Ny i UiB-styret: – Vi treng tryggare studentar

Publisert:20. april 2018Oppdatert:20. april 2018, 13:54

– Målet er å få studentane si stemme inn i fleire av sakene som er oppe i styret, seier Sausan Hussein.

Saman med Erlend Grønvold er ho nyvald studentrepresentant til UiB-styret. Studentrepresentantane blir valde for eitt år.  

– Eg ønskjer meg eit meir inkluderande universitet, som kan gjere studentane trygge på eit tidleg tidspunkt, både fagleg og sosialt. Dette handlar også om redusere fråfallet, så dette reknar eg med eg har universitetsleiinga med meg i, seier Sausan Hussein, som sjølv er student på 3. avdeling juss.

Betre sensur

Ho har elles gått til val på eit krav om at UiB må styrke det digitale tilbodet. Ifølgje Hussein heng ansvaret og kunnskapen i for stor grad på enkeltpersonar kringom på fakulteta. Det handlar om at fleire tileignar seg og får del i kunnskapen, meiner Hussein. Også sensur er eit aktuelt emne, særleg knytt til Juridisk fakultet, som har hatt eit høgt tal på klager på karakterar. Hussein ønskjer at kandidatar ved UiB skal vurderast av to sensorar, slik dei blir ved universiteta i Oslo og Tromsø. I dag har UiB-studentar berre ein på første sensur.

– Eg veit også at HF har slite med sein sensur, og det er uheldig. Det er viktig at ein er trygg på kva som står i papira når ein går ut herifrå, seier Hussein.

Hussein er frå Kristiansund, og kom frå Nord-Irak som femåring. Ho blir den eine i UiB-styret med fleirkulturell bakgrunn.

– Bakgrunnen min gjer kanskje at eg har med meg litt andre perspektiv, men først og fremst er det eit engasjement for studentpolitikken som driv meg.

Studentar kan påverke

Den andre nyvalde studentrepresentanten, Erlend Grønvold, går på lektorutdanninga med master i fransk. Han meiner studentane ikkje er tilstrekkeleg bevisst si eiga rolle i samfunnet.

– Studentar bør kunne påverke både eigen institusjon og samfunnet elles langt meir enn i dag. I studentpolitikken, kulturen, idretten og andre område er vi ein stor og viktig bidragsytar til samfunnet. Den rolla er studentar i variabel grad klar over og opptekne av, seier Grønvold.

I UiB-styret vil han jobbe for meir deltakande undervisningsformer. Han er også oppteken av å vidareføre arbeidet etter #meeto-kampanjen.

– Den viser at vi må arbeide med å bevisstgjere og endre haldningar og skeive maktforhold, særleg i relasjonen mellom student og rettleiar, seier Grønvold.

Grønvold og Hussein går inn i UiB-styret etter sommaren.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed