Desse var basically dei beste, unge forskarane

Publisert:6. juni 2018Oppdatert:6. juni 2018, 15:39
Emilie Jensen, Elin Haugum og Adele F. E. Grønningsæther frå Heggen videregående skole i Harstad vann Holbergprisen i skolen 2018. Foto: Dag Hellesund

Kjem norsk til å døy ut? Kva med nynorsk? Forskingsspørsmåla til dei tre elevene ved Heggen videregående skole i Harstad var så gode at dei onsdag fekk Holbergprisen i skolen.

Elin Haugum, Emilie Jensen og Adele Felicia Ellingsen Grønningsæther vann i konkurranse med 30 andre prosjekt førstepremien på 30 000 kroner for oppgåva «Norsk holder «basically» på å dø ut». Dei har spurd kva fleire hundre medelvar meiner om bokmål, nynorsk og engelsk, kor mykje engelskspråkleg innhald dei bruker, og kor gode dei er i bokmål og engelsk.

Kan bli erstatta på sikt

Elevane fann mellom anna ein samanheng mellom kor gode elevane var i engelsk, og kor mykje engelskspråkleg medieinnhald dei brukte. I deira utval var og gutane betre i engelsk enn jentene. Mange av ungdommane leste òg raskare og med betre forståing på engelsk enn på norsk. Ein del er opptekne av å verne om bokmål, og dette gjelder særleg dei som er flinke i norsk. Nynorsk var det berre 8,5 prosent som ville verne om.

Slik konkluderer forskingsartikkelen deira:

«Basert på tidligere forskning og det vi selv har undersøkt og observert, tenker vi at hvis utviklingen av det norske språk fortsetter slik som den gjør nå, kan norsk språk på lengre sikt bli erstattet av engelsk.»

Forsking som ungdomseliksir

– Det er ei styrke å ikkje tru at ein kan alt og veit alt frå før. Hald på den friske tanken så lenge de klarer, sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Ho lokka dessutan med at forskerkarrierar held folk unge, ettersom ein blir rekna som ein yngre forskar helt til ein fyller 40.

Dei andre deltakarane fekk òg mykje skryt. Frå Elvebakken videregående skole i Oslo tok August Bjærke Estensen Håkon Rørvik Skåland og Lea Rose Martinuzzi andreprisen på 20 000 kroner for prosjektet «Regjeringskvartalet – åpent og inviterende eller lukket og ekskluderende?». Tredjepremien gjekk til Herman Roll Ludvigsen frå Eikeli videregående skole i Akershus. Han hadde forska på diskriminering i arbeidslivet.

Lærarar motiverer

Juryleiar og UiO-professor Mette Andersson ga særleg skryt til vinnaren av årets lærarpris, Kirsti Anita Røsand ved Fagerlia videregående skole i Ålesund, og dei andre lærarane som hjelper elevane med oppgåvene.

– Slike lærarar inspirerer elevane som er forskarspirer, sjølv om dei kanskje ikkje veit det sjølv, sa Andersson.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed