– Å flytta ungane mellom klokka ni og to vil ikkje endra noko

Publisert:18. mai 2018Oppdatert:18. mai 2018, 06:00
Ann-Kristin Helland Gujord seier at det ikkje finst grunnlag for å påstå at barn som går i barnehage med mange mioritetsspråklege barn lærer norsk dårlegare enn andre. – Men det er nokre generelle utfordringar knytt til å læra språk nummer to, seier førsteamanuensen. Foto: Hilde Kristin Strand

Språkopplæring er ikkje eit argument for å innføra ei maksgrense på talet minoritetsspråklege barn i barnehagane, seier førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord.

Bergen kommune innførte ei maksgrense for kor mange minoritetsspråklege barn det skal vera i barnehagane i byen. Prøveprosjektet skal snart evaluerast av bystyret, skriv Bergens Tidende.

Eitt av argumenta som har vorte brukt, er at ein for stor del barn som ikkje har norsk som morsmål vil gjera at norskopplæringa i barnehagane vert for dårleg. Dette stemmer ikkje, seier Ann-Kristin Helland Gujord.

Ho er førsteamanuensis i norsk som andrespråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og saman med førsteamanuensis Magnhild Selås frå Høgskulen på Vestlandet har Gujord forska på nettopp minoritetsspråklege barn i barnehagen. Konklusjonen deira er klar:

– Me meiner ikkje at det er kjempebra med barnehagar som har ein svært stor del minoritetsspråklege barn fordi det er ei uttrykk for eit busetjingsmønster som ikkje er heldig for eit samfunn. Men det er ikkje nokon grunn til å vera uroa over språkopplæringa som skjer i akkurat desse barnehagane, seier Gujord.

Har observert barnehagebarn

Dei to forskarane har vore i to barnehagar saman med fleire andre språkforskarar. Ein der nitti prosent av barna ikkje har norsk som førstespråk, og ein der delen minoritetsspråklege barn er på snittet i kommunen. Dei trefte barn som fylte tre det året, det vil seia at dei har begynt å læra minst eit anna språk heime.

– Me tok opptak av samtalen som gjekk rundt borda under måltid. Dette var samtale som til ei viss grad er vaksenstyrt. Men i tillegg hadde me med nokre nye leikar i ein boks, og gjorde opptak då barna leika med desse spontant saman to og to eller tre og tre, seier Gujord.

Forskarane observerte barna over vel to år, og har òg nytta standardiserte testar av ordforrådet deira. Dei finn ikkje haldepunkt for å seia at språkopplæringa deira vert prega av å gå i barnehage med få barn som har norsk som morsmål. Men det er likevel generelle utfordringar knytt til å læra eit anna språk enn morsmålet.

– Me veit at forseinka oppstart av språklæring kan ha noko å seia for korleis språket vert seinare. Ein kan sjå det både på korleis ordforråd, uttale og grammatikk veks fram. Men dersom ein får ekstra støtte, og det vert fokusert på at nokre av barna lærer norsk som sitt andre språk, kan det gå veldig bra med desse barna, seier Gujord.

Bemanning

Førsteamanuensen meiner ein må sjå på andre tiltak, til dømes på bemanning i barnehagane heller enn på å innføra ei maksgrense.

– Dersom politikarane er opptekne av språk i barnehagen bør dei sjå på korleis det vert jobba med språk. Og det må vera god nok bemanning, og nok tilsette som har kompetanse på andrespråksutvikling, seier Gujord.

At nokre barnehagar har berre ein liten del barn med norsk som førstespråk, seier noko om kor dei ulike gruppene av innbyggjarar bur. Det er nokre deler av byen som har barnehagar med svært internasjonalt miljø, andre bydelar har nesten barn med norsk som førstespråk. I ein kronikk i Bergens Tidende skriv dei to forskarane at «innføring av maksgrense for minoritetsspråklege i barnehagane i desse områda vil ikkje kunne endre på busetnadsmønsteret. Det er det heilt andre tiltak som kan. Tiltak som ikkje berre fører til at somme foreldre får ein vanskelegare kvardag fordi dei ikkje får lov å ha barnet sitt i nærmaste barnehage, og som dessutan også kan vere diskriminerande».

– Å flytta på desse barna mellom klokka ni og to endrar ingenting, seier Gujord til På Høyden.

God stad å læra språk

– Kva betyr dei tilsette sitt språk i barnehagar der mange av barna lærer norsk som språk nummer to?

– Det vaksne språket betyr mykje, og det er viktig at dei tilsette snakkar godt norsk. Men samstundes er det viktig med ein balanse. Barn som lærer norsk som andrespråk treng òg vaksne å identifisera seg med, og det er viktig at dei kan møta vaksne andrespråksutøvarar og vaksne som òg har ein minoritetsspråkleg bakgrunn, seier Gujord.

Ho seier at barnehagen er ein strålande stad å læra språk.

– Det som er viktig, er at barnehagar som har mange minoritetsspråklege barn søkjer om midlar til morsmålsassistentar. I tillegg er det viktig å bruka språket aktivt, vera utstyrt med mykje bøker, og ha tilsette som er merksame på det fleirspråklege, seier språkforskaren.

Undersøkingane deira viser at sjølv om det går fleire barn med same morsmål i barnehagen, er det norsk dei nyttar når dei leikar saman.

– Mange av barna snakkar neppe norsk heime. Vert dei språkleg forvirra?

– Nei, fleirspråklege barn utviklar ein sosiolingvistisk kompetanse før andre einspråklege barn. Dei skjønar kva språk dei skal nytta i kva samanhengar, seier Gujord.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed