Om lag 2 500 barn blir kvart år fødde av ei mor som har røykt under svangerskapet

Publisert:3. mai 2018Oppdatert:3. mai 2018, 06:00
Liv Grimstvedt Kvalvik gjennomførte forskarlinjestudiet som medisinstudent. No er ho 35, har gjennomført turnustenesta og tatt doktorgrad. Til hausten ventar forskingsopphald i USA, og dit tek ho med seg mann og barn. – Dersom eg får velja på øvste hylle, er det ei forskarstilling eg ønskjer meg vidare, seier ho.

Fem prosent av norske kvinner røyker medan dei er gravide. Truleg er dette noko som går i arv frå mor til dotter.

På 1980-talet røykte meir enn ein tredel av norske kvinner då dei var gravide. Det betyr at mange av dei som i dag sjølve får barn, har vorte utsett for røyking som foster. I dag er det langt færre gravide som røyker. Men trass informasjon og råd, er det framleis om lag fem prosent av norske kvinner som røyker i byrjinga av svangerskapet og tre prosent som røyker ved slutten av svangerskapet. Det betyr at om lag 2 500 barn kvart år vert utsett for tobakksrøyk medan dei er i mors liv.

Fare for låg fødselsvekt

Farene ved røyking under svangerskapet er mellom anna auka risiko for dødfødsel, for tidleg fødel og låg fødselsvekt. Barnet har òg større sjanse for seinare å utvikla barneastma.

 Låg fødselsvekt er i denne samanhengen definert som at ein er liten i forhold til svangerskapets lengde, det vil seia at ein er under 10-percentilen. Men generelt vert fødselsvekt under 2 500 gram rekna som låg førdselsvekt.

Det fortel Liv Grimstvedt Kvalvik. Førre veke disputerte ho med avhandlinga «Smoking among pregnant women in Norway. Prevalence, self-report validity, and associations to SGA and “early programming” using family and sibling design». I dei fire artiklane som er utgangspunkt for avhandlinga har ho nytta data både frå Medisinsk fødselsregister og frå den store Mor og Barn-undersøkinga, samt frå Dødsårsakregisteret.

– Den såkalla Barkerhypotesa seier at dersom ein er fødd med låg fødselsvekt har ein større sjanse for å få hjarte/kar-sjukdommar. Men no viser dataa at av dei som har låg fødselsvekt er det dobbelt så mange som røyker i vaksen alder. Desse vil ha større sjanse for å få hjarte/kar-sjukdommar, seier Kvalvik.

– Me finn òg at dersom dotter røyker, er det dobbelt så stor sjanse for at mor døyr av lungekreft. Desse funna peikar òg i retning av at røyking under graviditet er noko som gjentek seg i generasjonar.

Flest med låg utdanning

– Kven er det som røyker i svangerskapet?

– Me finn at det særleg er kvinner med låg utdanning. Eg har definert det som mindre enn elleve års utdanning, det vil seia at dei berre har grunnskule. Blant dei yngste mødrene er det òg fleire som røyker enn blant dei eldre mødrene, seier Kvalvik.

Dei siste åra har helsestyresmaktene informert mykje om farene både ved å røyka og å drikka alkohol i svangerskapet. Sidan 1999 har Medisinsk fødselsregister registrert røykevanar hos gravide kvinner. Gravide kvinner røyker i mindre grad enn ikkje-gravide kvinner. Kvalvik meiner difor at dei som røyker medan dei er gravide, ikkje gjer det fordi dei ikkje veit at det kan vera farleg for fosteret.

– For mange kan det nok handla om at dei har andre utfordringar i livet sitt enn berre røykeslutt.

I dag vert gravide spurt om dei røyker, snusar, drikk alkohol eller nyttar andre rusmiddel to gongar: Først når helsekort for gravide vert funne fram under første kontroll hos lege eller jordmor, og deretter på slutten av svangerskapet.

– Me finn at det hjelper å slutta undervegs. Dersom ein røyker i det første svangerskapet, men likevel får eit barn som er normalt stort, kan ein likevel får eit barn med låg fødselsvekt i svangerskap nummer to dersom ein held fram å røyke. Men me finn at denne risikoen minkar dersom ein sluttar å røyka medan ein er gravid, seier Kvalvik.

– Er det betre å røyka litt enn å røyka mykje?

– Tidlegare studiar har vist at mor kan få i seg like mykje nikotin sjølv om ho røyker færre sigarettar. Det kan henga saman med at ein inhalerer meir effektivt på dei sigarettane ein då røyker. Ein bør stoppa heilt å røyka når ein er gravid.

Vil ha meir rettleiing

– Risikoen ved røyking er noko ein veit om, så det er ikkje mangel på informasjon det handlar om. Men det er noko som gjer at det er vanskeleg for desse kvinnene å slutta, seier Kvalvik.

Ho meiner helsepersonell, anten lege eller jordmor, stadig bør oppmoda gravide til røykeslutt, og tilby gravide som røyker hjelp til å slutta. Ulike former for rettleiing kan hjelpa.

– Ein vert svært avhengig av nikotin. Eg har tru på populasjonsbaserte tiltak som standardpakningar med sigarettar, høg pris og vern mot passiv røyking. For både mor og barn er det beste om mor sluttar å røyka før ho vert gravid. Då får ho sjølv eit langt liv som ikkje-røykande og vert ikkje ein røykande rollemodell. Barnet slepp å verta utsett for røyking som foster og for passiv røyking seinare, seier Kvalvik.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed