55 kan bli tatt ut i streik på UiB

Publisert:22. mai 2018Oppdatert:23. mai 2018, 15:49
Frå torsdag morgon kan det igjen vere streik i staten. Slik såg det ut under streiken i 2015.

1488 tilsette ved universitet og høgskular kan bli tatt ut i streik frå 24. mai. 55 av desse jobbar ved Universitetet i Bergen.

Fristen for mekling er sett til 23. mai kl. 2400, og dersom denne ikkje fører fram vil 55 tilsette ved Universitetet i Bergen (UiB) bli tatt ut i streik frå torsdag kl. 0900.

Samanlikna med fleire andre universitet, slepp UiB billig unna i første fase: Ved Universitetet i Oslo vil 282 streike, ved OsloMet 458 og ved NTNU 328.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det varsla at 87 tilsette kan komme til å streike frå torsdag.

På Vestlandet er det berre Unio som tar ut tilsette i streik i første fase. Forskerforbundet ligg under Unio stat. LO Stat, som har NTL under sin paraply, har varsla at dei prioriterer Trondheim og Oslo i første omgang.

Leiar av konfliktutvalet i Unio stat, Kjetil Rekdal, seier i ei pressemelding at dei primært vil ramme arbeidsgivar ved ein eventuell streik.

– Men vi kan dessverre ikkje unngå at befolkninga blir ramma. Det kan for eksempel bety at studentar ikkje får avlagt eksamen, at det blir forsinka opptak til universitet og høgskular, seier Rekdal.

Ved UiB er det i hovudsak administrativt tilsette Forskarforbundet har valt å ta ut. Men det vil òg bli streikande filosofar og fagleg tilsette ved Det psykologiske fakultetet dersom partane ikkje blir einige. 

Sjølv om elleve UiB-tilsette ved studieadministrativ avdeling er tatt ut, er det så langt liten grunn til å tru at streiken får store konsekvensar for eksamensavviklinga. 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed