Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier det er hans ansvar at dokument knytt til avviklinga av På Høyden ikkje er journalført, og at han vil betra rutinane.Foto: silje katrine robinson
Hilde Kristin Strand
Journalist
På Høyden
Ingen dokument knytt til forhandlingar mellom UiB og Oslomet om å laga ei felles avis og legga ned På Høyden har vore offentleg tilgjengelege.
I dag skal universitetsstyret ha årets andre møte. Ei av sakene på dagsorden er nedlegginga av På Høyden. Du kan følgja møtet direkte her:
Her er del 3, etter lønsj:
Her er del 2, etter sak om riksrevisjonen.
Her er del 1:
Som det tidlegare har vorte skrive, har ikkje På Høyden-styret eller redaksjonen visst noko om å avvikla avisa før styreleiar vart informert like før påske. Redaksjonen sjekkar jamnleg postjournalane ved mellom anna UiB, men har ikkje sett spor av saka der. Då styresaka vart offentleggjort, ba redaksjonen om innsyn i all korrespondanse i saka. Den første tilbakemeldinga var at ingenting var lagt inn i ephorte. Onsdag ettermiddag kom det likevel ei liste med dokument.
Tek sjølvkritikk
– Kor har desse dokumenta vore, universitetsdirektør Bernstrøm?
– I ettertid ser me at enkelte av desse dokumenta burde vore journalført. Det var ein feil at det ikkje vart gjort.
– Kvifor vart det ikkje journalført?
– Du veit like godt som meg at det er eit problem å journalføra epost. Mykje av dette ville uansett vore unntatt inntil saksframlegget var klar fordi me drøfta forretningsmessige spørsmål som ein del av denne prosessen.
Fleire av epostane handlar om å avtala møte eller takka for sist, til dømes denne frå Tore Tungodden, sendt 20. desember i fjor. Der heiter det at «Vi viser til invitasjon. Universitetsledelsen har drøftet notatet og ønsker en nærmere gjennomgang og utredning av modell for samarbeid før vi kan konkludere med hensyn til eventuell deltakelse».
– Er dette epost ein kan unnta?
– I ettertid ser me at ein del burde vore journalført, gjentek Bernstrøm.
– Det er lett å mistenkja dykk for å ville halda noko skjult?
– Eg trur ikkje det er bevisst at dette ikkje er ført, men tankeløyse. Det er til sjuande og sist mitt ansvar at det ikkje er gjort løpande, og eg vil gjennomgå rutinane slik at arkivlova vert følgt, seier Bernstrøm.
Møte med Oslomet
Eit forhandlingsutval med prorektor Margareth Hagen, assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden og underdirektør Rune Indrøy har forhandla på vegne av UiB. Dei har møtt Tore Hansen, direktør for organisasjon og verksemdsstyring ved Oslomet.
Eit av punkta på lista er eit møte mellom desse fire, som vart arrangert i slutten av februar. Men det er ikkje lagt ved verken saksliste eller referat. I etterkant av møtet vart det laga eit forslag til rammer for avtale om felles eigarskap. Det er desse som er lagt fram, i noko endra form, for styret.
– Det er ikkje laga noko referat frå dette møtet. Dette var eit forhandlingsmøte der prospektet frå Khrono danna utgangspunktet og møtet vart oppsummert i eit første utkast til avtale som På Høyden no har fått, seier Bernstrøm.
Avtroppende rektor Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania synes norsk forskning er for lite relevant og samfunnsnyttig, men møter motbør. — Kortsiktig relevans er skadelig, mener UiO-professor.
Beijing: UiO-rektor Svein Stølen har hatt møter med lederne i 4 av Kinas 6 beste universiteter. Det er han godt fornøyd med. Politikken overlater han til KD.
- Kostnader ved dårligere arbeidsmiljø, nedsatt produktivitet, økt sykefravær og tap av høyt kvalifisert og motivert arbeidskraft kan langt overstige innsparte arealkostnader, konkluderer overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet.
Nesten ingen i kunnskapssektoren ønsker åpne landskap - bortsett fra lederne. Forskningen støtter dem som mener felleskontoret gjør dem syke, slitne og mindre produktive. Arbeidsplassrådgiver Marlene Dahle mener vi må bort fra diskusjonen om cellekontorene, og heller starte med å finne ut hva som gir gode kontorløsninger.
Etter å ha ventet langt over lovens tidsfrister, fikk Martin Bardshaug en gave ved inngangen til juleferien, fra Gulating lagmannsrett: Fullt medhold og tilkjenning av saksomkostninger.
Publisering er ekstremt skjevfordelt i norsk akademia. Noen få er hyperaktive i enkelte år. Her er topp 100-listen for UiB.
Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!
På Høyden
På Høyden er Universitetet i Bergen si uavhengige avis, som sidan januar 2001 blir publisert på internett. På Høyden blir redigert etter Redaktørplakaten, Tekstreklameplakaten og Ver varsamplakaten.