Framleis tre hemmelege direktørsøkjarar

Publisert:24. mai 2018Oppdatert:24. mai 2018, 10:49
Det er knytt offentleg interesse til stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB, slær Felles klagenemnd fast. Men namna på nokre av dei som søkte stillinga skal likevel vera hemmelege. Foto: Tor Farstad

Tre av dei som søkte stillinga som kommunikasjonsdirektør skal få vera anonyme, seier Felles klagenemnd.

I april vart det kjent at Tor Godal går frå TV2 for å verta kommunikasjonsdirektør ved UiB. Godal var ein av fire søkjarar som var unntatt offentlegheit, og sa sjølv at han generelt er for alle former for openheit, men at han ikkje ville at namnet hans skulle verta kjent tidleg i prosessen.

På Høyden klaga avgjerdsla om å la søkjarar vera unntatt offentlegheit inn for Felles klagenemnd.

Partnar og prosjektleiar

UiB meiner at det ikkje knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga, slik På Høyden hevda at det gjer. Redaksjonen får støtte frå Felles klagenemnd, som skriv at kommunikasjonsdirektøren vil få ansvar for å leia UiB sin interne og eksterne kommunikasjon og inngå i universitetsdirektøren si leiargruppe. Ei av oppgåvene er å bidra til at UiB vert ein synleg kunnskapsaktør både nasjonalt og internasjonalt. På bakgrunn av dette meiner klagenemnda at det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Men likevel er det ikkje slik at ålmenta har krav på å få vita kven dei fire søkjarane er. For tre av søkjarane finn Felles klagenemnd at dei har gode nok grunnar til å halda identiteten sin hemmeleg. Ein av søkjarane er partnar i eit aksjeselskap, ein annan er prosjektleiar for store prosjekt med eksterne samarbeidspartnarar i nærings- og organisasjonsliv, og den tredje er leiar i privat sektor. Alle desse skal få vera anonyme, seier nemnda.

Vurderer alle

Godal har argumentert med at TV 2, som han til no har jobba i, har gjennomført store omorganiseringar og nedbemanningar dei siste åra, og at dette kan gjera han sårbar dersom det vert kjent at han har søkt ei anna stilling. Men sidan namnet hans er kjent, finn ikkje Felles klagenemnd lenger nokon grunn til å unnta namnet hans frå søkjarlista.

«Nemnda har derfor funnet at de hensyn som kunne berettiget evt. unntak fra den offentlige søkerlisten, det vil si rekrutterings- og personvernhensyn, ikke gjør seg gjeldende for denne søkeren nå», skriv nemnda. Men nemnda har ikkje vurdert om det var riktig å unnta Godal under sjølve søknadsprosessen.

Tore Tungodden er assisterande universitetsdirektør ved UiB. Han seier at HR-avdelinga går gjennom alle søkjarar som ønskjer å vera unntatt offentlegheit.

– Ingen får automatisk unntak sjølv om dei krev det. Det vert gjort ei vurdering saman med eininga som skal ha stillinga. Det vart òg gjort i dette tilfellet, seier Tungodden.

Han seier at dei fleste som ber om å sleppa å stå på den offentlege søkjarlista argumenterer med at dei er uroa for eiga stilling dersom det vert kjent at dei har søkt ein ny jobb – som dei ikkje får.

– Det me då må vurdera, er om dei har ei utsett stilling. Er verksemda deira til dømes i ein nedbemanningssituasjon, seier Tungodden.

Dersom ein får beskjed om at argumenta for å verta unntatt ikkje er gode nok, kan ein velja å trekka seg som søkjarar. Tungodden seier at nokre vel å gjera det, medan andre då vil ha namnet sitt på den offentlege lista.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed