Vera eller ikkje vera for senteret i Aten

Publisert:14. mars 2018Oppdatert:14. mars 2018, 06:00
Biletet viser tempelet Parthenon, som ligg i akropolis i Aten. Foto: flickr.com/Henning Supertramp

Det norske institutt i Aten må få redusert budsjettramme og tydelegare definerte oppgåver. Dersom dette ikkje let seg gjera, bør instituttet leggast ned.

Dette er tilrådinga i ein rapport som er laga på oppdrag frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo etter at både NTNU og Universitetet i Tromsø har valt å trekkja seg frå samarbeidet om senteret, som vart oppretta i 1989.

– Utifrå den bruken som er i dag, meiner me at det ikkje er formålstenleg å gi meir ressursar til senteret enn me gir i dag, seier Margareth Hagen.

Ho er prorektor ved UiB og har leia arbeidsgruppa som har laga rapporten.

Betalar 1,4 mill

UiT trekte seg ut med verknad frå 1. januar i år. Summen universitetet har betalt til det norske instituttet har vorte delt med dei andre. Det betyr at UiB sin del i år har auka med nesten 300 000 kroner – til 1,4 millionar. Men summen vil auka endå meir frå neste år når òg NTNU trekkjer seg – dersom noko ikkje vert gjort.

I rapporten står det at store deler av den faglege aktiviteten som instituttet legg til rette for, vert gjort av personale utanfor eigarinstitusjonane. Det betyr at instituttet vert eit tilbod tilsvarande nasjonal infrastruktur med låg brukarbetaling.

«En videreføring innenfor dagens rammer vil da gjøre at UiB/UiO ytre infrastruktur og fungerer som administrativ tilrettelegger for andre institiusjoners forskning- og undervisningsaktivtet. Til en viss grad er dette akseptabelt, men arbeidsgruppen vil ikke anbefale en videreføring der UiO/UiB overtar NTNU/UiTs økonomiske forpliktelser etter at disse har trukket seg ut», heiter det.

Det norske instituttet er eitt av fleire utanlandske senter som held til i Aten. Kvart av dei har løyve til inntil seks arkeologiske prosjekt. Per i dag er ingen av prosjekta frå det norske instituttet leia av UiB-forskarar. Arbeidsgruppa skriv at klassisk arkeologi ikkje er eit stort fagfelt verken ved UiO eller UiB, og peikar på at det er andre fag som kan ha potensiale for forskingsaktivitet med utgangspunkt i senteret: Religionvitskap, gresk, kunsthistorie, idehistorie og teologi. Det vert òg peika på at dagens politiske situasjon i Europa, med Hellas som EU si yttergrense, kan opna for forskingsprosjekt.

– Det viktige er at utanlandssentra er til for forskarane  - ikkje omvendt. Det må ikkje verta slik at forskarane føler at dei må jobba med eitt bestemt emne, eller bruka senteret – fordi ein har eit slikt senter, seier Hagen.

– Me meiner at ein ikkje kan legitimera å halda oppe dagens storleik på senteret berre i kraft av arkeologi, legg ho til.

Annan mobilitet

Senteret i Aten er snart 30 år. Førre veke vart det kjent at styret ved det norske universitetssenteret i St. Petersburg meiner at drifta ved senteret bør avviklast. Hagen har tidlegare peika på at utanlandssentra vart etablert i ei anna tid.

– Verda har endra seg litt sidan 1989?

– Akropolis står jo framleis der, smiler Hagen.

– Men ja, mykje har endra seg. Både forskarmobilitet og studentmobilitet er heilt annleis, mellom anna gjennom erasmus-programmet. Dersom ein forskar vil ha kontakt med ein annan forskar i Aten, brukar ein forskarkontaktane sine – ikkje nødvendigvis det norske insituttet. Eg meiner at ein ikkje nødvendigvis skal tenkja på desse sentra som ein del av internasjonaliseringa, men heller som ein del av infrastrukturen ved eit universitet.

Rapporten om senteret i Aten vert no sendt til både UiO og UiB. Hagen seier at det deretter vert ei avgjersle på rektornivå.

– Me veit førebels ikkje korleis UiO vil konkludera.

– Kva skjer dersom dei òg vil trekka seg?

– Då er det nok slutt.

I 2016 vart det laga ein felles rapport for alle utanlandssentra. Hagen seier at ho ikkje har fått noka sak om dei andre sentra på sitt bord no.

– Noko av det me har konkludert med tidlegare, er at me ikkje kan sjå alle sentra under eitt. Dei er ulike både i organisering og bruk, seier Hagen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed