Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Publiserer meir enn før på nivå 2

Publisert:10. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:43
Norske forskarar publiserer stadig meir vitskapeleg arbeid. Foto: Dag Hellesund

UiB-forskarar fekk over 2800 publikasjonspoeng for artikkelpublikasjonar i fjor. Nesten halvparten av dette kom på nivå 2.

– Det vert publisert meir og det vert publisert meir internasjonalt. Dette er ei trend vi har sett heilt frå Cristin vart oppretta og vi fekk samla statistikk på dette, seier Marit Henningsen, fagleiar for Cristin-sekretariatet i Kunnskapsdepartementets tenesteorgan (KDTO) i ei pressemelding.

Tysdag kom tala som viser kor mykje norske forskarar publiserte i fjor. Talet på vitskapelege publieringar aukar. I fjor vart det rapportert inn 25 033 vitskapelege artiklar, bøker og bokkapittel til Cristin. Dette er 1441 fleire enn i 2016. Ein ser at stadig fleire av publiseringane kjem etter samarbeid med andre, òg internasjonalt samarbeid.

Meir og meir samarbeid

Dei aller fleste publiseringane kjem i form av artiklar, og nær halvparten av alle publikasjonar kjem som følgje av eit internasjonalt samarbeid. Talet på samarbeidspubliseringar har auka jamt og trutt dei siste åra.

Ser ein på UiB, finn ein at 55 prosent av publikasjonane og 51 prosent av publikasjonspoenga kjem som resultat av internasjonalt samarbeid. Berre 22 prosent av publikasjonane kjem som resultat av eine-forfattarskap.

UiO størst

Talet på publikasjonar på nivå 2 aukar òg. Dette er det høgste nivået. Framleis er det Universitetet i Oslo som er det største når det gjeld vitskapeleg publisering. Forskarar knytt til UiO fekk publisert 1435 artiklar på nivå 2 i fjor. NTNU hadde 958, og UiB som nummer tre hadde 737. Dette er ein auke frå året før.

– Eg meiner det er viktig å ha eit medvite forhold til kor ein publiserer, på kva nivå ein publiserer og når ein publiserer, seier prorektor Margareth Hagen.

– Totalt sett vert det publisert ein enorm mengde vitskapelege arbeid i Noreg. Kor stor er marknaden?

– Det er ein enorm mengde, og difor meiner eg at det er viktig i mange tilfelle å satsa på publisering på nivå to. Det er ei grense for mykje ein kan publisera, og ein aukar ikkje kvaliteten ved å auka mengda, seier Hagen.

Ho er glad for at UiB-forskarar publiserer meir saman med internasjonale samarbeidspartnarar, sjølv om det betyr at det vert færre publikasjonspoeng, og slik òg mindre pengar, til UiB.

Høgskulen frå Vestlandet hadde ein fin auke frå 2016, og publiserte 79 artiklar på nivå 2 i fjor. Det ferskaste universitetet, Oslomet, hadde fleire publiseringar på nivå 2 enn Universitetet i Agder. Med Oslomet hadde ein nedgang samanlikna med året før.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed