UiB-forsking endar i moderne mellomaldermusikk under Festspillene

Publisert:29. mai 2018Oppdatert:29. mai 2018, 13:30
Mikko Perkola på mellomalderfiedel og Jostein Gundersen på blokkfløyte. Saman med resten av ensemblet Currentes og tre songarar - og med 16 høgtalarar og elektronikk styrt av Ruben Sverre Gjertsen - held dei konsert tysdag kveld. Foto: Hilde Kristin Strand

Det treårige forskingsprosjektet Wheels within Wheels vert avslutta med tre konsertar under Festspillene i Bergen.

Dette er eit organetto - eit lite orgel. Jostein Gundersen ønskjer å gå i gang med eit nytt prosjekt, "Tools", der han ser på både instrument og kanskje andre typar verktøy som ikkje vert nytta lenger. Foto: Hilde Kristin Strand

Inne i Håkonshallen kan ein høyra lyden frå ei einsleg mellomalderfiedel. Mikko Perkolan er på plass med to instrument, og gjer seg klar til kveldens konsert. Samstundes vert stolar flytta på, ein PC kopla opp, og heile 16 høgtalarar skal monterast rundt i lokalet.

I kveld vert konserten Mouvance III arrangert under Festspillene i Bergen. Saman med Mouvance I og II, samt ein lydinstallasjon og ein samtale med filosofen Lydia Goehr, markerer konserten avslutninga på førsteamanuensis Jostein Gundersen sitt treårige forskingsprosjekt «Wheels within Wheels. New approaches to interactions between performers and composers».

Gundersen sjølv fortel korleis det heile vil sjå ut om nokre timar:

– Publikum skal sitja i midten. Me musikarar skal stå, delvis rundt publikum og delvis mellom dei seksten høgtalararne.

Ny gamal, eller gamal ny?

Gundersen er førsteamanuensis ved Griegakademiet – Institutt for musikk og har blokkfløyte som hovudinstrument. Han leiar òg ensemblet Currentes, som er ein viktig del av prosjektet.

Det handlar om mellomaldermusikk på ein ny måte. Prosjektet ville utforska potensialet for nye uttrykksformen gjennom interaksjon mellom utøvarar innan tidlegmusikk-feltet og komponistar.

– Eg vil ikkje koma med bastante konklusjonar. Men resultatet er den musikken me fekk til å laga på ein måte som er annleis enn me plar. Eit viktig spørsmål har vore kvifor me gjer ting som me gjer. Handlar det berre om ein vane? Det har kosta overraskande mykje å berre gjera små endringsgrep, seier Gundersen.

Medan moderne musikkverk er spekka med informasjon om både styrkegrader, artikulasjon og anna, finn ein ikkje det same i verk frå mellomalderen. Det finst likevel ein tradisjon for korleis ein les og spelar slike verk. Desse har prosjektet utfordra.

– Den første konserten vår, søndag, var nesten ein tidlegmusikk-konsert. Ruben Sverre Gjertsen, som er komponist og forskar ved Griegakademiet, har laga ein lydinstallasjon med kyrkjeklokker. Dersom det ikkje hadde vore for at lyden går i sirkel, og for insektslydane som ligg bak klokkelyden, kunne ein trudd det var klokkeklang frå Mariakirken, seier Gundersen.

Det andre arrangementet var ikkje ein konsert, men vart kalla ei rituell handling. Her var klappeleik med publikum noko dei forholdsvis få som fekk plass fekk vera med på – arrangementet var i designaren T. Michael sin butikk.

Spelar same verk to gongar

Gjertsen har skrive eit nyskrive stykke, som publikum får høyra to gongar i dag. Utgangspunktet for «Nuper rosarum flores» er eit stykke med same namn frå 1436, skrive til vigslinga av ein katedral i Firenze. Stykket er vridd og vrengt på, men Gjertsen nyttar noko av ornamentikken, altså musikalske utsmykkingar, som triller, frå mellomalderen. I tillegg vert musikken framført på mellomalderinstrument, av Currentes, og med tre songarar. Songarane skal mellom anna framføra utdrag frå James Joyces «Finnegans wake».

– Me skal framføra stykket to gongar både fordi det er eit så tett stykke at ein godt kan høyra det fleire gongar før ein kjenner det att. I tillegg trur me at dei ulike, skjøre klangane vil endra seg etter korleis me plasserer oss rundt publikum. Så me kjem rett og slett til å flytta på oss, seier Gundersen.

Han visste tidleg at han ønskja å ta kontakt med Festspillene i Bergen for å få vist resultatet av prosjektet. Den gongen var det ikkje sikkert kva resultatet kom til å verta.

– Festspillene har støtta den eksperimentelle haldninga vår, seier Gundersen.

Men om dei tre konsertane, eller event, som Gundersen helst vil kalla dei, vert vist fleire stader, er førebels uvisst.

– Spørsmålet er kvar i verda ein skal selja dette. Det finst mange festivalar for tidlegmusikk, men vil dei visa dette? Då må me nok droppa insektlydar og 16 høgtalarar – eller kanskje nokon synest det er kult.

Her kan du sjå ein videointroduksjon Gundersen har laga til FiB.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed