Vil ha meir politikk inn i universitetsstyret

Publisert:24. april 2018Oppdatert:24. april 2018, 14:17
Sofie Marhaug er ein røynd politikar, og sit i bystyret for Raudt. No skal ho stå på for stipendiatar og postdoktorar i universitetsstyret. Foto: Dag Hellesund

Sofie Marhaug (28) ønskjer seg klarare politiske skilje når ho startar som universitetsstyremedlem.

Marhaug er vald til ny representant for stipendiatar og postdoktorar i universitetsstyret. Ho har med seg lang erfaring frå politikken.

I haust starta ho som stipendiat i litteraturvitskap, og innimellom arbeidet med avhandlinga om tilhøvet mellom lov og begjær i tekstane til Franz Kafka, har ho klart å bli innvald som medlem i universitetsstyret. Som varamedlem har ho med seg postdoktor Erik A. Hanson, stipendiat Anesa Mulabecirovic og postdoktor Aina-Cathrine Øvergård.

Ballast frå partiarbeid

Marhaug har ikkje ubetydeleg politisk erfaring: Ho har sete i bystyret i Bergen sidan 2011, og har vore med i Raud ungdom og Raudt i ei årrekkje.

– Eg har òg sete i studentparlamentet for Radikal liste, vore med i Natur og ungdom og anna, men drive mest med partiarbeid.

Det er difor inga overrasking at ho gjekk til val på eit klart, politisk program. Motstand mot å organisere universiteta som føretak var saka Marhaug sette høgast i valplattforma si.

– Eg har ganske negative erfaringar med føretaksmodellen. Ein slik modell fjernar på mange måtar demokratisk og politisk kontroll over viktige samfunnsinstitusjonar, meiner Marhaug, og viser til utviklinga i helsesektoren.

Liberalistisk modell

Ho ser heller ikkje at styringsmodellen vi har i dag er ei statleg «tvangstrøye» for universitet og høgskular.

– Autonomien blir ikkje større berre fordi ein lausriver seg frå staten. Og det er særs viktig at dei som jobbar med forsking og undervisning har noko å seie for innhaldet i det dei driver på med, meiner Marhaug.

Det var Venstre som tok framlegget om ny modell inn i regjeringsplattforma.

– Det viser det eg synest er verst med Venstre: Eg er einig med dei i mange verdisaker, men ikkje når det gjeld økonomi. Der er dei eit liberalistisk parti.

Tvilar på landskap

I arbeidet med å lage seg ei valplattform har ho vore i kontakt med mellombels tilsette på ei rekke fakultet, for å gjere seg opp ei meining om kva ho bør jobbe særleg med i universitetsstyret.

– Utfordringane for stipendiatar varierer litt frå fakultet til fakultet. Men balansen mellom pliktarbeid og eige prosjekt går igjen. Og så tenkjer dei på framtida: Klarer eg å fullføre på tida? Og kva ventar etterpå, i arbeidslivet?

På Det humanistiske fakultetet har dei eit eige stipendiatnettverk, Stip-HF, der dei utvekslar erfaringar. Samarbeid med andre stipendiatar blir viktig når ho skal sitje i universitetsstyret òg.

– Eg tenkjer på at mitt mandat må forankrast i miljøet, seier Marhaug.

Korleis arbeidsplassar for stipendiatar og andre er organiserte blir òg ei viktig sak framover, trur ho.

– Det er ikkje sikkert at det er forferdeleg å sitje i opne landskap i alle situasjonar. Men ordningar der ein ikkje har sin faste plass, har eg ikkje tru på. Og det er i alle fall ikkje meir effektivt å sitje i opne kontorlandskap.

Sjølv deler ho kontor med to personar. Då går det til dømes ikkje an å rettleie studentar på kontoret.

– Det er ikkje alltid så greitt for studentar å sitje i ei kantine og snakke om deira faglege progresjon, konstaterer Marhaug.

Klarare politiske skilje

Med seg inn i styrearbeidet tek ho difor med seg litt skepsis til ein for stor iver etter å byggje nye, opne arbeidsplassar. Å selje unna for mykje av bygga sentralt i Bergen er òg noko Marhaug er spørjande til.

– Generelt skal ein vere litt varsame med å selje unna dei særprega bygga i sentrum, og å kvitte seg med bygg der ein kan ha einekontor.

Ho tek dessutan med seg kunnskapen om at det meste er politikk inn i styret. Opne, demokratiske prosessar er ho opptatt av:

– Nokre gonger kjem saker veldig brått på. På Høyden-saka nyleg er eit døme på det, og heller ikkje eit skoleeksempel på demokrati.

For studentar er det ofte vanskeleg å få auge på politikken på eit konsensussøkande universitetet:

– Kanskje rektorvala bør politiserast meir. Det er ikkje alltid så lett å sjå forskjellane mellom rektorkandidatar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed