Treng ein eit norsk fagspråk?

Publisert:5. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:44
Mange konferansar, òg ved UiB, nyttar engelsk. Ein av dei var berekraftkonferansen i vinter. Kva skjer med det norske fagspråket, spør Språkrådet.

Ligg norsk fagspråk på sotteseng, spør Språkrådet. – Det er viktig å halda det norske fagspråket levande, svarar prorektor Margareth Hagen.

– Norsk språk og norsk fagterminologi må vedlikehaldast, slær prorektor Margareth Hagen fast.

Fredag arrangerer Språkrådet eit frukostmøte i Bergen med tema «språkval i akademia». Hagen er ein av innleiarane.

- Viktig å meistra norsk

I hovudstaden får Oslomet-rektor Curt Rice no kritikk fordi alle vitskapelege stillingar ved universitetet skal lysast ut internasjonalt, og det skal ikkje stillast krav om at dei som vert tilsett skal meistra norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjingstidspunktet. I det omstridde notatet heiter det òg at det for tilsette i forskings- og undervisningsstillingar er viktig med gode kunnskapar i både norsk og engelsk.

Tilsette ved norskseksjonen ved Avdeling for lærarutdanning er blant dei som reagerer. I eit lesarinnlegg i Khrono skriv dei at «språk er en grunnleggende forutsetning for identitet. Språk er en grunnleggende forutsetning for deltakelse. Språk er en grunnleggende forutsetning for læring. Derfor mener vi at det både kulturelt, faglig og pedagogisk er svært viktig at studenter som gjerne vil utdanne seg til å bli profesjonsutøvere i Norge, får utdanningen sin på norsk».

– Ved UiB skal dei som vert tilsett i fast stilling læra seg norsk i løpet av to år. Dette er viktig, og noko som vert følgt opp. Å meistra norsk er naudsynt for å kunne vera ein del av arbeidsplassen og fagmiljøet. Ein skal kunne delta i styringsorgan og medverka i universitetssamfunnet, seier Margareth Hagen.

Vil ha formidling på norsk

Har utdanningsinstitusjonane funne oppskrifta på ein språkleg balansegang mellom norsk og engelsk, spør Språkrådet i omtalen av seminaret. I mange fagmiljø skjer mykje av publiseringa av vitskapelege resultat nærast utelukkande på engelsk.

– Eg meiner ikkje at alle må publisera på norsk, men eg meiner at ein bør. Og det som er særleg viktig at skjer på norsk, er formidling. Det er viktig å halda det norske fagspråket levande, seier Hagen.

– Kva med undervisning, går den føre seg på engelsk på alle nivå?

– Eg trur ikkje at ein underviser så mykje på engelsk ved UiB at det utgjer nokon fare for norsk fagspråk. Noko undervisning på engelsk er det nok på dei fleste nivå. Men engelsk er òg viktig, seier Hagen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed