Stor auke i lesartal for På Høyden

Publisert:30. mai 2018Oppdatert:30. mai 2018, 11:57
Hyggelege tal, seier På Høyden-redaktør Dag Hellesund om avisa sin trafikkauke i 2017. Foto: Hilde Kristin Strand

På Høyden hadde ein kraftig trafikkauke i 2017. Talet på sidevisingar auka med 56 prosent og talet på brukarar med 56 prosent.

Det går fram av årsrapporten til På Høyden for 2017, som blir lagt fram for universitetsstyret torsdag.

Tal frå årsrapporten viser at det er dei lokale sakene som blir mest lesne. På Høyden utvekslar stoff med andre aviser – Universitetsavisa, Khrono, Uniforum, forskning.no og Panorama. Ingen saker frå desse redaksjonane er blant dei 50 mest leste sakene i På Høyden i 2017.

forskning.no størst

Talet på brukarar har stige med 56 prosent, frå 162 000 i 2016 til 254 000 i 2017. På Høyden hadde 46 prosent fleire sidevisningar i 2017 enn året før: Frå 1 031 000 til 1 502 000.

Veksten er større enn hos både Universitetsavisa (6 prosent) og Khrono (35 prosent). Tilsvarande tal for Universitetsavisa ved NTNU er 515 000 unike brukarar, og 3,4 millionar sidevisningar. Khrono hadde i fjor over 600 000 brukarar, og i underkant av 2,9 millionar sidevisningar.

forskning.no er suverent størst i sektoren, med over 27 millionar sidevisningar i løpet av eitt år.

Opne landskap

Trafikken til På Høyden var i 2017 fordelt på 662 000 økter, ei auke på 33 prosent året før. Øktene er i snitt 11,28 prosent lengre (2:48), og talet på sidevisningar per økt har auka med 9,28 prosent, til 2,27 sider per økt, ifølgje årsrapporten.

Særleg har sakene om opne kontorlandskap blitt lesne av mange. Den mest leste saka i 2017 hadde i overkant av 60 000 visingar: «Overlegen leste all forskning om åpne landskap».

– Dette er hyggelege tal, og dei viser at der er aukande interesse både for lokal og nasjonal journalistikk om forsking og høgare utdanning, seier ansvarleg redaktør i På Høyden, Dag Hellesund.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed