Etterlyser ammerom

Publisert:11. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:42
Sofia Seica-Watson er åtte månader gamal, og kjem på kontorbesøk til mor Anna Blekastad Watson kvar dag for å få morsmjølk. Biletet er teke i påskeveka, då var Watson åleine på kontoret ho vanlegvis deler med to andre stipendiatar. Men i ei vanleg arbeidsveke er det ikkje alltid like lett å finna ein passande stad å amma.

Kvar dag kjem vesle Sofia på kontorbesøk til mamma Anna Blekastad Watson. Så gjeld det berre å finna ein passande plass å amma.

– Ammefasiliteter finst ikkje, seier Anna Blekastad Watson.

Ho er stipendiat i teatervitskap og mor til vesle Sofia Seica-Watson (8 mnd). Watson er nyleg attende etter foreldrepermisjon, og ammar framleis. Det betyr at Sofia kjem innom UiB og HF-bygget kvar dag. Men spørsmålet er kor Sofia kan få mat. Mor deler kontor med to andre stipendiatar.

– Eg synest ikkje eg kan uroa andre. Samstundes treng barna ro rundt seg når dei skal eta. Sofia er så stor no at ho vert ukonsentrert dersom det skjer mykje rundt henne, seier Watson.

Viser til forskrift

Ho skreiv eit brev til fakultetsadministrasjonen, der ho viser til Arbeidsplassforskriften. Der heiter det at «Gravide og ammende skal ha mulighet for å legge seg ned og hvile under egnede forhold».

– Ein har fått på plass eit stellebord på handikaptoalettet her på HF-bygget. Men eg meiner at det bør vera eit ammerom her òg. Rommet bør ha ei viss skjerming, ein sofa eller god stol, og gjerne moglegheit for å varma mjølk. Nokre matter på golvet der litt større barn kan leika er òg fint, og gjerne ei stellematte, seier Watson.

Ho meiner at eit grupperom på Sydneshaugen skole med forholdsvis enkle grep kan gjerast om til eit rom for amming.

– UiB er ein gigantisk arbeidsplass, med mange tilsette frå ulike kulturar. Det er ikkje slik at alle synest det er like naturleg å amma offentleg. Som feminist meiner eg òg at ein treng ein stad der kvinner kan gi mat til barna sine i fred. Amming er viktig, seier stipendiaten.

Brukte toalettet

Trude Bukve representerer gruppe B, det vil seia vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, i HF sitt fakultetsstyre. Ho tok sjølv om spørsmålet om ammerom med STIP-HF, ph.d.-kandidatutvalet ved HF, for nokre år sidan, og meiner dette er ei sak fakultetsstyret bør diskutera.

– Eg starta i stipendiatstillinga då yngste barnet mitt var fem månader gamalt, og hadde behov for å anten pumpa meg eller amma i løpet av arbeidsdagen. Eg delte kontor med to andre stipendiatar, og det var ikkje veldig naturleg å skulle pumpa seg der, seier Bukve.

Ho fortel at ho først nytta eit toalett, men at ho seinare fekk låna eit kontor der ho kunne vera i fred.

– Tilgang til eit ammerom synest eg er ei viktig likestillingssak. Dette er noko som er viktig for både studentar og tilsette, seier Bukve.

Ho meiner eit ammerom vil vera viktig ikkje minst for kvinnelege stipendiatar. Det vil kunne gi større fleksibilitet i arbeidskvardagen og gjera det lettare å koma raskare attende i arbeid.

– Slik vil det kunne ha positive verknader for gjennomføringsgraden i stipendiatgruppa.

Sjølv enda ho ofte med å amma i studentkantina. Ikkje ei god løysing, meiner ho.

– Eg har ofte amma i det offentlege rom. Men på arbeidsplassen min kjente eg at eg hadde behov for ein meir tilbaketrekt stad. I kantina trefte eg både kollegaer og dei studentane eg seinare skulle undervisa, seier Bukve.

EIA er på saka

Kim Hommen er fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet. Han seier at at fakultetet per i dag ikkje har noko eigna ammerom.

– Me har sendt saka vidare til eigedomsavdelinga og har ein dialog med dei, seier Hommen.

Eigedomsdirektør Even Berge stadfestar at avdelinga har motteke spørsmålet om ammerom. I dag finst det ikkje eit einaste ammerom på UiB.

– Eg trur ikkje dette er noko ein har tenkt godt nok på tidlegare, seier han.

No skal eigedomsavdelinga finna ei løysing for HF.

– Det handlar om prioritering av plass, og er ikkje eit tiltak som vil vera ein stor kostnadsdrivar, seier Berge.

Han trur behovet for eigne ammerom vil variera på UiB. Mange tilsette har cellekontor. Andre stader finst det stillerom eller møterom som kan nyttast. Slike rom vil det truleg verta fleire av i framtida, trur Berge. Debatten om opne kontorlandskap går i sektoren, òg ved UiB.

– Når ein går over til meir opne løysingar vil ein få andre krav til stillerom og møterom. Dei vil òg kunne brukast som ammerom, seier Berge.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed