Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Styret skal diskutera På Høyden torsdag

Publisert:6. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:41
Universitetsstyret skal allereie torsdag diskutera På Høyden si framtid.

Parat gjekk i bresjen for å få ei uavhengig avis ved UiB. Fagforeiningsleiar Randi Heimvik er svært skeptisk til at avisa no kan verta lagt ned.

– Det var medlemmer i Parat som kom til meg og sa at dei følte at dei ikkje hadde fridom til å ytra seg. Eg føreslo at UiB burde ha ei avis med redaktørplakat.

Det seier Randi Heimvik, som leiar Parat ved UiB. Ho meiner framleis at det er viktig med ei sjølvgåande avis. På Høyden har vore uavhengig sidan sommaren 2012.

–  Ein må kunne vera kritisk til leiinga. Me har kommunikasjonsavdelinga som er talerør for leiinga og som informerer om kva som skjer ved UiB. Då er det veldig viktig at ein òg har ei sjølvstendig avis som jobbar etter redaktørplakaten, seier Heimvik.

Har jobba med avtale sidan i fjor sommar

På Høyden-redaksjonen vart informert frå styreleiar like før påske om at UiB-leiinga ønskjer å avvikla avisa i dagens form og heller verta ein del av Khrono (avis for Oslomet). Beskjeden var at saka skulle handsamast i universitetsstyret 31. mai. No er dette framskunda.

I sakspapira til møtet neste veke, altså 12. april, ligg det ei sak med tittel «Utredning av muligheten for å etablere nasjonal universitetsavis». Der går det fram at heilt sidan i fjor sommar har det vore jobba med ein avtale med Oslomet. Redaksjonen eller På Høyden sitt styre har ikkje vore informert om dette før like før påske.

I sakspapira heiter det at eit forhandlingsutval har kome til semje med Oslomet om eit rammeverk for ein eventuell avtale. Her heiter det mellom anna om at avisa skal ha nasjonal orientering, og eit nytt styre. Redaktørstillinga skal lysast ut som åremål. På Høyden-namnet vil forsvinna og verta erstatta av Khrono. Les meir om saka her.

Kritisk til prosessen

– På Høyden fyller eit rom for lokal, kritisk journalistikk som eg er skeptisk til om vil verta fylt dersom avisa vert ein filial av ei avis på Austlandet.

Det seier Morten-Christian Bernson, som er nestleiar i NTL ved UiB.

Bernson seier at NTL er skeptisk til modellen leiinga har lagt opp til, og stiller spørsmål ved kor mykje lokal, kritisk journalistikk det vil verta plass til i ei nasjonal avis.

– Leiinga kan sjølvsagt synast det er ubehageleg med kritiske spørsmål. Som fagforeining har me òg ein slags vaktbikkjefunksjon, men det er mykje me ikkje kan gå ut med fordi det er knytt tausheitsplikt til det. På Høyden får ei anna rolle og kan både passa på leiinga og skapa gode debattar lokalt, seier Bernson.

I saksframlegget heiter det at «parallelt med etableringen av en eventuell nasjonal avis blir det i så fall også kritisk viktig at UiB legger ressurser i å utvikle en tydelig kanal for internkommunikasjon og informasjon som ivaretar både ansatte og studenter. En slik arena må også legge til rette for åpen og kritisk debatt som ivaretar det lokale universitetsdemokratiet ved Universitetet i Bergen». Bernson er skeptisk til korleis denne kanalen vil fungera.

– Dette vil jo verta universitetsleiinga sitt talerør, med redaktøren som ein del av leiinga. Eg ser ikkje heilt korleis ein debatt der vil gå føre seg, seier Bernson.

Den tillitsvalte er òg skeptisk til prosessen. Han stiller spørsmål ved kvifor universitetsstyret ikkje har vorte informert tidlegare, dersom det er slik at UiB-leiinga ikkje har vore nøgde med måten redaksjonen har jobba på.

– Det er rart at det første ein gjer dersom det er noko ein ikkje er nøgd med eller samd i, er å legga avisa ned, seier Bernson.

Som Heimvik seier han at inntrykket hans er at medlemmene i NTL i hovudsak les På Høyden – ikkje søsteravisene.

– Eg er ikkje motstandar av ein nasjonal nettstad med nyhende frå sektoren. Men då må ein få ein felles nettstad med nyheiter frå fleire institusjonar. Med ei felles avis for berre UiB og Oslomet kan ein vanskeleg fylla eit nasjonalt behov, seier Bernson.

Legg ned fora for debatt - utan debatt

Steinar Vagstad er hovudtillitsvalt i Forskerforbundet ved UiB. Han er samd med dei andre tillitsvalte.

– Det er ein skikkeleg dårleg ide å legga ned På Høyden. Eg synest På Høyden er litt lite brukt av dei tilsette, men det seier meir om universitetsdemokratiet enn om På Høyden, seier Vagstad.

– Trur du tilsette kjem til å skriva debattinnlegg i større grad dersom På Høyden vert ein del av Khrono?

– Det er fullstendig utelukka.

Vagstad seier han har merka seg at saka om ei felles avis tydelegvis har vore drøfta sidan i fjor sommar.

– Eg finn nesten ikkje ord. Her vil ein altså legga ned det einaste fora ein har for debatt - utan debatt. Ein har hatt høyring knytt til saker som er langt mindre viktige, seier fagforeningsleiaren.

Endeleg avgjersle 31.mai

I sakspapira står det at forslag til vedtak skal utformast i møtet. Universitetsstyret skal inviterast med på råd for å drøfta ulike modellar for universitetsavis. Dersom styret ønskjer å gå vidare i prosessen med å etablera ei nasjonal universitetsavis vil leiinga koma attende med eit forslag til framforhandla avtaletekst til styremøtet 31.5.

På Høyden har fleire gonger prøvd å få kommentarar frå rektor ved OsloMet, Curt Rice, men fått avslag. Kommentere vil heller ikkje styreleiar i Khrono, tidlegare prorektor ved UiB, Anne Lise Fimreite. Ho viser tilbake til eigar av Khrono, altså OsloMet. Direktør for avdeling organisasjon og virksomhetsstyring ved OsloMet, Tore Hansen, som har leia forhandlingane med UiB, har tidlegare avslått å kommentere saka.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed