Slik feira UiB 17. mai

Publisert:18. mai 2018Oppdatert:18. mai 2018, 12:59

I ein by bada i sol gjekk representantar for UiB i hovudprosesjonen gjennom byen.

Frukost i Kafé Christie, kransnedlegging ved statua av mannen som har gitt kafeen namn – men som trass alt er mest kjent for å eidsvollsmann, stortingsmann og grunnleggar av Bergens museum, altså Wilhelm Friman Koren Christie. Deretter avgang til hovudprosesjonen gjennom Bergens gater.

I korte trekk er det slik UiB feirar 17. mai. Og i år vart det altså strålande solskin heile dagen.

I år er det òg 150 år sidan statua av Christie vart reist. Dette la UiB-rektor Dag Rune Olsen vekt på i si helsing til dei UiB-tilsette.

– Sidan Bergens Museum sine dagar har institusjonen det utvikla seg til å verta fått lange armar. I dag er forskingsarbeida våre globale, og miljøa våre er definitivt noko å skryta av. Når eg ser tilbake på historia vår, og på den institusjonen eg i dag har æra av å vera rektor for, så må eg seia at eg er stolt. Eg er stolt av studentane våre, og eg er stolt av dei administrativt og faglege tilsette.

Dagen etter dagen er byen rydda, og dei fleste har nok hengt bunad og andre finklede på plass i skapet. Men som ein liten 17. maidessert kan du altså sjå på bileta av korleis UiB feira dagen. Og har du fått med deg saka om universitetslektor Lars K. Lofthus og hans noko alternative hardangerbunad?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed