Vil visa moglegheiter og utfordringar ved eit grønt skifte

Publisert:2. mars 2018Oppdatert:2. mars 2018, 06:00
Kristin Guldbrandsen Frøysa likar å jobba tverrfagleg. Ho er oppteken av å få med forskarar frå ulike fagfelt med på laget innanfor fornybar energi. – Energiforsking og klimaforsking heng òg saman. Men det som er litt interessant er at ein kan vera klimaskeptikar men samstundes interessert i fornybar energi som solkraft, seier ho. Foto: Hilde Kristin Strand.

Energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa vil visa omverda kva kunnskap UiB-forskarar faktisk sit på om fornybar energi.

– Kva skjer dersom alle bileigarar bestemmer seg for å kjøpa elbil? Og kva skjer dersom alle som skal reisa på jobb reiser kollektivt?

Det er Kristin Guldbrandsen Frøysa som spør. Ho er nytilsett energidirektør ved UiB, og kjem frå stillinga som direktør for CMR sitt Forskingssenter for miljøvennleg energi (FRME), Norcowe, Norwegian Centre for Offshore Wind Energy. På UiB skal ho arbeida med fornybar energi og energiomstilling.

– UiB har mykje kunnskap om energi, energiomstilling og fornybar energi. Dette er kunnskap som langt på veg er underkommunisert, seier Guldbrandsen Frøysa.

Matematikar

Frøysa har doktorgrad i anvend matematikk frå UiB. Men stillinga ho no har fått er ikkje ei forskarstilling.

– Men det er ikkje ei administrativ stilling i den forstand at eg skal administrera nokon, forklarar Guldbrandsen Frøysa.

Formelt sett er ho tilsett som fagdirektør, ei stilling som krev ein fagleg bakgrunn. Hovudoppgåva vert å formidla kva UiB forskar på og kan om fornybar energi. Mottakarar kan vera både verksemder innanfor industrien, men òg næringsråd, kommune, fylkeskommune og elles samfunnet rundt.

– Ei av oppgåvene mine vert å verta eit kontaktpunkt mellom ulike miljø innanfor fornybar energi og energiomstilling, seier Guldbrandsen Frøysa.

Dei siste åra har ho vore førsteamanuensis II ved Geofysisk institutt, særleg knytt til Bergen Energy Lab. Ho meiner at mykje av kunnskapen UiB-forskarar sit på, er underkommunisert. Det vil ho gjera noko med.

– Det handlar om å gjera ulike aktørar merksame på kva me kan. Nokre gongar er det nokon som treng forskingsresultat, andre gongar kan det handla om generell fagkunnskap, seier Guldbrandsen Frøysa.

Tverrfagleg

Ho er oppteken av at energiforsking er eit tverrfagleg felt. Dersom ein går attende til spørsmålet om elbilen: Dersom alle vel denne typen bil, vil det krevja annan infrastruktur enn i dag. Men kva skal til for at fleire vil velja elektriske bilar? I dag er det lønsomt for bilistar å velja denne typen køyretøy, kva skjer dersom det ikkje lenger er det?

– Innanfor energiforskinga treng ein både økonomar, juristar og samfunnsvitarar i tillegg til naturvitarar og ingeniørar, seier Guldbrandsen Frøysa.

 Tore Furevik er professor og leiar ved Bjerknessenteret. Han er no òg klimadirektør ved UiB.

– Me kjem til å jobba tett saman, seier Guldbrandsen Frøysa.

Førebels har ho begynt i førti prosent ved UiB, samstundes med at ho avsluttar arbeidet sitt ved CMR.

Vil visa UiB i hovudstaden

Jobben som energidirektør vil innehalda ein god del reising og mykje møte. Guldbrandsen Frøysa meiner det er viktig å treffa menneska i regionen. Men ho ønskjer òg at UiB-forskarar skal verta meir synlege i hovudstaden, og seier at det heilt klart ligg i korta at ho skal driva med lobbyverksemd.

– Eg vil legga til rette for at dei som skal ta avgjerdsler på nasjonalt nivå er godt orienterte om kva UiB kan tilby. Mellom anna vil eg arbeida for at UiB vert betre representert i Forskingsrådet, seier Guldbrandsen Frøysa.

Ho ønskjer òg å få meir kunnskap ut til mellom anna politiske miljø.

– Ofte synest eg politiske debattar vert tekne på sviktande faktagrunnlag. Her kan me visa fram kunnskapen vår. Men å ha møte med ulike aktørar og spørja korleis me kan hjelpa dei, er ikkje ein dialog kvar enkelt forskar kan ta. Her kan eg vera eit bindeledd som kan vera med på å få ut relevant informasjon.

I CMR har Guldbrandsen Frøysa vore med på å drilla forskarar i korleis dei skal formidla til menneske som ikkje har same fagbakgrunn som dei sjølve. Ho er oppteken av at ein skal forklara på ein presis og overordna måte.

– Å popularisera betyr ikkje å vera unøyaktig, understrekar ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed