Legg fram resultat som kan revolusjonere kampen mot hjernekreft

Publisert:26. juni 2018Oppdatert:26. juni 2018, 11:09
Rolf Bjerkvig samlar verdas leiande miljø på hjernekreft til konferanse på Solstrand. Foto: Åse Johanne Roti Dahl

180 av verdas framste ekspertar på hjernekreft er samla på Solstrand. Forbløffande resultat av poliovirus som blir sprøyta inn i svulstane blir lagde fram i dag.

At UiB er vertskap for konferansen er langt frå sjølvsagt, og ei fjør i hatten for forskingsmiljøet i Bergen. 

– Forskarane blir inviterte til å delta på denne konferansen, og ventelista er lang, seier professor Rolf Bjerkvig ved K. G. Jebsen senter for hjernekreft ved UiB. 

På Solstrand blir det lagt fram nye resultat innan både forsking og behandling av hjernekreft. 

Hjernekreft er ei rekke sjukdommar, som har til felles at dei kan skade hjernen. Men det finst både krefttypar som oppstår i hjernen, og andre som spreier seg frå andre delar av kroppen. 

– Genterapi har vore i fokus dei siste 20 åra, men positive resultat har så langt uteblitt, fortel Bjerkvig. 

Det tek vanlegvis 10-15 år med kliniske studier frå ei ny metode blir publisert, til det blir ei etablert behandlingsform. 

Men no ser det meir lovande ut: 

Ein av metodane som skal leggjast fram tar i bruk restar av poliovirus for å aktivisere immunforsvaret til kroppen. Virusa blir sprøyta direkte inn i kreftsvulsten, der ein stor del av kreftcellene blir øydelagde. Cellerestane aktiviserer deretter immunforsvaret, som går til åttak på dei kreftcellene som har overlevd. Denne behandlingsstrategien har gitt svært gode resultat, og studien blir presentert på konferansen, på same tid som dei blir publisert i New England Journal of Medicine, som er eit verdsleiande tidsskrift. 

Metoden er òg omtalt på CBS News

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed