50 konkurrerer om 22 stillingar ved HVL

Publisert:24. april 2018Oppdatert:24. april 2018, 06:16
Styremøte for interimstyret til Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Møllendalsveien 6-8. Tage Båtsvik Foto: Tor Farstad

Høgskulen på Vestlandet er i ferd med å tilsetje leiarar ved fakultet og avdelingar. Berre interne kan søkje, og til nokre av stillingane er det berre éin søkjar.

Basert på søkjartala kan det likevel bli godt med kvinner blant dei nye leiarane på den samanslåtte høgskulen: 32 av søkjarane er kvinner, mens 18 er menn.

Talet på søkjarar varierer mellom 1 og 8. Til to av stillingane var det berre ein søkjar, mens til fem stillingar var det to søkjarar.

Ingen skal måtte flytte

Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik er glad over at høgskulen no får fylt leiarstillingane.

– Vi er nøgde med søkjartilfanget, og det er kvalifikasjonsprinsippet som gjelder.

I fusjonsplattforma låg det fast at stillingane skulle utlysast internt, med mindre det var særlege grunnar for å hente inn ekstern kompetanse.

Det er og slått fast som prinsipp at dei som blir tilsette som leiarar skal kunne jobbe der dei ønskjer, då ingen tilsette skal måtte flytte som ei følgje av fusjonen.

– Først og fremst er dette ein tryggleik for at folk ikkje skal måtte flytte. Vi har mange stillingar og funksjonar vi kan utlyse heilt uavhengig av geografi, seier Båtsvik.

Klar i løpet av få veker

Det finst og jobbar der nokre søkjarar har fortrinnsrett til stillingane, til dømes dersom personen allereie har den same stillinga, eller ei stilling som liknar.

 – Det er fullt trøkk med interjvu desse vekene, så håper vi at størstedelen skal vere på plass inn mot 1. juni, seier Båtsvik.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed