NTNU: – Khrono ikkje vårt førsteval

Publisert:3. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:40
Universitetsavisa ved NTNU, der Jens Barland leiar redaksjonsrådet, har takka nei til Khrono. Foto: Jan T. Øverstad

– Det er rom for ein nasjonal publikasjon, men ikkje med den plattforma Khrono og OsloMet har lagt fram.

Det seier leiar i redaksjonsrådet for Universitetsavisa ved NTNU, Jens Barland. Barland er også førsteamanuensis i medieledelse og innovasjon og har mediebakgrunn, mellom anna som sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

– Vi ser at det absolutt er rom for ein nasjonal publikasjon på feltet, men plattforma som Khrono og OsloMet har lagt fram er ikkje vårt førsteval. Derfor har vårt råd vore å takke nei, seier Barland til På Høyden.

UiB-leiinga ønskjer å legge ned På Høyden og er i forhandlingar  med OsloMet - Storbyuniversitetet om å innlemme redaksjonen i Khrono. 

Rektor ved NTNU «mener det vil være fornuftig å jobbe videre med flere ideer før en endelig konklusjon blir trukket og vil derfor i denne omgang takke nei til medeierskap i Khrono etter den modellen som er foreslått», heiter det i avslagsbrevet frå NTNU.

– Konseptet med éin nettstad for sektoren treng ikkje å vere den beste løysinga. Og kanskje er det ikkje naturleg at OsloMet skal ha ei så framskoten rolle. Det kan tenkast at andre modellar er betre. Kanskje er meir systematiske former for samarbeid og stoffutveksling vegen å gå. I dag har vi også forskning.no, som alt bygger på eit felles eigarskap mellom institusjonane i sektoren, seier Barland. Han understrekar at han ikkje legg fram forslag, men tenker høgt.

­– Vi bør absolutt finne fram til eit samarbeid som styrkar den journalistiske dekninga av sektoren. Det mest dramatiske er å ikkje gjere noko no når media endrar seg så mykje. Men det finst fleire ulike måtar å organisere dette på om ein vil bety noko i samfunnet, seier Barland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed