Opnar døra til framtida

Publisert:8. mars 2018Oppdatert:8. mars 2018, 06:00
Vanessa Jarlind vil gjerne bli barnesjukepleiar. På Åpen dag lærte ho meir om korleis ho kan kombinere sjukepleieutdanning med andre fagfelt. Foto: Njord V. Svendsen

No skal elevane frå vidaregåande skule velje seg ei framtid. Åpen dag hjelpte dei på veg.

Det er første gong utdanningsinstitusjonane i Bergen går saman om å arrangere Åpen dag.

– Planen er å bli sjukepleiar, seier Vanessa Jarlind frå Laksevåg videregåande skole. Ho har vore på foredrag om sjukepleieutdanninga på Høgskulen på Vestlandet (HVL), og deretter skaffa seg innblikk i Psykologi og pedagogikk ved Universitetet i Bergen (UiB). Det viser seg å vere ein fruktbar kombinasjon.

– Eg har oppdaga at ei sjukepleiarutdanning kan føre til mange fleire typar arbeid enn det eg visste. Ein kan jobbe både på sjukehus og sjukeheim, men også i skulen. Eg vil gjerne jobbe med barn, seier Jarlind. 

Samarbeid

Ho fekk også med seg den etter kvart så kjente Snapchat-helsesøstera Helsesista sitt foredrag. 

– Ho fortalte at ho ikkje ante at det var dette ho skulle drive med då ho tok utdanninga si, seier Jarlind.

Gjennom ei rad arrangement på Åpen dag fekk elevane innblikk i kva som skjuler seg bak dei faglege merklappane, frå Maskin- og marinfag til Filosofi og retorikk. Meir enn 80 postar stod på programmet. I tillegg til HVL og UiB, stod NHH, NLA Høgskolen og VID vitenskapelige høgskole bak arrangementet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed