Åmås: Håper på Høyden held fram

Publisert:5. april 2018Oppdatert:17. april 2018, 22:40
Det bør finnast eigne, frie universitetsaviser lokalt, meiner direktør for stiftinga Fritt Ord, Knut Olav Åmås.

UH-sektoren er dramatisk underdekt, meiner «oppfinnaren» av På Høyden, Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås.

UiB-leiinga er i forhandlingar med OsloMet - Storbyuniversitetet om å innlemme På Høyden-redaksjonen i Khrono.

– Det er veldig vanskeleg å kommentere prinsipielt ei sak som er så uavklart, men dette er heilt klart ei særs viktig sak for ein stor sektor i samfunnet. UH-sektoren er dessutan dramatisk underdekt journalistisk i allmenne medium. Då er alt som finst av frie aviser i sektoren sjølv, vitalt - føresett at dei er gode og kompetente, ikkje lettvinte og tabloide, seier Åmås, direktør for stiftinga Fritt Ord.

– Store UH-miljø

Etter at OsloMet gjekk ut med invitasjon til ei rad institusjonar i sektoren til å bli medeigarar i Khrono, er det no berre UiB-leiinga som framleis ønskjer å bli med vidare. Universitetsstyret ved UiB skal 31. mai ta stilling til saka. 

Åmås trur det ville vere fint med ei avis med nasjonale ambisjonar på feltet.

– Men med så store UH-miljø som det finst særleg i dei 5–6 største byane, er det klart det også bør finnast eigne, frie universitetsaviser lokalt der. Slik sett håper eg prinsipielt at På Høyden held fram. Men eigarane avgjer - og skal det heile endrast, er det avgjerande for samfunnet med alt vi nyttar av ressursar at det blir minst like mykje kritisk, god og uavhengig journalistikk om enkeltinstitusjonane som før, seier Åmås.

Opphavsmann

Det er Åmås som er opphavsmannen til namnet På Høyden. Han var redaksjonssekretær i dåverande UiB-magasinet frå 1989-1994 og arbeidde tett med informasjonsdirektør Arne Abrahamsen og første redaktør i På Høyden, Rønnaug Tveit, med å skape og forme avisa i 1992-93.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed