Her er utstillinga om skeivt uteliv på veg til museet

Publisert:24. mai 2018Oppdatert:24. mai 2018, 09:12

Frå 2. juni kan du sjå utstillinga om skeivt uteliv på Universitetslivet. Men først skal utstillinga ut på ei lita reise.

– Her er baren. Den skal Jo byggja.

Hannah Gillow-Kloster smiler. Ho er i Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket sitt depot i Stein Rokkans hus saman med Jo Hjelle og Bjørn André Widvey. Her er store deler av det som skal verta utstillinga Skeivt uteliv lagra. Frå 2. juni og faktisk heilt til november kan ein sjå utstillinga på Universitetsmuseet.

– Dei skeive liva har òg skjedd på fest. Mykje av arkivmaterialet me har er frå organisasjonslivet, men det å samlast og det sosiale i utelivet har òg vore viktig, seier Gillow-Kloster.

Ho er fungerande fagleg leiar for Skeivt arkiv, som står bak utstillinga.

To kuratorar

Fotoredigerar Jo Hjelle og seniorkonsulent Bjørn André Widvey køyrer fleire pallar med utstillingsmateriale ut i heisen. Her er baren i fleire delar, ei diskokule og rosa plysj som skal dekka baren. I ein kartong er det innramma bilete. Totalt skal tusen bilete, 100 plakatar og mange effektar visast fram.

Utstillinga vart vist på Kulturhistorisk museum i Oslo i fjor. No er ho oppdatert, og på Historisk museum er no eit eige rom rydda for å gi plass til det skeive utelivet.

– Dette er ikkje ei rein historisk utstilling, men ei utstilling som òg har eit kunstnarisk uttrykk, seier Widvey.

Vibeke Hermanrud og Henriette Stendal driv Kunstplass 10 i Oslo. Dei kuraterte utstillinga i hovudstaden, og skal gjera det same i Bergen. I tillegg skal nokre samtidskunstnarar visa sine verk.

– Noko av det som er endra frå utstillinga i Oslo, er at me skal gi publikum litt meir informasjon om kva materialet faktisk viser. Ein skal ikkje undervurdera publikum, men ein må gi dei litt, smiler Widvey.

Først i Oslo

I 1969 storma politiet homobaren Stonewall i New York. Det enda med eit gateslag som varte i tre dagar – og som eit resultat vart homokampen fødd.

I Noreg vart utestaden Metropol etablert i Oslo i 1974. Den var i drift heilt til 1989.

«Et sånt sted er veldig viktig for mennesker som trenger kontakt. Det de gjør i første omgang, er ikke å melde seg inn i Forbundet, men puste ut, ta seg en øl, kikke på folk i trygghet, danse, leve litt».

Slik har Kim Friele skildra den første utestaden for skeive. I Bergen fekk ein Fincken i 1992. Puben i Nygårdsgaten er framleis det den einaste reine skeive utestaden i Bergen. Skeivt arkiv har laga ei liste over utestadar som har vore homovennlege eller hatt ein skeiv profil.

Tidlegare hadde ein Studio 52 i C. Sundtsgate, og frå 1978-88 var det bar i Filatelisthuset – baren heitte sjølvsagt Frimerket.

– Tidlegare var det meir hemmeleghald og tabu knytt til å vera skeiv. Nokre av utestadane på lista, som Café Opera, er ikkje ein homostad, men ein stad der ein veit at ein kan vera trygg, seier Gillow-Kloster.

Ho seier noko av det same som Friele: For mange skeive handlar det om å finna ein stad der dei føler seg heime.

– Slik kan òg engasjement verta skapt. Ein sit seg ned, tek seg ein øl, og snakkar om ei aktuell sak. Det første ein gjer er ikkje nødvendigvis å melda seg inn i ein organisasjon.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed