Kunnskapsdepartementet skriv i ein epost til På Høyden at ingen av forslaga som ikkje var med i det opphavelege forslaget som var på høyring kom med i forskrifta. Grunnen til dette var at forslaget om desse utdanningane ikkje hadde vore på høyring.

– Det kom inn ei rekkje forslag om at også andre utdanningar burde omfattast av forskrifta. Departementet ser at det kan vera gode grunnar til å vurdera om musikkterapeutar bør vera omfatta av ordninga, og det forslaget vil verta vurdert neste gong forskrifta skal reviderast, seier Vassbotten.

Han seier at utdanningsinstitusjonane har måtar å stenga ute studentar på, sjølv om dei ikkje er omfatta av skikka-forskrifta.

– Studenten kan til dømes klandrast for å ha skapt fare for liv og helse i samband med undervisning eller praksis. Det kan vera brot på teieplikta eller grov usømeleg oppførsel overfor pasientar, elevar eller andre. I slike tilfelle kan studenten verta stengt ute frå studia og missa retten til å ta eksamen i inntil tre år.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed