Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Fanst ikkje dokument om nedlegginga

Publisert:12. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:40
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier det er hans ansvar at dokument knytt til avviklinga av På Høyden ikkje er journalført, og at han vil betra rutinane.

Ingen dokument knytt til forhandlingar mellom UiB og Oslomet om å laga ei felles avis og legga ned På Høyden har vore offentleg tilgjengelege.

I dag skal universitetsstyret ha årets andre møte. Ei av sakene på dagsorden er nedlegginga av På Høyden. Du kan følgja møtet direkte her:

Her er del 3, etter lønsj: 

Her er del 2, etter sak om riksrevisjonen.

Her er del 1: 

Som det tidlegare har vorte skrive, har ikkje På Høyden-styret eller redaksjonen visst noko om å avvikla avisa før styreleiar vart informert like før påske. Redaksjonen sjekkar jamnleg postjournalane ved mellom anna UiB, men har ikkje sett spor av saka der. Då styresaka vart offentleggjort, ba redaksjonen om innsyn i all korrespondanse i saka. Den første tilbakemeldinga var at ingenting var lagt inn i ephorte. Onsdag ettermiddag kom det likevel ei liste med dokument.

Tek sjølvkritikk

– Kor har desse dokumenta vore, universitetsdirektør Bernstrøm?

– I ettertid ser me at enkelte av desse dokumenta burde vore journalført. Det var ein feil at det ikkje vart gjort.

– Kvifor vart det ikkje journalført?

– Du veit like godt som meg at det er eit problem å journalføra epost. Mykje av dette ville uansett vore unntatt inntil saksframlegget var klar fordi me drøfta forretningsmessige spørsmål som ein del av denne prosessen.

Fleire av epostane handlar om å avtala møte eller takka for sist, til dømes denne frå Tore Tungodden, sendt 20. desember i fjor. Der heiter det at «Vi viser til invitasjon. Universitetsledelsen har drøftet notatet og ønsker en nærmere gjennomgang og utredning av modell for samarbeid før vi kan konkludere med hensyn til eventuell deltakelse».

– Er dette epost ein kan unnta?

– I ettertid ser me at ein del burde vore journalført, gjentek Bernstrøm.

– Det er lett å mistenkja dykk for å ville halda noko skjult?

– Eg trur ikkje det er bevisst at dette ikkje er ført, men tankeløyse. Det er til sjuande og sist mitt ansvar at det ikkje er gjort løpande, og eg vil gjennomgå rutinane slik at arkivlova vert følgt, seier Bernstrøm.

Møte med Oslomet

Eit forhandlingsutval med prorektor Margareth Hagen, assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden og underdirektør Rune Indrøy har forhandla på vegne av UiB. Dei har møtt Tore Hansen, direktør for organisasjon og verksemdsstyring ved Oslomet.

Eit av punkta på lista er eit møte mellom desse fire, som vart arrangert i slutten av februar. Men det er ikkje lagt ved verken saksliste eller referat. I etterkant av møtet vart det laga eit forslag til rammer for avtale om felles eigarskap. Det er desse som er lagt fram, i noko endra form, for styret.

– Det er ikkje laga noko referat frå dette møtet. Dette var eit forhandlingsmøte der prospektet frå Khrono danna utgangspunktet og møtet vart oppsummert i eit første utkast til avtale som På Høyden no har fått, seier Bernstrøm.

BOTT og Ida Blom

Blant dei andre sakene på sakslista er mellom anna ei sak om vidareføring av namnet Ida Bloms hus, og ei sak om status for universitetssamarbeidet BOTT. På Høyden har tidlegare omtala saka om felles økonomisystem for dei fire gamle universiteta, og universitetsstyret får no ei løypemelding.

22/18Godkjenning av innkalling og saksliste
23/18 Godkjenning av protokoll fra møte 15.2.2018
24/18 Økonomirapport per februar 2018
25/18 Status og plan for riksrevisjonens revisjon av regnskap og budsjettdisponering for Universitetet i Bergen for budsjettåret 2017. Ikke offentlig
26/18 Møteplan for universitetsstyret 2019
27/18 Handlingsplan for universitetets satsing med Kina
28/18 Universitetssamarbeidet BOTT – orientering om status
29/18 Utredning av muligheten for å etablere nasjonal universitetsavis
30/18 Ida Bloms hus
31/18 Årsrapport 2017 - Arbeidsmiljøutvalget
32/18 Årsrapport 2017 - Bedriftshelsetjenester
33/18 Studentombudet ved Universitetet i Bergen – Årsrapport for 2017
34/18 Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret – Aktivitets- og økonomirapport for 2017
35/18 Årsmelding Holbergprisen 2017
36/18 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater
37/18 Internrevisjonsrapport - midlertidige ansettelser
38/18 Internrevisjonsrapport – Klinikkdrift ved Det Psykologiske fakultet. Ikke offentlig
39/18 Tilsyn med arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap ved Universitetet i Bergen. Ikke offentlig
40/18 Senterleder ved SFF - Centre for Cancer Biomarkers - Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor. Ikke offentlig
41/18 Senterleder ved SFF - Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health - Ansettelse uten forutgående kunngjøring som 1404 professor. Ikke offentlig
42/18 Revisjon av HAV, LIV, SAMFUNN - Universitet i Bergens strategi 2016 – 2022 – mandat for arbeidsgruppe
43/18 Navn på helseklynge

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed