Rapport: IKT-fag skal samlast under same tak

Publisert:9. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:44
Informasjonsvitskap, som i dag held til saman med medievitskap på SV-fakultetet, bør flytte, tilrår ei arbeidsgruppe. Dei ønskjer samling av IKT-fag i Media City. Foto: Simon Brandseth/UiB

Informatikk, informasjonsvitskap og andre IKT-miljø ved UiB skal samlast.

Det er tilrådinga frå ei arbeidsgruppa som har jobba med å «styrke og konsentrere universitetets IKT-satsing på utdanning, forsking og infrastruktur». Målet er å utvikle tverrfaglege studietilbod.

– Når folk går saman i eit fagfellesskap vil ein naturleg finne problemstillingane ein bør samarbeide om, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal. Ho har leia arbeidsgruppa, som har bestått av representantar frå institutt og fakultet som skal gå inn arbeidet med å utvikle nye studiepogram.

Sjå på næringslivet

Ifølgje rapporten er det rom for sterkare samarbeid mellom dei ulike IKT-faglege miljøa – og dette «omfatter først og fremst informatikk og informasjonsvitenskap». For å få dette til, må dei samlast i same lokale. «En samlokalisering må omfatte informatikk og informasjonsvitenskap, men også andre miljøer bør vurderes», heiter det i rapporten. 

Det er uttrykt håp om at Media City kan huse IKT-faga i framtida, men det er uavklart om dette let seg realisere.

– Det er fagmiljøa sjølv som må arbeide fram dei tverrfaglege IKT-programma og sjå på det næringslivet etterspør, seier Samdal.

– Solid forankring

Universitetet i Bergen (UiB) har ulike informasjonsteknologiske fagmiljø og utdanningstilbod. Blant desse er fleire knytt til Institutt for Informatikk, som høyrer til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Informasjonsvitenskap oppstod på HF, og i 1972 vart den første professoren tilsett, då i eit eige institutt under HF og SV-fakultetet. Sidan 2004 har Informasjonsvitenskap vore ein del av Institutt for Informasjons- og medievitenskap.

Fleire fagleg tilsette i informasjonsvitskap har lenge tatt til orde for ei samanslåing med Informatikk.

Under Det humanistiske fakultet ligg faget Digital kultur som særleg knyter seg til estetiske og kulturelle sider ved teknologien.

– Vi meiner vi har ei solid forankring i fagmiljøa. I arbeidsgruppa har vi hatt med dekanar og instituttleiarar frå alle institutta og fakulteta som går inn i dette, seier Samdal.

Integrering i alle program

Når fagmiljøa flyttar saman, håper UiBs arbeidsgruppe at studieprogramma skal utvikle «større bredde innen fagområdet», utvikle tverrfaglige studieprogram og legge til rette for IKT og digtalisering blant «frie studiepoeng» i andre studieprogram som opnar for. Dessutan skal UiB sjå nærare på korleis IKT kan integrerast i alle program. «Alle studenter som gjennomfører et studieprogram ved UiB må sikres en grunnleggende digital kompetanse», heiter det i rapporten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed