Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Avhandlinga vart underkjent, men boka vart prisnominert

Publisert:6. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:26
Elín Bára Magnusdottir vart nominert til ein faglitterær pris på Island for doktorgradsavhandlinga som ikkje vart godkjent. - Eg måtte fjerna noko av avhandlingspreget. Elles er teksten lik, seier ho. Foto: Hilde Kristin Strand

Elín Bára Magnusdottir fekk aldri doktorgrad. Men den underkjente avhandlinga vart nominert til ein faglitterær pris.

– Eg lurer framleis på kva formålet var. Var det nokon som ikkje ville at eg skulle få æra?

Elín Bára Magnusdottir spør. I fjor vart boka hennar «Eyrbyggja saga. Efni og höfundareinkenni» (på norsk «Soga om øyrbyggene. Innhald og forfattarpreg») nominert til ein faglitterær pris på Island, som den faglitterære forfatterforeininga står bak. Om boka skriv foreininga at dette er ein «forståelig analyse av en komplisert saga og dens forfatter, som er sett i sammenheng med maktkampen i sagatiden».

Men i 2012 vart det som seinare vart bokmanus underkjent som doktorgrad. Magnusdottir leverte ei avhandling til vurdering for doctor philos-grad to gongar. Fakultetsstyret sa nei begge gongar.

Nokre andregongsunderkjenningar

På Høyden har bede om innsyn i saker om underkjenning frå alle fakultet. Tala viser at førstegangsunderkjenning ikkje er heilt uvanleg. Frå tid til annan opplever òg nokre kandidatar at doktorgradsarbeidet deira ikkje vert godkjent for disputas. Dersom avhandlinga vert underkjent for andre gong, har ein i utgangspunktet ikkje fleire moglegheiter til levering.

På Høyden skreiv før påske om Ann-Kristin Molde, som framleis ikkje veit om avhandlinga hennar vert godkjent. Fakultetstyret vedtok å be den sakkunnige komiteen om utfyllande kommentarar, og saka er difor utsett. Redaksjonen skreiv òg om ei sak ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Denne saka skal avgjerast i møte 20. april.

– Avhandlinga eg skreiv var ei vidareføring av mastergrada mi. Tilbakemeldinga frå den første komiteen var at eg burde bygga ut litt meir den delen som handlar om forfattarforskinga, men dei sa elles at avhandlinga var bra utarbeidd, seier Magnusdottir.

Ho fekk òg tilbakemelding på at arbeidet var litt for likt det ho allereie hadde levert på Island, og difor burde vidareutviklast ein del.

Magnusdottir forskar på islendingesogene. Etter å ha fått den første vurderinga valte ho å bygga ut avhandlinga med å jobba meir med nettopp forfattarforskinga.

– Me veit lite om opphavet til islendingesogene, og difor har forfattarspørsmåla alltid vore eit sentralt tema innan sogeforskinga. I avhandlinga gjorde eg ein litterær og stillistisk analyse av «Erbyggja saga» og samanlikna med Sturla Tordsson sine litterære verk, seier Magnusdottir.

Tordsson skreiv soga om Håkon Håkonsson, og han har lenge vore rekna som ein mogleg forfattar av soga omn øyrbyggjene òg. Magnusdottir sine resultat peikar sterkt i retning av at det er Tordsson som har skrive denne soga – og kanskje fleire andre soger.

– Eg brukar moderne datateknologi til å utføra dei stillistiske undersøkingane. No ser ein at fleire andre forskarar på Island har byrja gjera det same i forfattarforsking, seier Magnusdottir.

Kva hensikter har andre?

Den sakkunnige komiteen, som no hadde fått to nye medlemmer, var ikkje samde i arbeidet Magnusdottir hadde gjort, og var kritiske til metodane forskaren nytta. Dei meinte avhandlinga ikkje kunne godkjennast. Fakultetsstyret ba om utfyllande kommentarar frå komiteen, men valte til slutt å endeleg underkjenna avhandlinga.

Magnusdottir understrekar at ho har kome over underkjenninga no, takka vera den gode mottakinga boka har fått. Ho har undervist litt i islandsk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og jobbar no med ei ny utgiving av «Flatøybok». Ho har halde fram med forfattarforsking, har publisert to artiklar og søkjer no om midlar slik at ho kan skriva ei ny fagbok. Ho planlegg òg å søkja forskarstillingar, sjølv om det kan vera vanskeleg å få slike stillingar utan å ha doktorgrad.

– Det eg har lært, er at det òg innan akademia finst personar som ikkje jobbar skikkeleg. I utgangspunktet stolar ein på menneske. Men ein kan ikkje vita kva hensikter andre har. Handla denne underkjenninga om meg? Eg hadde ikkje fast stilling då eg leverte avhandlinga eller ein rettleiar som kunne backa meg opp. Hadde det noko å seia? Eg må berre ærleg innrømma at eg ikkje veit kva som skjedde med mi sak, seier ho.

Leverte på nytt etter to år

– Det er fare for at det er dei beste som vert straffa hardast. Dei som har noko genuint nytt å koma med.

Det seier Grethe Fatima Syéd. I 2012 disputerte ho med ei avhandling om Olav Duun. Men vegen dit vart lang. Frå ho fekk underkjent avhandlinga gjekk det to år før ho klarte å levera på nytt.

– I sum er eg glad. Glad for det eg lærte i prosessen, glad for å ha ein doktorgrad og glad for å ikkje lenger jobba i akademia. Men ein går fullstendig i kne når ein får eit slikt arbeid underkjent, seier Syéd.

Den første komiteen meinte at ho som forfattar viste for mykje i teksten. Ho fekk òg kritikk for å ikkje ta nok omsyn til eksisterande Duun-forsking.

– Ei innvending som kom frå ein konkurrerande Duun-forskar. Det som i klårtekst sto var jo: Du tar ikkje nok omsyn til meg. Dermed hadde eg to krav: Å levere kvalitet, og samstundes inkludere noko som ikkje var godt nok. Då er ein i ein god skvis. Eg trur mange HF-fag står i ei særstilling. Det kan vanskeleg dokumenterast – ein står ikkje i ein lab, seier Syéd.

Ho leverte avhandlinga som ein monografi, og seier i ettertid at ho var naiv.

– Underkjenninga kom heilt overraskande. Eg burde nok i større grad prøvd å ha ein finger med i spelet når det galdt kven som faktisk skulle sitja i komiteen. Praksis her verkar vilkårleg, i nokre tilfelle kan det verka som kven som sit i komiteen er eit bestillingsverk frå kandidat og rettleiar i fellesskap.

Skryt for boka

Syéd er i dag frilans litteraturvitar, noko som betyr at ho mellom anna jobbar som konsulent, skriv sjølv, har verv og arrangerer bokbad. I 2015 kom boka «Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter». «Etter min mening et enestående stykke litteraturformidling», skreiv Per Egil Hegge i Aftenposten om boka som byggjer på doktoravhandlinga.

Men vegen fram til godkjent avhandling vart lang. Syéd skildrar korleis ho jobba som timelærar og streva med avhandlinga på si.

– Arbeidet gjekk bakover. Eg fekk beskjed frå komiteen om at eg hadde for mange fotnotar. Eg enda opp med fleire. Men så kom professor Erik Bjerck Hagen og tok tak i saka. Det hadde aldri gått utan han, seier Syéd.

Som Magnusdottir er ho kritisk til korleis ei underkjenning kan vera avhengig av enkeltpersonar.

– Det handlar både om person, ideologi og fagpolitikk. Folk sit på kjepphestane sine, seier Syéd.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed