– Vi tenker oss styrevedtak til hausten, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen.
Ei ny arbeidsgruppe er på det næraste klar, under leiing av instituttleiar ved Informatikk, Pinar Heggernes. Dei andre representantane kjem frå Informasjons- og medievitskap, Lingvistiske, litterære og estetiske studier og Pedagogikk.
Om nokre månader skal gruppa levere ei innstilling med konkrete forslag til integrering og felles hus for dei ulike IKT-faga ved UiB.
Gruppa med instituttleiarar skal også gå gjennom utdanningstilbodet innan IKT og foreslå felles kurs og program som skal vere for alle studentar – med sikte på sikre brei digital kompetanse på universitetet.
Foreslår Christies gate
SV-fakultetet har foreslått Christies gate 18/Professor Keysers gate 1 som mogleg husrom for eit samla IKT-miljø. I dag held UiBs sentraladministrasjon til her, men denne skal flyttast til Nygårdsgaten 5 i 2020. Dette vil frigjere 3500 kvadratmeter.
Instittutleiar ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Leif Ove Larsen, meiner plasseringa er ideell.
– Dersom bygget viser seg eigna, vil IKT-miljøa bli veldig sentralt plassert på UiB. Dette er eit veldig interessant forslag, seier Larsen.
Larsen seier at instituttet no går inn for samling av IKT-faga under same tak.
– Vi vil gå inn i dette arbeidet med entusiasme, seier han.
I dag er IKT-faga geografisk spreidd og plassert på ulike fakultet. Informasjonsvitskap har sidan 2004 vore ein del av Institutt for informasjons- og medievitskap på SV-fakultet. Informatikk held til på Det matematisk-naturvitskapelege fakultet. Digital kultur er knytt til på HF-fakultetet.
Ingen andre forslag
Ei samling av IKT-fag ved UiB har vore debattert i mange år. I oktober 2017 avleverte ei anna arbeidsgruppe, leia av viserektor Oddrun Samdal, ein rapport som går inn for å samle IKT-faga. No skal planen spissast.
Til På Høyden seier Samdal at det så langt ikkje er lagt fram andre konkrete forslag til lokale som kan huse IKT-faga.
Rapporten frå den tidlegare arbeidsgruppa gav uttrykk for at Media City var eit ønskeleg alternativ, men dette har vist seg å vere lite realistisk på grunn av arealkravet til ei samling. GC Rieber Eiendom har hatt døra på gløtt til lokale i Marineholmen forskningspark, men dette ligg ikkje på bordet som framlegg hos universitetsleiinga i dag.
Institutt for informatikk er i dag lokalisert på Marineholmen. Digital kultur, held til i HF-bygget på Sydneshaugen. Informasjonsvitskap er i SV-bygget.