– Er du god nok til å forelese, er du god nok til å svare pressen

Publisert:3. mai 2018Oppdatert:3. mai 2018, 15:41
Medieforskar Erik Knudsen liker "å nerde med data", ein eigenskap han deler med avdøde Frank Aarebrot. Foto: Njord V. Svendsen

Erik Knudsen tar over der Frank Aarebrot slepte, når Medieundersøkelsen blir lagt fram fredag. Den viser blant anna at folk slit med å skilje meiningar frå fakta.

– Det er viktig å hugse på at Frank var ein som alltid tok telefonen, seier Erik Knudsen, medieforskar ved Universitetet i Bergen (UiB). Han tar over det faglege ansvaret for Medieundersøkelsen som blir lagt fram på Nordiske mediedager i Bergen fredag. Medieundersøkelsen er ei omfattande opinionsundersøking som sidan 1999 har tatt pulsen på utviklinga i media – både sett med publikums- og medieauge.

Det er med ærefrykt Erik Knudsen tar over stafettpinnen, om enn ikkje sigaretten.

– Frank var unik, han hadde sin stil. Eg må gjere ting på min måte. Det er ei ære å få vidareføre arbeidet med Medieundersøkelsen, seier Knudsen.

Han ønskjer særleg å ta med seg formidlingsgleda Aarebrot stod for.

– Han har inspirert ein heil hær av unge forskarar til å sjå verdien av å bruke tid på formidling. Langt fleire forskarar enn før tar telefonen, slik Frank alltid gjorde. Eg har ein tommelfingerregel – kan du forelese om eit emne, så kan du også svare pressen om dette emnet, seier Knudsen.

Treng spissing

Til dagleg er Knudsen knytt til DIGSSCORE (Digital Social Science Core Facility), som mellom anna har Medborgarpanelet under sin paraply. Her blir nordmenns haldningar om viktige samfunnstema kartlagt. No jobbar Knudsen med å etablere Journalistpanelet etter same lest, for å spesifikt ta pulsen på journalistane.

– Det er forståeleg at forskarar kan vere forsiktige og litt redd for pressen. Forskarar og journalistar opererer med ulikt språk og ulik logikk. Medan forskaren vil ha nyansar og presisjon, er journalisten oppteken av å spisse og få stoffet fram til lesarane. Men ofte har forskarar godt av å bli tvinga til å spisse bodskapen. Personleg har eg opplevd at forskingsartiklane mine er blitt betre på denne måten, seier Knudsen.

Akademikarverda, meiner han, har noko å lære av medieverda.

– Men også media har noko å lære av akademikarane når det gjeld å få fram nyansar og feilmarginar, særleg i omgang med tal og statistikk. Ein må gjerne snakke om tendensar, men ein taper ikkje på å formidle usikkerheit.

Journalistar ikkje venstrevrevridde

Knudsen meiner mangt i årets undersøking bør inspirere til vidare forsking.

– Til dømes ser vi for første gong på forståinga av journalistiske sjangrar. Forstår folk at eksterne står bak ein kronikk og interne, redaksjonelle medarbeidarar står bak ein kommentar?  Undersøkinga viser at lesarane ofte ikkje ser skiljet mellom meining og fakta. Dette er eit fenomen det bør jobbast vidare med, seier Knudsen.

Ein av Frank Aarebrots faste postar var «Journalistens storting»: Korleis ville fordelinga sett ut om journalistane satt på Stortinget? Svaret var at det ville ha vore heller venstrevridd. Nye funn korrigerer dette bildet:

– I år har vi gjort ein meir omfattande analyse. Den viser at det er kulturjournalistane som er venstrevridde. Økonomijournalistane heller tvert imot mot høgre. Og dei som jobbar med politikk er planta i midten. Redaktørar som arbeider med politikk ligg rett nok meir til venstre, seier Knudsen.

Fredag skal han på scenen på Mediedagene og fortelje om alt dette, der Aarebrot har stått før han.

– Det er store sko å fylle, men eg gler meg, seier Knudsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed