Viser fram kvinneleg fotografgründer

Publisert:8. mars 2018Oppdatert:8. mars 2018, 14:06

Agnes Nyblin var berre 17 år då ho begynte i fotograflære. Nokre år seinare var ho enke, småbarnsmor og dreiv sitt eige fotostudio.

– Agnes Nyblin var nok ei karrierekvinne. Ein tenkjer at mykje var styrt av menn, men ein ser mange kvinnelege gründarar på denne tida.

Det seier Morten Heiselberg. Han er seniorkonsulent og fotograf ved Universitetsbiblioteket si biletsamling. I dag, sjølvaste 8. mars, opnar utstillinga om nettopp Agnes Nyblin. I vindauga på Stein Rokkans hus kan ein sjå nokre av fotografia ho tok frå 1880-talet.

Reiste til Stockholm

Berre 17 år gamal begynte Nyblin, som den gong heitter Janson, i fotolære hos Johan von der Fehr. Seinare jobba ho for Markus Selmer, kanskje den største av bergensfotografane på den tida. Han ba henne reisa ut i verda, og Agnes Janson reiste til Stockholm for å jobba for ein av hoffotografane. Her trefte ho Karl Anton Nyblin, som var av fotografslekt frå Austlandet. Saman reiste dei til Bergen og opna studio i 1893.

Fotostudioet fekk namnet K. Nyblin, men det var i hovudsak Agnes som jobba der. I 1894, berre ni månader etter at dei gifta seg, døydde Karl Anton brått. Den unge enka sat att med ei lita dotter og eit fotostudio.

– Ho greidde å driva det bra, seier Olaf Knarvik, seniorkonsulent ved biletsamlinga.

15 000 kundar

Å gå til fotograf var noko mange gjorde på slutten av 1800-talet. Mellom 1893 og 1897 vart det fotografert 15 000 personar i studioet på Torgallmenningen.

– Agnes Nyblin var mest kjent for studiofotografering. Ofte var det kvinner og barn som kom. Ho hadde eit litt fornemnt studio, mellom anna med fleire malte bakgrunnar ein kunne velja mellom, fortel Heiselberg.

Dei fotografia som vart tekne vart mellom anna trykt opp som små visittkort. Desse delte ein ut til venner og kjende – og fekk bilete tilbake.

– Men i tillegg til å ha studio i sentrum var det mange fotografar som reiste rundt og sette opp ad hoc-studio ulike stader, seier Knarvik.

Bybrannen øydela

I 1898 vart den store Landsutstillingen i Bergen arrangert. Agnes Nyblin vann konkurransen om å vera fotograf for utstillinga, som var ei stor mønstring for både handverk og næringsliv. Nyblin fekk sett opp ein eigen paviljong i Nygårdsparken. Der viste ho fram bilete og hadde i tillegg atelier  - og tjue tilsette i sving.

– Ho hadde mellom anna fått tak i ein fotoautomat som kunne framkalla bilete på åtte minutt, fortel Knarvik.

I 1911 overlet Agnes Nyblin verksemda til ein yngre bror. Sjølv hadde ho gifta seg på nytt allereie i 1899 og fått fire barn.

I 1916 herja den store bybrannen Bergen sentrum. Huset der fotoatelieret var, brann ned. Det betyr òg at mange av bileta forsvann.

– Det me har her ved biletsamlinga i dag er stort sett gåver og materiale innsamla frå andre. Me har ikkje negativar verken frå Nyblin eller fleire av dei andre kjente bergensfotografane frå denne tida, seier Heiselberg.

– Kvifor opnar de denne utstillinga akkurat på kvinnedagen?

– Dei kvinnelege fotografane er ikkje så ofte trekt fram. Det var nok mange som ikkje visste at det bak namnet K. Nyblin skjulte seg ei kvinne, seier Knarvik.

– Men Agnes Nyblin var nok ei kvinne som familien tidleg bestemte seg for at skulle få gjera noko utav seg. Ho vart jo sendt åleine til Stockholm som veldig ung.

– Kor god fotograf var ho?

– Ho var ein god fotograf. Men ho var nok like mykje ei god forretningsdame, seier Heiselberg.

Hos UB si digitale biletsamling Marcus kan ein finna fleire bilete frå Agnes Nyblin.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed