God dag, du snakkar med Universitetet i Bergen!

Publisert:11. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:40
Ester Myhre og Anne-Chatrine Lien er stemmene frå Universitetet i Bergen. Dei er redd det blir vanskelegare å halde seg oppdatert om kva som hender på UiB om På Høyden blir lagt ned. Foto: Njord V. Svendsen

Det osar skepsis frå dei to medarbeidarane og åtte potteplantene i UiBs sentralbord og ekspedisjon.

– Nokon fordelar har det sikkert, men altså …

Ester Myhre skal akkurat til å kommentere saka, du veit den om På Høyden og Khrono og så vidare, men blir avbroten av arbeidet.

–  Universitetet i Bergen … ! seier Ester inn i røyret, UiB held seg framleis med fasttelefonar (Kjelder i OsloMet fortel at der er det både fast- mobil og Skype Business).

– Kan du gjenta etternamnet? Eg set deg over. Ver så god! seier Esther og sender innringaren til rett person.  

Kor var vi?

Jau, ved ekspedisjonen til Universitetet i Bergen (UiB), eller sentralbordet om du vil. Ein journalist frå På Høyden lener seg forsiktig på skranken og prøver å ikkje stille altfor leiande spørsmål.

Kor alle er

– Det kan vel vere ein god ide, å få meir nasjonal dekning av sektoren, slik rektor Olsen ønskjer seg?

– Nokon fordelar har det sikkert, altså. Men ein kjem jo til å miste noko.

– Kva då?

– Dei lokale meiningsutvekslingane, for eksempel. For oss her er i alle fall På Høyden veldig nyttig. Det er der vi held oss a jour med det som hender her på universitetet. Ja, kor alle er.

– Kor alle er?

– Ja, det er veldig mykje endringar i organisasjonen. Det er rart med det. Dette kan jo ikkje bli like godt dekka om ein berre skal skrive på nasjonalt plan. Ein kan ikkje vere like tett på, det er vel opplagt, seier Ester Myhre.

Så ringer det i fasttelefonen igjen. Det ringer. Og ringer. Dei som trur alle er på snap, bør skaffe seg empiri ved sentralbordet.  

– Vi har jo sett kva som hende i BT, skyt kollega Anne–Chatrine Lien inn.

- Kva hende, eigentleg?

– Ja, kva hende, eigentleg?

– Det er ilegg frå Aftenposten no for tida. Vi har mista noko av lokalstoffet.

Journalisten frå På Høyden understrekar at det framleis skal vere ein redaksjon i Bergen, men at redaktøren i Khrono truleg vil sitje Oslo, utan at han føler det leier til altfor leiande spørsmål.

– Det lokale fokuset blir svekka når styringa hamnar i Oslo, det er klart at det blir slik, seier Anne-Chatrine Lien.

Dei åtte bergenske potteplantene som har fått plass i ekspedisjonen er tause, men det er berre fordi dei ikkje har ryggmargsrefleks.

Så ringer det igjen.

Men

Bak skranken i Universitetsbiblioteket (UB) sit bibliotekar Åshild Seim og tar imot dei som mistenker at ikkje alt finst på Google

– Eg er ikkje den som les mest aviser, heller ikkje På Høyden. Men …

– Men …? 

– Eg synest ikkje vi skal gå inn i OsloMet.

– Korfor ikkje?

– Det blir for lite lokalt. Det kan godt vere at nokon vil ha det overordna og ikkje det lokale. Men eg personleg er nok meir oppteken av det lokale. Men eg les ikkje så veldig mykje i På Høyden, skal eg innrømme.

– Kjenner du til Khrono, då?

– Eigentleg ikkje. Eg leste om Khrono i avisa, seier Åshild Seim.

Amor librorum nos unit, står det i gullskrift på veggen over henne, kjærleiken til bøkene sameinar oss. 

Mot Dag

Kva så med studentane? Ein ting er å ta ansvar nasjonalt. Men rektor meiner også at eit oppkjøp i Khrono kan gjere at ein «tar vare på studentperspektivet i større grad».

I Studentradioen ser vi ikkje ein einaste fasttelefon, redaksjonsmedlemmene sit med  nasane i kvar sin mobil, i sosial ring, som rundt eit leirbål. Jau, nokon har registrert saka. Ein debatt i radio mellom Dag og Dag kunne gjort seg. Hellesund vs. Olsen. Redaktør mot rektor. 

Lenger borti gangen held Studvest til. 

– Eg vil ikkje ta stilling no til kva som er lurt å gjere i denne saka. Men det er sjølvsagt positivt det, at Olsen vil ta vare på studentperspektivet. Det er bra med fleire vaktbikkjer. Men korleis skal det eigentleg skje? Det får eg ikkje heilt tak på, seier ansvarleg redaktør, Maria Rud Halvorsen.

Meir uoffisielle kjelder finn vi utanfor Studentsenteret.

– Eg har høyrt om På Høyden, seier Andreas Vandvik, opplyst som han er, av vårsola. Khrono har han dessverre aldri høyrt om.

Journalisten noterer ivrig.

– Kor var det eg høyrde om På Høyden hen? NRK? BT, kanskje? Noko med ei nedlegging?

– Ja …

Han andre, Vemund Strømseng, har på si side, høyrt om Khrono. Til gjengjeld er På Høyden ukjent.

– Å samle dekninga kan sikkert vere fint, det, seier han, det blir jo færre å halde styr på.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed