Vann Grand Prix i undervisning

Publisert:19. mai 2018Oppdatert:22. mai 2018, 08:28
Vinnar av undervisnings-Grand Prix, Vivian Woodfin. Foto: UiB

Psykologisk fakultet har sin eigen vri på Grand Prix-sirkuset. Denne veka gjekk Vivian Woodfin av med sigeren med ei forelesing om medkjensle – med seg sjølv.

Fakultetet har tradisjon for å arrangere ein undervisningsdag for alle tilsette for å vise fram kva kapasitetar dei har å by på.

I år fekk nokon ideen til eit «undervisnings-Grand Prix».

Ein jury vart tromma saman, kvart institutt fekk stille med ein kandidat og ein studentkandidat, som fekk ti minutt på seg til å presentere eit emne. Deretter fekk juryen, og til slutt publikum røyste fram vinnaren

Og det vart Vivian Woodfin, stipendiat ved Institutt for klinisk psykologi.

– Kort fortalt gjekk presentasjonen ut på å knytte sjølvmedkjensle til nokre kjente tabbar i psykologiens historie, for å alminneleggjere det å gjere feil og vise korleis sjølvmedkjensle kan bidra til at vi betre handterer og lærer av tabbar og feil, fortel Woodfin.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed