Flest underkjenningar innan samfunnsfag og humaniora

Publisert:15. mai 2018Oppdatert:15. mai 2018, 13:44
Både Det samfunnsvitskapelege og Det humanistiske fakultetet har langt fleire underkjenningar enn Det medisinske og Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet i Stavanger har ikkje hatt ei einaste underkjent doktorgrad dei siste tre åra.

– Kriteria for fagleg vurdering vil kunne vera noko mindre klart definerte for HF/SV-fag enn for teknologiske og naturvitskapelege fag, trur Rudy Garred.

Han er prodekan for forsking ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger.

Dei siste åra har både dette fakultetet og Fakultet for samfunnsvitskap hatt doktorgradsavhandlingar til vurdering som ikkje har vorte godkjende. Det har ikkje Det teknisk-naturvitskaplege fakultet hatt, viser tal På Høyden har fått tilsendt.

– Ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet tenderer dei fleste avhandlingane til å vera artikkelbaserte. Då er ein god del av den faglege kvalitetskontrollen gjort på førehand, seier Helge Bøvik Larsen, prodekan for forsking ved TN-fakultetet.

Få underkjente i Tromsø

Som På Høyden tidlegare har skrive, er det stor òg variasjon mellom fakulteteta på UiB. I 2016 vart det levert 59 doktoravhandlingar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Ingen vart underkjent.

Det medisinske fakultetet hadde to førstegangsunderkjenningar – av 90 leverte. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet vart fem underkjente ved førstegangslevering. 19 vart godkjent.

Ein skilnad mellom fakulteta finn ein ved fleire universitet. I Tromsø er det generelt få underkjenningar. Dei siste åra har det vore levert over hundre avhandlingar kvart år.

Dei siste tre åra har det vore elleve avhandlingar som ikkje har vorte godkjent for disputas etter første gongs levering. Åtte av desse har høyrt heime ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

– Eg veit ikkje kvifor det er skilnad mellom fakulteta. Men dersom eg skal gjetta, så trur eg det handlar om ulike fagtradisjonar. Dette kan påverka alt frå korleis ideane i avhandlingane vert unnfanga til korleis dei vert vurdert av komiteen, seier Pål Vegar Storeheier.

Han er forsingsdirektør ved UiT.

– Ein grunn til at SV- og HF-fag har flest underkjenningar kan vera at det er ein større variasjon i grunnleggande oppfattingar innan enkeltfag, med meir intern diskusjon og motsetnader, som i nokre tilfelle kan slå «uheldig» ut for kandidatar som har fått rettleiing ut frå eitt utgangspunkt – eit utgangspunkt ein vurderingskomite kan vera usamde i eller orientera seg annleis i forhold til, seier Garred ved UiS, men understrekar at dette er ei erfaringsbasert hypotese, og ikkje noko anna enn det.

Vil ikkje ha rykte på seg

– For omlag fem år sidan hadde me ein del underkjenningar. Då laga me ein instruks for korleis kappa skulle vera, seier Roland Jonsson.

Han er prodekan for forskarutdanning ved Det medisinske fakultetet ved UiB.

Instruksen gjeld både kandidatane og opponentane. Dei aller fleste avhandlingane ved fakultetet er sett saman av vitskapelege artiklar der kandidaten har publisert saman med andre forskarar. Men kappa er kandidaten sitt heilt eigne arbeid.

– At me får nokre underkjenningar viser at systemet fungerer. Me vil ikkje få eit rykte i utlandet som seier at ved UiB slepp alle avhandlingar gjennom, seier Jonsson.

– Faktisk har me hatt tre førstegangsunderkjenningar så langt i år, legg han til.

– Løpet er ikkje kjørt

– Ei doktoravhandling skal vera så nyskapande at ein får publisert resultata i internasjonale tidsskrift. Men det er ingen som forventar at det skal vera noko revolusjonerande.

Det seier Anne Marit Blokhus. Ho er prodekan for forskarutdanning og infrastruktur ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiB.

Blokhus er oppteken av at ei førstegangsunderkjenning ikkje betyr at løpet er kjørt – dei aller fleste kandidatane får høve til å levera på nytt.

– Kva oppfølging får doktorgradsstipendiatane dykkar?

– Me har ein rettleiingskomite, og kandidatane er normalt del av ei forskargruppe. Alle kandidatar skal ha ein midtvegspresentasjon og det vert gjort ein kvalitetskontroll før avhandlinga vert sendt inn, seier Blokhus.

Jan Erik Askildsen, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, har tidlegare sagt til På Høyden at fakultetet ser at kandidatar som ikkje har den daglege arbeidsstaden sin ved UiB har større fare for å få underkjent avhandlingane sine enn andre. Blokhus seier at ein ikkje ser den same tendensen ved Mat.-nat., men at det er eit aukande medvit rundt rettleiing av kandidatar som ikkje sit på UiB til dagleg.

Trur nokre prosjekt ikkje er gode nok

570 aktive ph.d.-kandidatar, 90 forskarlinjestudentar og litt i underkant av 100 disputasar i året. Det er tala frå Det medisinske fakultetet. Jonsson fortel om ulike kurs og seminar mynta på dei som er rettleiarar, men meiner òg at medkandidatane er viktige for doktorandane. Alle som tek doktorgrad ved fakultetet er ein del av ei forskargruppe.

Er det kanskje det som skil medisin og Mat.-nat. frå dei andre fakulteta?

– Eg trur me må vera meir kritiske når me ser på kva prosjekt som slepp gjennom nålauga. Det har nok vore prosjekt som har vorte godkjente som det har vist seg vanskeleg å få til på ein god måte.

Det seier Tone Hellesund. Ho er professor i kulturvitskap, og kommenterte ei av dei tidlegare På Høyden-sakene om underkjenning:

«Det er litt uklart for meg hva som er det prinsipielle problemet her. At alle innleverte doktoravhandlinger burde bestå? At underkjenning av doktoravhandlinger handler om maktovergrep? Hvis det er sakens poeng, er jeg dypt uenig», skreiv Hellesund i kommentarfeltet.

– Nokre skal få underkjent. Doktorgrada er svenneprøven til ei vitskapeleg karriere. Og di fleire som tek doktorgrad, di fleire vil få underkjent, seier Hellesund.

Ho seier noko av det same som dekan Askildsen ved SV-fakultetet på UiB: Det er ein tendens til at kandidatar som har arbeidsstaden sin ein annan stad har større sjanse for å få underkjent avhandlinga si.

– Det kan vera fleire grunnar til dette. Eg trur noko av grunnen kan vera at stadig fleire institusjonar legg press på medarbeidarar for at dei skal ta doktorgrad – fordi institusjonen vil ha nokon med denne kompetansen. Men til sjuande og sist får ein ikkje nok arbeidstid til å gjera ferdig avhandlinga. Kandidatar som kjem utanfrå vil nok òg i mindre grad kjenna til krava til ei ph.d.-grad eller arbeidsmengden dei tek på seg. Dette kan gjera dei ekstra sårbare, trur Hellesund.

På Høyden har omtalt fleire underkjenningssaker denne våren. I dag skal ei av sakene opp i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet, etter at fakultetsstyret ba den sakkunige komiteen om å svara grundigare på kandidaten sine merknader til innstillinga. I ei anna sak, frå Det samunnsvitskapelege fakultetet, kom to nye sakkunnige fram til at avhandlinga var god nok for disputas. Fakultetsstyret følgte dette. 

Kva er godt nok?

Kandidatane På Høyden har intervjua kjenner seg urettferdig handsama, og stiller spørsmål ved dei sakkunnige komiteane. Hellesund meiner dette er ei for enkel forklaring.

– Då eg sjølv var stipendiat sat eg i fakultetsstyret. Då kom det opp ei sak om ei underkjenning, og eg trudde det handla om eit maktovergrep. No ser eg at ja, det kan sjølvsagt forekomma, men eg trur det er eit marginalt problem. Dei sakkunnige komiteane er stort sett samde.

– Anne Lise Fimreite, som då var prorektor, sa for eit par år sidan at ein med ein gong ser om ei avhandling er god nok eller ikkje. Er du samd?

– Eg har i alle fall opplevd dei komiteane eg har vore involvert i som overraskande samstemte på tvers av lande- og av og til faggrenser. Akkurat kor grensa går er sjølvsagt eit diskusjonstema, men det er som regel brei semje om kva som er ei god avhandling og kva som er ei svak eller problematisk avhandling, seier Hellesund.

Ho seier at dei færraste underkjenningar kjem heilt overraskande, og at det i dei sakene der avhandlinga ikkje vert godkjent ofte har vore usikkerheit knytt til om arbeidet er bra nok.

– Men det at å få underkjent ei avhandling betyr sjølvsagt ikkje at kandidaten er dum eller inkompetent, eller at arbeidet dei har levert er utan verdi. Men det fyller ikke krava til ei doktoravhandling.

Ikkje rett for alle

Mange av dei som får underkjent avhandlinga si første gong, leverer på nytt og får godkjent. Andre kjem aldri i mål. I 2015 skreiv forskning.no serien «Doktorgradene som forsvant». Deira tal viste at etter seks år var det berre 65 prosent av kandidatane som hadde disputert for avhandlinga si.

– Eg har sjølv rettleia kandidatar som ikkje kjem i mål, og som vel å slutta før avhandlinga er ferdig. Det er tydeleg at det er vanskeleg for dei å bestemma seg for dette. Men å ta doktorgrad er nok ikkje det rette for alle, trur Hellesund.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed